2020

KM for barn og ungdom 17. og 18. oktober
Lørdag spelte dei to yngste gruppene KM, Monir (gr. G) og Anders (gr. F) var med frå Masfjorden. Søndag spelte dei fem eldste gruppene. Shjalg Ole sigra i gr. A og Roy André med tredjeplass,  Kasper på tredje i gr. C. Abed (gr. C) og Aya (gr. D) fekk óg med seg pokal heim
. Resultatlister.

Fagernes Chess International 2020 4.-11. oktober
Sigve (2133) speler i GM-gruppa på Fagernes, han fekk ein fin start med remis mot IM Tor Fredrik Kaasen (2386) i første og siger mot Afras Mansoor (2117) i andre runde. I tredje og fjerde tap mot IM Benjamin Haldorsen (2469) og WGM Olga Dolzhikova (2208). I femte runde tap mot FM Elham Abdulrauf (2362), i sjette siger mot Sondre L Melaa (2210) og tap i sjuande mot FM Gunnar Lund (2302). I åttande siger mot FM Andre Z Nielsen (2218), i niande og siste runde siger mot Dion Krivenko (2047).
Alt i alt ei bra turnering for Sigve med ein ratingframgang på knappe 30 poeng. Resultatliste. Sigve.

Offerspill Nordic Invitational 21.-29. august
Sigve (2149) tok turen austover for å spela 9 runder mot god motstand. I første runde tapte han mot IM Tor Fredrik Kaasen (2394), i andre siger mot lågare rata og i tredje siger mot ein dansk FM (2310). Til slutt eit resultat litt under forventa.  Sigve. Resultatliste. Live.

Kasper var på treningssamling med m.a. GM Kjetil A. Lie helga 14.-16. august. Han har i tillegg spelt nokre turneringar på nett med gode resultat.

Bergen spillfestival 31.7-8.8.20 Program.
Fleire av spelarane våre var med i turneringar under spillfestivalen. Sigve og Kjetil kom på tredje- og fjerdeplass i Hansamesterskapet. Odd, Sigve og Kjetil spelte i NM i Cafésjakk.

Offerspill Bergen Hurtig NGP 4.-5.8.20
Sigve spelte seg til førsteplass i klasse 1 og femteplass i gruppa på 39 spelarar. Kasper sigra i klasse 4 og kom på 19. plass totalt, med ein ratingframgang på 60 poeng.

Junisjakken i Bergen 2020
Sigve sigra med 4 av 4 poeng i langsjakk i Bergen. Resultatlister.

NM for jenter 28.2 - 1.3 i Bergen
Madelein og Meryem var med frå Masfjorden SKU i klasse miniputt
. Resultatlister.

Kragerø Resort Chess 2020 19.-23. februar
Sigve (2076) spelte i Title Group i den internasjonale turneringa i Kragerø, han imponerte stort i dei seks første av 9 runder. Remis mot IM Johannes Haug (2426) i første og siger mot ein lavare rata (1966) spelar i andre. I tredje runde siger mot FM Andreas G Tryggestad (2380), tap i fjerde mot IM Benjamin Haldorsen (2462). Siger mot GM Jha Sriram (2383) i femte og siger i sjette mot GM Helgi Ass Gretarsson (2403). Det vart tap mot IM Kristian Stuvik Holm (2467) i sjuande og tap i åttande mot IM Lars Oskar Hauge (2472). Det kunne blitt IM napp med siger i niande og siste runde, desverre blei det tap mot WFM Viktoria Radeva (2320). Alt i alt ei flott turnering av Sigve med ratingframgang på 57 poeng og prestasjon på 2364. Sigve. Resultatlister.

Festival International Go-Makkah de Djerba-Open 16.-23. februar
Arn-Tore var i Tunisia og spelte sjakk som ein del av turen. Resultatliste.

Masfjorden Grand Prix 14. - 16. februar
Turneringa hadde 38 spelarar fordelt på 3 grupper. I gr A sigra FM Joachim Solberg (2241), Alta med 4 av 5 poeng, IM Erlend Mikalsen (2364), Alta på andre og Afras Mansoor (2105), Søråshøgda på tredje - begge med 3.5 poeng. Markus Westvik (1344), Søråshøgda sigra i gr B med 4 av 5 poeng, Shjalg Ole Næss (1607), Masfjorden på andre og David Hellesøy (1316), Folgefonn på tredje spelte seg begge til 3.5 poeng. Alexander Aasen (1223), Haukås sigra i gr C med 4 av 5 poeng, på andreplass med samme poengsum kom Siver Flaten (-), Søråshøgda og på tredjeplass Brian Mapakamise (-), Masfjorden/ZIM med 3.5 poeng. Resultatlister.
 

Masfjorden Lyn 2020 lørdag 15. februar
Lørdag kveld vart det spelt 10 runder Fide-rata lynsjakk, med heile 39 spelarar i ei gruppe. IM Erlend Mikalsen (2368) sigra på kvalitet med 9 poeng, IM Kjetil Stokke (2387) på andreplass og FM Joachim Solberg (2330) på tredje med 7.5 poeng. Joakim Aasen (1720) imponerte med fjerdeplass og ein ratingframgang på 86 poeng. Heine Aa Tveranger (1357) vart beste masfjordspelar på niandeplass med 6 poeng og ein ratingframgang på 77 poeng. Brian Mapakamise vart beste urata spelar med 5 poeng og ratingprestasjon (1450). Resultatliste.
 

Hurtigsjakk lørdag 15. februar
Jonathan E. Larsen sigra, Jonathan Gravdal på andre og Bella Marie Young på tredje av 16 spelarar i yngste gruppe. Shjalg Ole Næss sigra i eldste (spelarar med rating) gruppe. Resultatlister.

Sørås Superonsdag 5. februar
Odd i gr. A og Roy André i gr. B spelte hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 3.5 av 5 poeng og fjerdeplass (same poengsum som andre- og tredjeplass). Resultatlister.

Vestlandsserien 2019/20
Resultatliste for Masfjorden 1 og 2: Vestlandsserien.

NM i lynsjakk 10. januar
Sigve (gr. A) og Kasper (gr. B) spelte 9 runder i NM i lynsjakk i Drammen fredag kveld.
Kasper (1295) imponerte med ein 13. plass av 167 i gr. B (5. plass i klasse 3), han spelte seg til 6.5 poeng mot eit ratingsnitt på (1703) og auka eigen rating med 113 poeng! 
Sigve (1949) spelte seg til 5 poeng og 4. plass i klasse 1 ( 38. plass av 98 i gr. A).

LynsjakkResultatliste AResultatliste B. Resultatliste C.

NM i hurtigsjakk 11.-12. januar
Lørdag og søndag var det 10 runder i NM i hurtigsjakk (det var over 400 spelarar påmeldt i begge turneringane).
Kasper (1124) spelte seg til 3.5 av 10 poeng i gr. B og ein ratingframgang på 54 poeng. Sigve (1846) spelte seg til 5.5 poeng i gr. A og Ola (-) 2.5 poeng i gr. C.

HurtigsjakkResultatliste A. Resultatliste BResultatliste C.

Søråshøgda Superonsdag 8. januar
Sigve (gr. A) og Roy André (gr. B) spelte fem runder hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 4 av 5 poeng, tredjeplass av 24, pengepremie og ratingframgang. Sigve spelte seg til 4 av 5 poeng, fjerdeplass av 18 og pengepremie. Rekordmange 42 spelarar stiller til start på Søråshøgda skole. Resultatlister.

2019

Bergens desemberlyn 2 10. des
Sigve spelte seg til ny siger med 6.5 av 7 poeng i lynsjakk tirsdag kveld, etter mellom anna siger mot IM Kjetil Stokke
. Resultatliste.

Juleavslutning 2019
Lørdag 7. desember arrangerte klubben juleavslutning med hurtigsjakk, julegraut, pepperkaker og premieutdeling. 16 barn og unge var på plass i gymsalen på Sandnes skule, dei spelte 6 runder hurtigsjakk med matpause etter 3 parti. Til slutt var det premieutdeling for hurtigsjakken (på bilete det avgjerande partiet mellom Kasper og Shjalg Ole i sjette runde) og lynsjakk hausten 2019. Førsteplassen i yngste gruppe i lynsjakk vart avgjort med stikkamp mellom Jonathan L og Monir med 2 - 1 siger til Jonathan.

Resultatlister
Lynsjakk A                                Lynsjakk B                     Hurtigsjakk 7. des
1. Kasper        117 poeng          1. Jonathan  54 poeng     1. Kasper        5 poeng
2. Roy André   74                     2. Monir       54               2. Shjalg Ole   4.5
3. Heine           62                     3. Madelein  52               3. Jonathan G   4.5
+ 5 spelarar                               + 10 spelarar                   + 13 spelarar Resultatliste.

Bergens desemberlyn 2 10. des
Sigve spelte seg til ny siger med 6.5 av 7 poeng i lynsjakk tirsdag kveld, etter mellom anna siger mot IM Kjetil Stokke
. Resultatliste.
 

Bergens desemberlyn 1 3. des
Sigve sigra med 7 av 8 poeng i lynsjakk tirsdag kveld. Resultatliste.

Senior VM 12.-23. nov
Odd tok turen til Bucuresti saman med 12 andre norske spelarar for å kjempa om poeng i VM for seniorar. Alle spelte i klasse M65. Det vart tap mot ein FM i første runde av 11. Etter tre innleiande tap, vart det siger i fjerde og femte runde. Det vart tap i runde seks, sju og åtte, siger i niande. Odd avslutta med tap i tiande og siger i ellevte, med 4 av 11 poeng eit resultat litt lågare enn forventa.  Resultatliste. Odd. NOR.

Bergen Grand Prix 15.-17. nov
Sigve stilte til start i gr. A i Bergen. Pga begrensinger på antall deltakarar på Nordnes Bydelshus var han den einaste masfjordspelaren denne gongen. Resultatlister.

Vestlandsserien 2.-3. nov
Vestlandsserien starta med 3 runder denne helga, to lørdag og ein søndag. Masfjorden har denne sesongen med to lag, eit i førstedivisjon og eit andredivisjon (2A). Masfjorden 1 opna med tap mot Haukås 1 og siger mot Bergens 3 lørdag, og tap mot Sotra 1 søndag. Andrelaget hadde w.o. i første og tapte mot Søråshøgda 3 i andre. Søndag sigra andrelaget med solide 3.5-0.5 mot Løperen. Seriesjakken blir avslutta helga 17.-19. januar. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk 30. okt
Sigve med perfekt score onsdag kveld med 5 av 5 poeng i gr. A. Resultatliste.

KM for ungdom søndag 20. okt.
Ni spelarar frå Masfjorden SKU stilte i 5 ulike årsklassar i KM for ungdom på Skranevatnet skole (Heine, Kasper, Abed, Jonathan G., Aya, Kristin, Anders, Madelein og Monir). Ingen av våre kjempa heilt i toppen i sine klassar. Kasper med fjerdeplass i gr. C og Jonathan på sjette i gr. D var dei beste prestasjonane av våre (på bilete er dei yngste klar for premieutdeling). Resultatlister.

NM for
seniorar 5. og 6. okt.
Odd spelte NM i hurtigsjakk for senior i gr. 65+ lørdag og søndag. Pga. lågt deltakartal var dei slått saman med 50+ (premiert kvar for seg). Odd spelte seg til 5 av 9 poeng og fjerdeplass. Resultatliste.

Oktoberfest Lyn 4. okt.
Sigve spelte lynsjakkturneringa på Sandsli fredag kveld. Resultatliste.
Etter lynsjakk, spelte Sigva Hansasjakk-turnering. Resultatliste.

Sørås SuperOktober 2. okt.
Odd og Kasper spelte 10 runder lynsjakk i gr. A på Søråshøgda skole. Begge tok 4.5 poeng og Kasper auka lynratinga med 45 poeng. Roy André og Markus spelte 9 runder i gr. B, Roy André spelte seg til 6 poeng og sjetteplass av 23. Resultatlister.

Schleswig-Holstein Senior 19.-27. sept.
Odd (1731) reiste til Tyskland saman med sju andre nordmenn for å spela seniorturnering. I første runde slo han til med siger mot ein tyskar med (2038) i rating, remis mot (2009) i andre. Mot den tredje 2000+ spelaren på rad vart det tap. Tap i fjerde og remis i femte, begge parti mot høgare rata motstand. Siger mot lågare rata i sjette runde og siger mot (1894) i sjuande. Tap mot (1972) i åttande og remis mot (1924) i niande og siste runde fredag. Med 40 nye ratingpoeng med seg i kofferten og plassering 50 plassar høgare enn rangert, ser dette ut til å vera ei av dei beste turneringane dei siste åra! Resultatliste. Odd. NOR.

Sørås SuperSeptember 4. sept.
Odd (gr. A), Kasper (gr. B) og Roy André (gr. B) spelte 9 runder lynsjakk på Sandsli. Kasper med perfekt score i gr. B, 9 av 9 poeng, førsteplass og pengepremie. Resultatlister.

Langsjakk
for barn og unge på Sotra 31. aug - 1. sept.

Siger i onsdagshurtigsjakk - august 2019
Sigve sigra på kvalitet med 4 av 5 poeng i Bergens si hurtigsjakkturnering onsdag 28. aug. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 6-2019 20. aug.
Sigve spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 5-2019 13. aug.
Sigve, Odd og Kasper spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Sigve vart best av masfjordspelarane med 6 poeng og tredjeplass, Kasper 4 og Odd 3 poeng. Resultatliste.

Hell Chess International 3.-11. aug. og RTU Open 5.-11. aug.
Yngve (1864) stod over dei tre første rundane i Trondheim. Han opna med tap mot ein høgare rata motstandar i fjerde og siger i femte. Tap i sjette mot (2159) og siger i sjuande, men avslutta med tap i åttande, niande og tiande runde. Resultatliste.
Odd Helge (1614) reiste til Riga og spelte 6 runder (+ ein w.o.) i RTU Open i gruppe B. Han opna med tap mot 2000+ og to lågare rata. Etter ein tung start vart det siger i fjerde runde, men tilbake til avsluttande tap i femte og sjette (stod over dei to siste rundane). Resultatliste.
Tre nordmenn i gruppe A (GM Tari, GM Salomon og M. Machlik), resultatlisteNOR.

Bergen Sommerlyn 4-2019 6. aug.
Sigve, Odd, Roy André og Kasper spelte lynsjakk tirsdag kveld. Sigve på tredjeplass med 6.5 av 9 poeng (sigra mot dei to som kom på første- og andreplass). Odd 4.5, Roy André 4 og Kasper 3.5 poeng. Resultatliste.

Bergen Spillfestival 26.7 - 4.8
Det vart arrangert ei rekke sjakkturneringar under spelfestivalen. Sigve spelte i fleire av dei m.a.; Bergen Sommer Lyn-NGP 27. aug og Bergen Sommer Hurtig-NGP 28. aug., Sigve med 4 av 6 poeng og siger i klasse 1 i hurtigsjakk!
Måndag 29. juli starta Bergen Sommer Super-NGP med 3 runder hurtigsjakk (Sigve 1.5 poeng), det var langsjakk dei tre neste dagane.
Du finn rapportar og lenke til bilete på Bergens sine heimesider.

Landsturnering 5.-13. juli
Sigve (2092) var den einaste frå Masfjorden SK som var med i Landsturneringa i år, han spelte i klasse Mester og sigra i første runde lørdag 6. juli. I andre runde søndag siger mot FM Ole C. Moen (2234), tap i tredje runde mot FM Anders Hobber (2294). eit tap og ein siger i fjerde og femte runde. Siger i sjette mot FM Gunnar Lund (2285) og remis i sjuande mot (2215). Det vart tap i åttande og niande runde. Live-partier.

NSF sin kongress
Søndag 7. juli fra kl. 17.00 til nesten midnatt, var det kongress (årsmøte i NSF). Odd Helge og Sigve stilte for Masfjorden SK, den foreslåtte avtalen med Kindred vart nedstemt med stort fleirtal.

Nye ratinglister
FIDE har komen med nye ratinglister (1. juli). Sigve er på topp i vår klubb av aktive spelarar. Kasper (bilete) har størst framgang (lynrating) med +167 poeng sidan forrige liste 1. juni!

Sjakkleir og BGP-sigrar
Kasper og Jonathan har denne veka deltatt på sjakk- og idrettsleir på Sandsli, arrangert av Søråshøgda med primus motor Ole Valaker i spissen. Leiren starta måndag 24. og vart avslutta med BGP-turnering fredag 28. juni. Jonathan slo til med 7 av 7 poeng og siger i sin klasse og Kasper sigra med 6 av 7 poeng i lilleputt (slått saman med kadett). Resultatlister.

Bergen Onsdagshurtigsjakk juni 2019
Sigve med 3 av 4 poeng og andreplass i gr. A i hurtigsjakk onsdag 26. juni. Resultatlister. Sigve.

Chess Classics 2019 12.-20. juni
Odd (1709) tok turen til Bad Neuenahr i Tyskland for å delta i ei seniorturnering som ein av 61 spelarar i klasse 75+. Siger i første runde mot (2048)! Tap mot (1817) i andre runde, remis mot (1986) i tredje og tap mot (1967) i fjerde. Ein kjapp siger mot (1490) i femte søndag formiddag, remis mot (1727) i sjette mandag og remis mot (1716) i sjuande tirsdag. Siger i åttande mot (1751), og remis i niande og siste runde mot (1759). Resultatlister.

Odd: 1 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 = 5 av 9 poeng

Sigve sigra i Vestland kretsmesterskap 14.-16. juni
Etter siger i Vestlandslynet lørdag kveld, avslutta Sigve helga med ein ny siger søndag ettermiddag.
Med 4.5 av 5 poeng vart det førsteplass og KM-tittel i gr. A. Resultatlister. Sigve.

Vestlandslynet 2019 15. juni
10 runder lynsjakk på Sandsli. Sigve, KjetilKasper og Shjalg Ole stilte til start frå Masfjorden SK. Sigve (2027) sigra med 9 av 10 poeng, Kjetil (1835) på femte og Shjalg Ole (1484) på sjuande, begge med 6 poeng. Kasper (1038) på tiande med 5.5 poeng og ein ratingframgang på 50 poeng (til saman har han gått fram 167 poeng på dei to siste lynturneringane). Resultatliste.

Rosecupen 2019 15.-16. juni
Lisbeth tok turen til Molde og spelte i gr. A. Lørdag var det tre runder hurtig- (to tap og ein remis) og ein med langsjakk (remis), søndag to runder langsjakk (eit tap og ein siger). Resultatlister.

Sommerlyn 2-2019
Bergens arrangerte lynsjakk tirsdag 11.juni. Sigve spelte seg til andreplass med 6.5 av 9 poeng. Resultatliste.

Sommaravslutning 2019 10. juni
Heile 32 barn, unge og vaksne stilte til start i klubbturnering i hurtigsjakk og sommaravslutning i klubben. Det vart spelt 6 runder hurtigsjakk i to grupper, med innlagt matpause etter tredje runde. Det vart delt ut premiar og diplom for BGP/UGP 2018 (Roy André med førsteplass i klasse ungdom og Shjalg Ole på fjerdeplass i kadett).

Klubbturnering lynsjakk våren 2019:
Gruppe A: 1. Shjalg Ole  2. Roy André  3. Heine og Kasper.
Gruppe B: 1. Monir   2. Jonathan E.L.  3. Emil L.F.

Klubbturnering hurtigsjakk 10. juni
Gruppe A: 1. Shalg Ole 5 poeng. 2. Arn-Tore 5 poeng 3. Sondre 4.5 poeng.
Gruppe B: 1. Jonathan E.L. 5.5 poeng 2. Monir 5 poeng 3. Madelein 4.5 poeng.
Alle fekk pokal (heile resultatlista for hurtigsjakk og fleire bilete på facebooksidene)

Norway Chess Open 2019 7.-9. juni
Sigve (2053) deltok som ein av 55 spelarar i den åpne A-klassen i Stavanger. Det vart spelt 7 rundar, dei tre første rundane (fredag) var det hurtigsjakk og dei fire neste langsjakk. Det vart to sigrar og eit tap i hurtigsjakkdelen. Lørdag eit tap og ein siger, søndag siger mot (2181) i sjette runde og ein avsluttande siger mot (2055). Med 5 av 7 poeng vart det ein sterk åttandeplass. Resultatlister. Sigve. (foto Hanne Høysæter Sekkingstad)

Sigve: 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 1 = 5 av 7 poeng.

Norway Chess Open Blitz 2019 10. juni
Sigve (2028) spelte lynsjakk i gr. A måndag 10. juni. Resultatlister.

Norway Chess Open 2019 7.-9. juni
Sigve (2053) deltok som ein av 55 spelarar i den åpne A-klassen i Stavanger. Det vart spelt 7 rundar, dei tre første rundane (fredag) var det hurtigsjakk og dei fire neste langsjakk. Det vart to sigrar og eit tap i hurtigsjakkdelen. Lørdag eit tap og ein siger, søndag siger mot (2181) i sjette runde og ein avsluttande siger mot (2055). Med 5 av 7 poeng vart det ein sterk åttandeplass. Resultatlister. Sigve. (foto Hanne Høysæter Sekkingstad)

Sigve: 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 1 = 5 av 7 poeng.

Norway Chess Open Blitz 2019 10. juni
Sigve (2028) spelte lynsjakk i gr. A måndag 10. juni. Resultatlister.

NM for klubblag 30. mai-2. juni
Masfjorden sjakklubb stilte som eit av 48 lag i NM i Drammen. Arn-Tore, Odd, Odd Helge, Lisbeth og Kasper kjempa om poeng i 6 runder. I første runde torsdag vart det eit ikkje uventa 0 - 4 tap mot andrerangerte SK 1911 (bilete), i andre runde fredag siger 3.5 - 0.5 mot Søråshøgda. Tap 1 - 3 mot Bodø i tredje runde og siger 2.5 - 1.5 mot Sotra i fjerde. I femte tap 0.5 - 3.5 mot Moss (Kasper imponerte med remis mot 1870), 2 - 2 i sjette runde mot Eiker. Lisbeth hadde best poengfangst med 2.5 av 3 poeng. Resultatliste. Masfjorden SK.

Drammen sjakkfestival lyn 31. mai
Kasper spelte 11 runder lynsjakk fredag formiddag. Med 7 av 11 poeng vart han nr. 12 av 56 i gr. B og andreplass i klasse 5 (bokpremie) + ein ratingframgang på 116 poeng! Resultatliste A. Resultatliste B. Kasper.

Bergens onsdagshurtigsjakk 29. mai
Sigve (1822) spelte seg til ein sterk siger i hurtigsjakk onsdag kveld. Med perfekt score, 4 av 4 poeng og m.a. siger mot IM Kjetil Stokke (2378). Resultatliste. Sigve.

8º Open Internacional Llucmajor 19.-26. mai
Odd (1709) tok turen til Mallorca for å spela sjakkturnering. Han stod over dei to første rundane og tapte mot ein rumenar (2104) i tredje. Siger i fjerde mot (1944), tap i femte mot (2126) og tap mot (1933) i sjette. Remis i sjuande og tap mot (1993) i åttande. I niande og siste runde siger mot (1527) = 2.5 av 7 poeng og opp omlag 10 ratingpoeng. Resultatliste. Odd. 

Bergens SK dugnadslyn 3 21. mai
Sigve spelte seg til perfekt score med 9 av 9 poeng i dugnadslynturneringa tirsdag kveld. Resultatliste. Sigve.

Sandsli BGP søndag 5. mai
Søråshøgda arrangerte BGP-turnering på Sandsli (Ytrebygda kultursenter). Kristin, Alise og Mathea var med frå Masfjorden SKU. Resultatlister.

NM for skulelag 26.-28. april
Sandnes skule stilte lag i barneskuleklassen i Drammen siste helga i april. Kasper, Abed, Markus, Madelein og Ben George tok toget over fjellet for å kjempa om poeng.
I første av sju runder vart det eit knepent 1.5-2.5 tap, i andre 2.5-1.5 siger. I tredje runde tap 1-3, i fjerde runde vart det eit uventa og unødvendig 0-4 tap. Laget slo tilbake med siger 3.5-0.5 i femte runde. 2-2 i sjette runde, i sjuande og siste eit knepent 1.5-2.5 tap. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk 
Sigve spelte seg til 3 av 4 poeng og andreplass i gr. A onsdag 24. april. Resultatlister.

Fagernes Chess International 2019 14.-21. april
Sigve (2024) reiste til Fagernes og var med i den åpne GM-gruppa, i første runde spelte han remis mot IM Eirik Gullaksen (2324), Bergens. I andre runde mandag vart det tap mot IM Erlend Mikalsen (2396), Alta. Tirsdag var det to parti - i første vart det siger mot FM Daniel Nordquelle (2264), Nordstrand, i andre remis mot Olli Sisatto (2276), FIN. I femte runde onsdag vart det tap mot FM André Nielsen (2201), Alta. Torsdag spelte han remis mot Håkon Bentsen (2155), Molde. I sjuande runde fredag tap mot Jens E Ingebretsen (2300), Holmestrand. Lørdag sigra Sigve mot Morten Andersen (2223), DEN. I niande og siste runde siger mot WFM Anita Grønnestad (1954), Bergens. Alt i alt ei god turnering med 4.5 av 9 poeng, ratingprestajon på 2232 og 45 poeng opp i rating. Resultatlister. Sigve. Livebrett.


Fagernes Easter Blitz 2019
20. april
Sigve spelte seg til 5 av 9 poeng i lynsjakk i gr. A lørdag kveld. Resultatlister. Sigve.

Fagernes Easter Rapid 2019 18.-19. april
Sigve spelte seg til 4 av 6 poeng og tiandeplass av 40 spelarar. Han er nok ikkje heilt nøgd med første dag av hurtigsjakken, der det vart eit av tre poeng mot lågare rata motstand. Resultatliste. Sigve.

Masfjorden Senter-BGP/UGP 6. april
Masfjorden SKU arrangerte BGP-turnering i samarbeid med Knarvik senter 6. april (Barn i fokus). Senteret sponsa premiane (alle fekk premie). Strilen (abo) var på besøk! Klassevinnarane: Ungdom: Roy André B. Bogevåg, Masfjorden. Kadett: Sondre Kjelby, Masfjorden. Lilleputt: Jonas Kleppe Borlaug, Sotra. Miniputt: Anna Ovidia Young, Sotra og Mikroputt: Bella Marie Young, Sotra. I tillegg var det 10-12 barn, unge og vaksne innom, dei stilte spørsmål og fekk spela mot medlemmer i Masfjorden SKU og kvarandre. Resultatlister: Masfjorden senter-BGP 2019
 

Bergen onsdagshurtigsjakk 27. mars
Sigve 
spelte seg til førsteplass i gr. A med 3.5 av 4 poeng, dette var den andre onsdagshurtigsjakken i Bergens Schakklub i 2019. Resultatlister.

BGP i Bergen søndag 24. mars (ingen med frå Masfjorden).

KM for skulelag lørdag 23. mars
Sandnes skule stilte med eit lag i barneskuleklassen i KM for skulelag på Liljevatnet skule (Sotra). Kasper (4 av 6), Markus (2 av 6), Madelein (3.5 av 6) og Ben George (4 av 6) kjempa om poeng mot lag frå m.a. Bergen og Sotra. Laget spelte seg til niandeplass av 18 lag. Resultatliste.

Bad Wörishofen 15.-23. mars
Odd (Senior) og Helge (Open) reiste til Tyskland saman med 9 andre spelarar frå Norge. Odd er nok ikkje heilt nøgd med 3 av 9, sjølv om han møtte høgare rata i alle rundane. Helge spelte seg til 4.5 av 9. Resultatlister. Senior. Open.

Odd (1701):     0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 -  0 -  0   =   3 av 9 poeng
Helge (2118): 0.5 - 0 - 0.5 - 1  -  0  - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 = 4.5 av 9 poeng

Årsmøte i Masfjorden SKU 7. mars
Referat frå årsmøte og styremøte finn du her (under medlemslistene).

Sørås Superonsdag 6. mars
Sigve spelte seg til andreplass i gr. A i hurtigsjakkturneringa onsdag kveld. Resultatlister.

Bergen Onsdagshurtigsjakk februar 2019
Sigve (1836) spelte seg til 3 av 4 poeng og andreplass, av 18 spelarar i gr. A, i februarutgåva av Bergens sine hurtigsjakkturneringar. Poengtapet kom mot vinnaren IM Kjetil Stokke (2378). Resultatlister.

Kragerø Resort Chess 2019
Sigve spelte sjakk i Kragerø i vinterferien (20.-24. februar). Han er nok ikkje heilt nøgd med 4 av 9 poeng i gr. Title, sjølv om det vart siger mot ein FM og IM og ein liten ratingframgang. Resultatliste.
I tillegg vart det arrangert ei tidshandicapturnering 22. februar, der spelte Sigve seg til 4 av 7 poeng.

Masfjorden Grand Prix 15.-17.02.19
Masfjorden sjakklubb arrangerte turnering for barn, unge og vaksne 15.-17. februar. Det vart spelt 5 runder langsjakk, eit parti fredag, to lørdag og to søndag.
Heimesiger i begge gruppene
Arn-Tore Haugsdal sigra i gr. A med perfekt score 5 av 5 poeng, FM Johannes L. Kvisla, SK 1911 på andre med 3.5 og Sigve Hølleland på tredje med 3. Afras Mansoor, Søråshøgda sigra i klasse 1 og Kjetil Andås i klasse 2.
Shjalg Ole Næss sigra i ei svært jamn gr. B (dei fire første spelte seg alle til 4 poeng). Carl Erik Markhus, Sotra på andre og Sara Marie Skaug Bjørkly, Bergens på tredje.
Førsteplass i klasse 4 på Theo N Johannessen, Haukås og siger i klasse 5 til Heine Aa Tveranger. Resultatlister.

Lynsjakk
16. februar
31 barn, unge og vaksne (7 - 78 år gamle) spelte 10 runder lynsjakk lørdag kveld.
FM Johannes L. Kvisla, SK 1911 sigra med Sigve Hølleland, Masfjorden på andre og FM Istvan Poor på tredje.
Eldstemann i feltet, Odd Birkestrand, spelte seg til fjerdepremie! Yngstemann, Monir Khaled Alshebli (t.h. på bilete), spelte seg til 5 poeng!  Resultatliste.

Hurtigsjakk
16. februar
Det vart arrangert 6 runder hurtigsjakk for barn lørdag formiddag. 19 spelarar stilte til start - Ammar sigra med 4.5 poeng,  med Jonathan på andre og Even (Haukås) på tredje av 5 spelarar med 4 poeng. Resultatliste.

NM for jenter
 8.-10. februar
NMJ vart i år arrangert i Trondheim og var inndelt i 5 aldersklasser. Frå Masfjorden var Gabriela (lilleputt) og Kristin (mikroputt) med og dei spelte 5 runder langsjakk. Kristin spelte seg til 2.5 av 5 poeng, Gabriela med 2 av 5. Søstrene Bella og Anna frå Sotra sigra i mikro- og miniputt! Resultatlister.

Vestlandsserien 2018/19
Dei to siste seriekampane vart spelt i Bergen 9. og 10. februar. Førstelaget avslutta med ein solid 4 - 1 siger, dette kan ha berga plassen i 1. divisjon. Andrelaget tapte dei to siste kampane. Resultatlister.

Sørås Superonsdag 6. februar
Kjetil og Sigve med andre- og tredjeplass gr. A i hurtigsjakk onsdag kveld. Resultatlister.

Minifestival i Bergen 24.-27. januar
Lyn- og hurtigsjakk, BGP, kurs og lagkamp, arrangert av Søråshøgda og Hell sjakklubb.

Vestlandsserien 2018/19
Masfjorden stiller med to lag, eit i første- og eit i andredivisjon (avd. B). I tredje runde søndag 13. januar tapte førstelaget 1 - 4 mot SK 96  og andrelaget tapte 1 - 3 mot Bergens 5.

NM i hurtigsjakk i Bergen 5.-6. januar.
A: Arn-Tore, Sigve, Kjetil, B: Odd, Shjalg Ole, C: Roy André, Heine, Sondre, Gabriela, Kasper og Kristin Agni var med frå Masfjorden. I gruppe A var det med 59 spelarar, i gr. B 117 og i gr. C 132.
Det var ingen av våre som kjempa i toppen. Odd med 5.5, Kjetil, Shjalg Ole og Heine med 5 av 10 poeng. Det var ei kjekk sjakkhelg på Sandsli og fleire av dei yngre spelarane våre vil no få FIDE-rating i lyn- og hurtigsjakk. Resultatlister.

NSF sin hedersplakett

Lørdag kveld (5. jan) markerte presidenten i Norges Sjakkforbund, Morten L. Madsen, at forbundet i 2018 gjorde vedtak på at Odd Helge Birkestrand skulle tildelast NSF sin hedersplakett ("NSFs hedersplakett tildeles medlemmer som har utmerket seg i klubb og/eller krets, sjakklig og/eller administrativt").
I grunngjevinga for vedtaket var det mellom anna skrive om mange år som trenar, leiar, reiseleiar i inn- og utland og arrangør av sjakkturneringar og sjakkleirar.

NM i lynsjakk
 i Bergen 4. januar.
A: Sigve, Arn-Tore, Kjetil, B: Odd, Shjalg Ole, C: Roy André, Sondre, Heine, Kasper, Jonathan E.L, Ben George, Abed, Aya, Monir, Markus og Kristin Agni var med frå Masfjorden. I gr. A var det med 67 spelarar, i B 109 og i C 117. Dei som plukka mest poeng av våre på 9 rundar: Sigve, Kjetil, Heine og Roy André - alle med 5 poeng.
Resultatlister
.

Sørås Superonsdag
2. januar
Sigve spelte seg til andreplass i gr. A, med 4 av 5 poeng, i den første hurtigsjakkturneringa på Sørås i år. Resultatlister.