2017

Masfjorden kursavslutnings-BGP lørdag 9. desember.
Turneringa hadde til saman 25 spelarar fordelt på 6 klassar (ungdom, kadett, lilleputt, miniputt og mikroputt spelte i ei gruppe, premiert i fem). Bilete av 8 av 10 i begynnerklassen. Roy André sigra i klasse Ungdom, Shjalg Ole i Kadett og så tre brødre Johannessen frå Haukås - Theo i Lilleputt, Heine i Miniputt og Even i Mikroputt. Ben George sigra i Begynnerklassen. Lenke til resultatlister her.
Masfjorden SKU kombinerte turneringa med jule- og kursavslutning og med gratis graut, pepperkaker og saft til alle spelarane.

BGP-sida.   BGP samanlagt. Roy André sigra samanlagt i  Klasse ungdom.

Sørås superonsdag 6.12.17
Odd (A) og Roy André (B) spelte 5 runder hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag kveld. Resultatlister.

Vestlandsserien 2017/18
Masfjorden 2 (Odd Helge, Shjalg Ole, Roy André og Heine) tapte 1 - 3 mot Søråshøgda 1 i Bergen lørdag 2. des., eldstemann stod for heilpoenget. Resultatlister

Bergen kursavslutnings-BGP lørdag 25. november
Shjalg Ole (Kadett) og Roy André var med frå Masfjorden. Resultatlister.

Bergen Grand Prix 17.-19.11.17
Sigve (A), Shjalg Ole (C) og Roy André (C) var med frå Masfjorden sjakklubb. Det var to parti lørdag og to søndag. Alle tre stod over første runde fredag. Shjalg Ole starta godt med siger i begge partia lørdag. I fjerde runde søndag oversåg Roy André matt i eit trekk, og Shjalg Ole gjekk på ei binding i midtspelet. Roy André fekk ein etterlengta og fortent siger i siste runde, siger i siste runde sikra Shjalg Ole femteplass og pengepremie. Resultatlister.

Sigve (2067):     0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0 =   2  av 5 poeng
Shalg Ole (1583): 0.5 - 1  - 1 - 0 - 1 = 3.5 av 5 poeng
Roy André (691):  0.5 - 0 - 0 - 0 - 1 = 1.5 av 5 poeng
 

VM for seniorar 7.-18. november
Odd (open +65) reiste til Italia saman med 15 andre nordmenn for å spela VM for seniorar (open +50 og open +65) over 11 runder. Odd starta med siger mot ein spanjol (2054), møtte spelarar med over 2000 i rating i dei fire første rundane og vidare høgare rata i alle rundane. Det vart til saman 4.5 poeng og prestasjonen vart omlag 200 poeng over eiga rating. Johannes Melkevik (1857) frå Sevland spelte i det som på seniornivå er "ungdomsklassen" (+50), han spelte seg til 5 poeng og ein prestasjon på mesternivå (2000+).  Resultatliste.

Odd (1645): 1 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 = 4.5 av 11 (1859)

NM for Ungdom 10.-12. november.
Sigve (A), Roy André (A) og Gabriela (F) reiste til Kristiansand for å kjempa om poeng i NM. I klasse A speler dei 6 runder, 7 i F. Det vart ein tung start for dei håpefulle frå Masfjorden, alle tre tapte dei to første partia. For Roy André var dette ei tøff turnering i eldste klasse, uansett har han lært meir sjakk desse dagane enn i nokon annan turnering han har spelt.  Resultatlister.

Sigve (2067):         0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 1 = 3.5 av 6 poeng
Roy André (706): 0 - 0 - 0 - 0 - 0 - 0  = 0 av 6 poeng
Gabriela (581):     0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 = 2.5 av 7 poeng

Sørås superonsdag   1.11.17
Odd Helge (A) og Roy André (B) spelte 5 runder hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag kveld. Roy André klinka til med 3.5 poeng, tredjeplass og pengepremie i gruppe B! IM Kjetil Stokke sigra med perfekt score 5 av 5 poeng i gruppe A. Resultatlister.

KM for Ungdom 29.10.17
Roy André (gr. A) og Gabriela (gr. F) spelte KM på Liljevatnet skule på Sotra. Roy André vart kretsmeister i gr. A (slått saman med B og C) med 3.5 av 6 poeng. Gabriela spelte i gr. F.
Resultatlister .

Knut Brokstad minneturnering   27.-29.10.17
Yngve spelte turnering
i Trondheim denne helga.
I dei tre rundane hurtigsjakk fredag kveld vart poengfangsten litt lågare enn forventa. Det var to runder langsjakk lørdag (siger i begge), tap i første og siger i andre søndag, alt i alt eit resultat omlag som forventa. Resultatliste.
Yngve (1860): 0.5 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0 - 1 = 4.5 av7 poeng


Bronstein Cup   28.10.17
Desverre ingen med frå Masfjorden SK. IM Eirik Gullaksen sigra på kvalitet med 5.5 av 6 poeng, GM Leif E. Johannessen på andre og FM Benjamin Haldorsen på tredje. Resultatliste.

Søråshøgda superonsdag-BGP 25.10.17
Roy André tok turen til Bergen for å spela BGP-turnering. Han spelte i klasse ungdom (slått saman med kadett og lilleputt) og sigra (fjerdeplass i gruppa) med 5 av 8 poeng. ResultatlisteRoy André.

NM for klubblag 20.-22.10.17
Masfjorden var favoritt på alle bord og sigra 4 - 0 i første av seks runder mot Aalesunds BondeH2. Tap i andre runde mot Aalesunds Favoritt, 2 - 2 mot nytt Aalesundlag i tredje. Siger 4 - 0 i fjerde mot Sandnes lilleputt. Tap mot Levanger 1 i femte runde. Den tredje 4 - 0 sigeren kom i sjette runde og Sigve
spelte seg til førstebordpremie! Det vart til slutt 7 av 12 lagpoeng og 16.5 av 24 individuelle poeng (det var kun dei 3 elitelaga frå Oslo som hadde fleire individuelle). Resultatliste. Masfjorden SK.

Sigve
(2040):           1 - 0.5 - 1 -  1 - 1 - 1 = 5.5 av 6 poeng
Arn-Tore
(2028):     1 -  x   - 1 - 1 - 0 - x =   3 av 4 poeng
Yngve
(1860):         1 -  1  -  x  - 1 - 0 - 1 =   4 av 5 poeng
Odd Helge
(1688):   x - 0  -  0  - 1 - x - 1 =   2 av 4 poeng
Lisbeth
(1692):        1 - 0  -  0  - x - 0 -  1 =  2 av 5 poeng

Sjakkurs for barn i Nordbygda og på Sandnes
Masfjorden SKU har starta kurs for barn i 2.-7. klasse. Kursa er for dei som ikkje kan reglane eller har lært litt, men ikkje gått i klubb eller på kurs før.
Nordbygda 8 tirsdagar frå og med 3. oktober kl. 14.30-15.30.
Sandnes 8 torsdagar frå og med 5. oktober kl. 18.00-19.00.
Kurset kostar kr 400,-. For dette får barna:
-vaksne og unge instruktørar (alltid minimum ein vaksen)
-kursmateriell og diplomar
-medlem i Masfjorden SKU ut 2017 (medlemsblad frå USF og kan spela turnering). Kursavgift skal betalast (seinast 6. oktober) til:
Masfjorden SKU, kontonr.: 3635 50 17782 eller Vipps # 128860

Pula Open 9.-16.9.17
Odd Helge reiste til Kroatia og eit stopp i Pula for å spela turnering. I første runde spelte han remis mot ein ung kroat (2063) . I andre runde vart det tap mot ein kroatisk FM (2238), remis i tredje mot ein ny kroat (1906). Dobbelrunde tirsdag, tap i fjerde mot ei ung polsk jente (1894) og remis mot (1834) i femte. Tap i sjette runde mot russar (1726). Siger i sjuande mot (1265) og remis i åttande mot (1870). Siger i niande og siste parti lørdag mot (1732). IM Johan-Sebastian Christansen på andre- og FM Eivind Olav Risting på åttandeplass. Resultatliste. NOR.
Odd Helge (1665): 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 1 = 4 poeng (1774)

Stjernens jacpotlyn NGP 20.8.17
Sigve spelte to turneringar i Oslo denne helga, den andre lynsjakk i Stjernen sine lokaler. Etter ein god start med siger i dei fire første av 11 runder, auka han lynsjakkratingen med omlag 30 poeng. Sigve. Resultatliste.

Nordstrand GP hurtigsjakk 19.8.17
Den første turneringa spelte Sigve lørdag; hurtigsjakkturnering på Lambertseter gård i Oslo i gr. A. Sigve. Resultatlister.

Chech Tour 2017/18
Odd og Odd Helge reiste til Tsjekkia for å spela turneringar i Praha og Olomouc; Summer Prague Open og Olomouc Chess Summer (+ nokre sideturneringar; lyn- og hurtigsjakk).

Odd, Odd Helge og Julian reiste videre til Olomouc for 9 nye runder med langsjakk + nokre sideturneringar. Odd spelte i seniorklassen (D), Julian og Odd Helge i åpen klasse (C). I første runde gjekk alle tre på tap mot høgare rata motstand.  Odd snudde trenden i fjerde runde, Odd Helge gjekk ned så det sang. I femte runde klarte Odd Helge å spela seg til sitt første heilpoeng, remis på eldstemann. Det vart tap på begge håpefulle i sjette parti - Odd Helge måtte opp mot ein russisk IM. I sjuande runde spelte Odd Helge dagens lengste parti, i åttande runde hadde Odd w.o. I niande og siste parti sigra Odd Helge etter 15 trekk. Resultatliste senior (D). Resultatliste åpen (C).

Odd           (1717):  0 -  0 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 1 - 0 = 3.5 poeng
Odd Helge (1640): 0 - 0.5  - 0 - 0  -  1  - 0 - 0.5 -  0 - 1 =  3 poeng

 

Hurtigsjakk i Olomouc 17.8.17
Odd spelte seg til tre av sju poeng i den siste sideturneringa på sjakkferien i Tsjekkia. Julian plussa nye 32 poeng på hurtigsjakkontoen. Imponerande spel av unge underrata indiske jenter: ResultatlisteOdd.

Lynsjakk i Olomouc 15.8.17
Odd spelte seg til 5 av 11 poeng i lynsjakk tirsdag formiddag. ResultatlisteOdd.
 

Summer Prague Open 4.-11.8.17
Odd, Odd Helge og nokre nordmenn til (Julian, Egil, Johannes og Geir) spelte i Summer Prague Open B. Odd sigra i første runde mot ein lavare rangert spelar, Odd Helge spelte remis på førstebord mot den høgast rangerte (2075) i gruppa. Søndag var det dobbelrunde, Odd Helge slo til med 2 poeng. Femte runde vart ein knallrunde for gjengen frå Masfjorden og Sevland 5 av 5 poeng! (Odd og Geir spelte mot kvarandre). Sjette vart ein ny runde med suksess for nordmenna i Praha, ingen tap på 7 partier (Roar Lindblom speler i A-gruppa). I sjuande runde spelte ungdommane frå Masfjorden remis. Katastrofe i åttande runde, Odd gjekk ned mot ei ung dedikert jente og Odd Helge tapte etter å ha hatt offiser over i nesten 20 trekk. I niande og siste runde vart det tap på Odd og remis på Odd Helge (til slutt ein grei prestasjon og omlag 30 poeng framgang på yngstemann), Johannes og Egil avslutta godt og passerte masfjordspelarane på resultatlista i dei siste partia.

Odd (1717):             1  - 0.5 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0 = 4 poeng.
Odd Helge (1640): 0.5 -  0  - 1 - 1 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 = 5 poeng (1755).
 

Lynsjakk i Praha 9.8.17
Odd, Julian og Egil tok med seg sideturneringane, onsdag var det 11 runder lynsjakk frå kl 10-13. Egil fekk god motstand og passerte 1800 i lynrating. Resultatliste.

Hurtigsjakk i Praha 5.8.17
Odd, Julian og Egil spelte hurtigsjakk. Egil (1758) spelte seg til 3 poeng, høgdepunktet var siger mot WCM Karolina Turkova (1979). Odd tapte dei fire partia med svart mot spelarar mellom (1936) og (2142). Resultatliste.
Odd (1786): 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 = 3 av 7 poeng (1659)

NM i Cafésjakk   i Bergen 4.8 .
Arn-Tore 
og Torkel representerte Masfjorden. Arn-Tore spelte seg til tiandeplas. For første gang vart det ei kvinne som sigra - IM Irina Turova etter stikkamp mot mannen GM Maxim Turov. Resultatlister.
 

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk   1.8.
Sigve, Sondre og Roy André var med frå vår klubb + 60 andre ivrige sjakkspelarar. 
Sigve vart beste klasse 1 spelar med 4.5 av 6 poeng og tiandeplass, med kun mesterspelarar og ein klasse 2 spelar foran seg på resultatlista. GM Maxim Turov (RUS) sigra i si tredje turnering på rad i Bergen.
Resultatliste .
 

Åpent Hordalandsmesterskap i lynsjakk   31.7.
Arn-Tore (7 av 12), Roy André (5), Odd Helge (4.5), Torkel (6), Odd (6), Lisbeth (4.5) og Sigve (7) + 49 spelarar stilte til start for å kjempa om poeng og premiar i 6 ratingklasser. Etter 12 runder var Roy André den einaste av masfjordspelarane som reiste heim med premie for 5 poeng og 4. plass i klasse 5. GM Maxim Turov (RUS) sigra med 10.5 poeng. Resultatliste.

Sjakk1.no Bergen Sommer NGP   28.-30.7.
Lisbeth (1701) og Sigve (2026) spelte i gr A i den første NGP-turneringa i sesongen 2017/18. Begge med lågare score enn forventa. Resultatlister.

Sigve:      1 - 0 - 1 - 0 - 0.5 = 2.5 av 5 poeng (1881)
Lisbeth:  0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 = 1.5 av 5 poeng (1627)

Landsturnering i Stavanger
30.6.-8.7.17
Arn-Tore (Klasse 1), Sigve (Mester), Yngve (Klasse 2), Gabriela (sjakkleir og Miniputt) og Shjalg (sjakkleir og Kadett B) kjempa om poeng i ni parti langsjakk saman med over 600 andre sjakkspelarar frå heile landet.
I tillegg vart det arrangert sidearrangement som m.a. uoffisielt NM i sjokk, pratelagsjakk, laglyn, kafésjakk og NM i lynsjakk. (bilete av Arn-Tore MGP 2017, foto Audun Hølleland)

Etter ein imponerande start, tapte Arn-Tore fire på rad, avslutta med siger og med det 5 av 9 poeng. Shjalg med 3.5 av 9 poeng, litt over forventa etter å ha møtt høgare rata motstand i åtte av rundane. Gabriela avslutta med to heilpoeng, ratingframgang og fekk 4.5 av 9 poeng. Sigve spelte seg til 5 av 9 poeng og ratingframgang og Yngve 5.5 av 9 poeng, omlag som forventa. Resultatlister

Arn-Tore :  1   -  1   -  1   -  1  - 0  -  0   -  0  - 0 -  1  =   5  poeng
Sigve:      0.5 -   0  - 0.5  -  0  -  1  -  0   -  1  - 1 -  1  =   5  poeng
Yngve:      
1  - 0.5 - 0.5 - 0.5 -  1  -  0  - 0.5 - 1 -0.5 = 5.5 poeng
Gabriela:  
0   -  0   -  0  -  1  - 0.5  - 1   -  0  - 1 -  1  = 4.5 poeng
Shjalg:      
1   -  0   -  0  -  1 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0 -  0  = 3.5 poeng

Du kan spela gjennom parti her:
Yngve: 2. runde. Gabriela: 1. runde. Sigve: 1. - 8. runde.
Arn-Tore: 1. - 8. runde.

Fredag 7. juli spelte fem frå klubben NM i lynsjakk (ingen til finale i sin klasse). Resultatlister.
 
Lisbeth spelte kafésjakk saman med heile 75 andre torsdag 6. juli, ho spelte seg til pene 4 av 7 poeng. Resultatliste.

Førsteplass i sjokk!
Sigve sigra saman med Martin Nilsen, Stavanger 2. juli i uoffisielt NM i sjokk! Resultatliste.

Sommeravslutning i Masfjorden SKU
Lørdag 10. juni kl. 10.30 - 15.00 var det felles avslutning for Nordbygda og Sandnes på Sandnes skule. På programmet stod 6 runder klubbturnering i hurtigsjakk, mat og premieutdeling for lyn- og hurtigsjakkturneringane.
Klubbturnering 10.6.17:
1. plass Shjalg 6 av 6 poeng, 2. Heine 5 poeng, 3. Sondre 4 poeng + Gabriela, Nikolai, Kasper, Andreas, Ann Regine og Ken Henrik.
Lyn Sandnes vår 2017:
1. plass Shjalg, 2. Roy André, 3. Heine + Andreas, Kasper, Nikolai, Markus, Kristoffer, Ann Regine og Ken Henrik.
Lyn Nordbygda vår 2017:
1. plass Shjalg, 2. Sondre, 3. Gabriela + Josefine, Tormod, Nathaniel, Steinar, Kim Daniel og Thorstein.

Åpent Hordalandsmesterskap NGP 25.-28. mai
Sigve spelte i gruppe A og tapte dei to første partia. Roy André og Shjalg spelte i gruppe C, begge hadde w.o. remis i første runde torsdag. Dei møtte kvarandre i andre runde fredag, Shjalg sigra. Alle tre sigra i tredje og fjerde runde. I femte sigra Roy André og 2 x remis. Shjalg avslutta med remis og med det ein solid ratingframgang og pengepremie for førsteplass i gr. C. Sigve spelte remis og Roy André tapte, solid ratingframgang og bokpremie til Roy André. Sigve. Shjalg. Roy André. Resultatlister.

Sjakk1.no Bergen Blitz 2017 NGP
27. mai
Sigve spelte seg til tredjeplass i lynsjakk lørdag kveld, det var med 38 andre ivrige sjakkspelarar i turneringa. Sigve. Resultatliste.

Søråshøgda Hurtig Grand Prix 25. mai
Nikolai og Kristoffer tok turen til Ulsmåg skole på Nesttun for å spela hurtigsjakk i åpen klasse torsdag 25. mai. Resultatliste

Søråshøgda BGP 13. mai
Søråshøgda arrangerte BGP/UGP-turnering for barn og unge lørdag 13. mai. Frå Masfjorden SKU var det 6 som tok turen til Bergen; Roy André, Shjalg, Kristoffer, Nikolai, Kasper og Andreas. Resultatlister.

NTG eye q GP 13. mai
Som tidlegare elevar ved sjakklinja på NTG i Bærum var Torkel og Sigve inviterte til hurtigsjakkturnering og feiring av GM Simen Agdestein sin 50-årsdag. Sigve spelte i gruppe A og Torkel i gruppe B. Resultatlister.

Masfjorden BGP/UGP lørdag 22. april
Turnering med 6 runder hurtigsjakk for barn og unge i gymsalen på Sandnes skule i Masfjorden. Kun 12 spelarar stilte til start denne gongen. I mikroputt sigra Leander Pettersen, Askøy, i miniputt Heine N. Johannessen, Haukås, i lilleputt Nikolai M. Dale, Masfjorden, i kadett Shjalg Ole Næss, Masfjorden og i ungdom Roy André B. Bogevåg, Masfjorden. Resultatlister .

Bergens SK Vårturnering 2017
Lisbeth (1424) spelte seg til 3.5 av 4 poeng, alle partia spelt mot høgare rata motstand. I det fjerde remis mot FM Per E. Manne (2067). Resultatlister. Lisbeth
 
Bergen kursavslutnings-BGP/UGP
Bergens arrangerte turnering for barn og unge på Nordnes Bydelshus lørdag 1. april. Det er plass til omlag 90 spelarar i lokala og alt måndag 27. mars var det over 90 påmeldte og med det ikkje plass til fleire. Resultatlister.

ChessOrg Festival Bad Wörishofen 10-18.03
Odd (1726) og Helge (2134) spelte i seniorklassen på sjakkfestivalen i Tyskland. I første runde tapte Odd mot ein høgare rata (2029) tyskar, Helge spelte remis. Resultatliste.

Odd:   0 - 0 - 1 -  0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 = 3.5 av 9
Helge: 0.5 - 0 - 1 - 1 - 1 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 = 5.5 av 9
 

Hordalandsmesterskapet for rekruttlag 2017
17.-19. mars var det lagturnering for ungdomsklubbar i Bergen, ingen lag frå Masfjorden. Resultatliste.

Søråshøgda Lyn BGP onsdag 15. mars.

 
Årsmøte i Masfjorden SKU
fredag 10. mars
Referat frå årsmøte og styremøte 10.3.17: Medlemmer.

KM for skulelag 
lørdag 11. mars
Desverre ingen lag frå Masfjorden i år. 27 lag stilte til start på Liljevatnet skole på Sotra. Søråshøgda sigra for femte år på rad etter hard kamp frå Haukås, begge med 11 lagpoeng. Resultatliste.

Masfjorden Grand Prix 17.-19.2.2017
48 barn, unge og vaksne spelte 6 runder langsjakk i gymsalen på Sandnes skule. I gruppe A sigra FM Vegard K. Gandrud, Hønefoss med 5 poeng, andreplass til FM Johannes L. Kvisla, Stavanger og tredje til Afras Mansoor, Søråshøgda - begge med 4 poeng. Oddvar Solli, Voss sigra i gruppe B med 5 poeng, andre til Bagher Portazedi, Folgefonn og tredje på Liam J. Rønnestad, Søråshøgda - begge med 4.5 poeng. Scott Birnie, Sotra sigra i  gruppe C med 5.5 poeng, Redi Cane, Masfjorden på andre med 5 poeng og Gard Rye Høyforsslett, Bergens på tredje med 4 poeng.  Resultatlister.  

Hurtigsjakk lørdag 18. februar
10 spelarar spelte 6 runder hurtigsjakk lørdag formiddag. Åtte frå Masfjorden, ein frå Haukås og ei frå Sotra.
Resultatliste:
1. Alexander Aasen, Haukås - 5 poeng
2. Thorstein H. Vågene, Masfjorden - 4.5 poeng
3. Nikolai K-Kallekleiv, Masfjorden - 4 poeng
4.-10. Kasper, Markus, Jonathan, Bella, Nikolai D.M., Kristoffer og Ammar.

NM for jenter   10.-12.2 17
Gabriela reiste til Oslo for å spela i NM med jenter frå heile landet. NM er delt inn i 5 aldersklasser, Gabriela spelte i miniputtklassen (slått saman med mikroputt). I første runde (bilde) vart det tap mot Anna frå Sotra. Siger i andre runde lørdag formiddag, tap i tredje og siger i fjerde. Resultatlister. Gabriela: 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 = 2 av 6 poeng

Vestlandsserien Nord 2016/17
Masfjorden SK hadde med to lag, eit lag i første- og eit i andredivisjon avd. A.
2016: Masfjorden 2 spelte 2 - 2 mot Voss lørdag 29.10. Masfjorden 1 hadde w.o. Masfjorden 2 tapte 1.5 - 2.5 mot Søråshøgda 1 søndag 30.10. Masfjorden 1 tapte 1.5 - 3.5 mot Sotra 1 og Masfjorden 2 tapte 0 - 4 mot Florø 3/12.
2017:
Masfjorden 1 sigra 3.5 - 1.5 mot Haukås 1 14/1.
Dei to siste rundane vart spelt i Bergen lørdag 4. og
søndag 5. februar . Masfjorden 2 spelte 2 - 2 mot Sotra 2 og sigra 2.5 - 1.5 mot Folgefonn, Masfjorden 1 sigra 3 - 2 mot Bergens 3 og 2.5 - 2.5 mot Bergens 2. Resultatlister finn du her.

Prague Open 2017
13.-20. januar spelte Odd sjakk i Praha. I første runde vart det siger mot ein lågare rata spelar, tap mot (1963) i andre, remis i tredje. Søndag formiddag var det hurtigsjakk på programmet, Odd spelte seg til 4.5 av 9 poeng - resultatliste. I fjerde runde vart det remis, i femte kom den tredje remisen på rad, ny remis i sjette parti. I sjuande kom den andre sigeren, remis i åttande og siger i niande og siste runde. Resultatlister.

Odd (1731): 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 1 = 5.5 av 9 poeng

 

Trening for barn og unge/vaksne 2017
På Sandnes held me fram torsdagar 18.00-19.30 (første treningsdag i 2017 blir 5. januar). NB! I Nordbygda treng me ikkje endra tidspunkt enda, me held fram tirsdagar 14.30-16.00 - første 10. januar.

 

Arkiv 2016/15    Arkiv 2014/13   Arkiv 2012/11   Arkiv 1978-2011