Odd er æresmedlem i MSKU og takker her etter å ha fått kongen sin medalje i sølv.

Masfjorden sjakklubb 1978-2011

Masfjorden sjakklubb vart stifta i 1978 av Odd Birkestrand. Saman med Magne Haugsvær (styremedlem) og Magnhild Vik (kasserar) danna han det første styret. Klubben har sidan vakse seg til eit av dei største og mest levande fritidstilboda for barn og unge på ”sørsio”. Sandnes skule har i alle år vore base og der me har hatt flest medlemmer. 

Sjølv om dette av mange vert sett på som ein klubb for ein del av kommunen vår, har me hatt (Matre) og har medlemmer og trening i Nordbygda.

Arn-Tore Haugsdal var med på det første skulelaget som vann NM for barneskulelag i 1981, han er og den spelaren frå Masfjorden som har nådd høgast på rankinglista nasjonalt. På laget som vann i –81, spelte óg Åsmund Haugsvær, Grethe Haugsvær, Tore Kvingedal og Torleif Hindenes. Tidlegare dette året fekk sjakklubben sin første NM vinnar, Trude Birkestrand vann det første uoffisielle NM for jenter – på heimebane - etter hard kamp frå m.a. klubbveninna Margunn Haugsvær. Trude deltok seinare i fleire EM og OL i sjakk med gode resultat - det sjakklege høgdepunktet var remis mot Susan Polgar i EM i Jugoslavia.

Sjakklubben arrangerte nokre år sommarleir for barn og unge. 

Klubben har gjennom åra arrangert fleire store turneringar; Grand Prix, NM for skulelag, NM for jenter 1981, 1991, 2001, 2004 og 2015 + mange mindre BGP-turneringar og nokre KM for barn og ungdom. Kvart år deltek spelarar frå klubben i regionale og nasjonale turneringar, me har og representert Norge i meisterskap i Sverige og Danmark. 

I 1997 fekk Odd Birkestrand Masfjorden kommune sin kulturpris for m.a. det arbeidet han har gjort på fritida i sjakklubben. 

I 1999 og 2001 vann Silje Totland NM for jenter i mini- og lilleputtklassen, Andrea Horgen Kvinge sigra i lilleputtklassen i 2002 og Katarina Horgen Kvinge sigra i kadettklassen i 2004. 

Etter fleire år med gode resultat i ulike NM- og BGP/UGP-turneringar, vann Sandnes skule igjen NM for barneskulelag i 2001. Ein stor prestasjon som vart lagt merke til i sjakkmiljøet, var det nok at andrelaget kom på fjerdeplass – av heile 35 lag. På desse laga spelte: Silje Totland, Magnus Kvinge Tande, Alexander Krossøy, Ranveig Tveit Mjanger, Katrine Skjellanger Kvinge, Anne Lise Tepstad Kvingedal, Andrea Horgen Kvinge, Katarina Horgen Kvinge, Annette Sleire Holmaas og Arild Haugsvær. 

I 2002 arrangerte me eit vellukka NM for skulelag, med gode plasseringar av både barne- og ungdomsskulelag. Me fekk mykje skryt av dei tilreisande, både for det sjakklege og maten foreldra laga på dugnad. 

Jubileumsåret 2003 starta med pallplassering i miniputt, lilleputt og kadett i NM for jenter. 
P.g.a. konfirmasjon var det dette året med berre eit lag i NM for skulelag på Lillehammer, barneskulelaget spelte ei god turnering og var berre eit individuelt poeng frå fjerdeplassen. Vårsesongen vart avslutta med ein kombinert jubileumsfest og avslutning i klubben for 02/03. 
Stiftar av klubben - Odd Birkestrand - vart utnemnd til klubben sitt første æresmedlem! 
Andrea og May Frida spelte landskamp, og nokre av jentene melde seg inn i Jentebrigaden under landsturneringa i Fredrikstad. 
Hausten 2003 vann me 4 KM individuelt og tok ein flott fjerdeplass i NM for juniorlag. Heile 20 spelarar var med i NM for ungdom. 

Sesongen 2004 starta med ei BGP/UGP turnering før me igjen arrangerte NM for jenter, me tok på oss arrangementet på kort varsel sidan USF mangla arrangør. Katarina Horgen Kvinge vart den første frå Masfjorden som sigra i kadettklassen, i tillegg klarte me tredjeplass i alle fire klassane. Bjørn fekk i januar i gang kurs på Matre, og utover våren etablerte me ei treningsgruppe - i Nordbygda kom me i gang hausten 2004. I NM for skulelag var me lenge med å kjempa om ei topplassering - litt rusk i maskineriet i dei to siste rundane gjorde at det ikkje vart pallplass denne gongen.
Landsturneringa 2004 i Molde var ein stor suksess for klubben, med fleire gode individuelle resultat i hovudturneringa. 2. plass i laglyn var ein flott prestasjon av Torkel, Yngve og Magnus og dobbeltsigeren til Yngve og Bjørn i lynsjakk i klasse 5 sette ein ekstra spiss på grillfesten fredag kveld!

I åra 2005 til sommar 2011 var det varierande aktivitet i klubben, men barn, unge og vaksne deltok på mange turneringar. Det vart ingen nye titlar i denne perioden, ved fleire høve var det nære på - mellom anna ved Kjetil H. Andås sin andreplass i yngste klasse i NM for Ungdom (Aryan Tari sigra).

30-årsjubileum feira me i 2008 med mat og festivitas i gymsalen på Sandnes skule. Odd Birkestrand fekk kongen sin medalje i sølv for arbeidet med barn og unge i Masfjorden; Masfjorden Sjakklubb, Masfjorden Fotballag, Fjon ungdomslag og Sandnes skule.

Grunnlaget for klubben sine gode resultat og den store aktiviteten har heile tida vore eit stort engasjement og utallege timar med dugnadsinnsats frå foreldra og trenarar/instruktørar.

Arkiv 2016/15    Arkiv 2014/13   Arkiv 2012/11

Sjakk er fantastisk

7.7.13
Ein tidleg søndag morgon fekk eg lyst til å dela nokre tankar og inntrykk etter 8-9 flotte dagar med Landsturnering på Lillehammer. Me er heldige som har funne (dei fleste har hatt ei eldsjel eller forelder som instruktør) denne kjekke hobbyen, lærerike utfordringa og for nokre eit krevande yrke. Ein aktivitet som samler menneske i alle aldrer, som ikkje ser forskjell på kjønn og som famner folk med ulike fysiske og psykiske utfordringar. Ei turnering der verdas beste sjakkspelar rusler rundt og gleder seg over sine venner sitt spel, der far og mor blir minst like glade som den som speler når den håpefulle tar poeng, der du treff venner frå forrige gong du var på turnering, der du får nye venner. Der eg har hatt gleden av å få analysera gode og mindre gode parti med unge lovande talent, ein blind mann på rundt 80 og atter ein gong lært nye ting. Etter premieutdeling, køyreturen heim (i nydeleg vær og gjennom flott natur) og ei natt med god søvn, vakna eg tidleg full av energi og med eit smil rundt munnen. Brødbaksten står til heving, vaskemaskin og tørketrommel surrer og går. Ikkje verst at ein får so mykje energi av ein forholdsvis stillesittande hobby.
SJAKK ER FANTASTISK - SJAKK MÅ ME LÆRA VEKK TIL ALLE ME TREFF PÅ VÅR VEG!