Masfjorden SKU Organisasjonsnummer: 912558827
Styret vald av årsmøte og konstituert av styremøte 22.3.18.
Leiar: Odd Helge Birkestrand, Kasserar: Erik Larsen Styremedlem: Svein Atle Næss, Kjersti Andvik og Roy André B. Bogevåg. Varamedlem: Øyvind Lilletvedt, Atle Nordland. Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, Odd Birkestrand (vara)

Medlemmer 2018: Odd Birkestrand (æresmedlem), Arn-Tore Haugsdal (æresmedlem), Odd Helge Birkestrand (æresmedlem), Madelein Strand Andvik, Roy Andre B. Bogevåg, Shjalg Ole Næss, Sondre Kjelby, Amalie Lahti Fjellby, Nikolai Dale Milde, Kristoffer J. Johansen, Kasper Larsen, Lars Manfred N. K. Tvedt, Tormod T. Størkersen, Heine A. Tveranger, Nikolai Kjøsnes-Kallekleiv, Andreas Nordland, Jone Langhelle, Ben George Kvingedal, Gabriela Lunde Haugsdal, Markus Lilletvedt, Kristin A Helland, Henrik Å Hindenes, Sara Kvamsdal, Julia Czerwiec, Tiril Matre, Emil André H Molland, Ammar Khaled Hafez, Abed Alrahman Khaled Alshebli, Alaa Mohamad Almasri, Butoul Khaled Hafez, Zina Khaled Hafez, Jana Mohamad Almasri, Shaza Mohamad Almasri, Aya Khaled Alshebli, Monir Khaled Alshebli, Nathaniel de Jong, Damian de Jong, Ådne Wilberg, Nikolay B. Brekkhus, Amalia B. Brekkhus, Kristin Hope Aga, Isak Nystrand, Sondre Trodal, Håkon Kjetland, Mathias Kjetland, Lukas V. Trædal, Lwnd Afandy, Jonathan Gravdal, Sigve Øvstedal, Markus N. Engeseth, Elias Hvidsten Hesjedal, Pernille Trohaug Våge, Alise Cyut Helland, Samuel Skrzyczek, Meryem Andvik, Tobias B. Helgø, Jonathan Larsen, Anders Totland Rong, Emil Lahti Fjellby,

Medlemmer 2017: Odd Birkestrand (æresmedlem), Sigve B. Hølleland, Kjetil H. Andås, Roy André B. Bogevåg, Ann Regine Kvingedal, Heine A. Tveranger, Nikolai Kjøsnes-Kallekleiv, Andreas Nordland, Shjalg Ole Næss, Kasper Larsen, Steinar T. Størkersen, Tormod T. Størkersen, Nathaniel de Jong, Gabriela L. Haugsdal, Josefine L. Haugsdal, Ken Henrik Kvingedal, Markus Lilletvedt, Sondre Kjelby, Nikolai Dale Milde, Kristoffer J. Johansen, Kim Daniel Haukeland, Lennart G. Aasgård, Thorstein H. Vågene, Inga H. Hannisdal. Kurs okt/nov 2017: Kristin, Henrik, Sara, Julia, Emil André, Tiril, Madelein, Ben George, Lars Manfred, Jenny Sofie, Jone, Niklas, Amalie og Even.

Medlemskontingent 2018:  kr 400,- (søskenrabatt kr 700,-, 1000,-)

Kontonr.: 3635 50 17782       Vipps: # 128860

 

Masfjorden SK organisasjonsnummer: 996363295
Styret vald av årsmøte (22.3.18) og konstituert av styremøte 2018
Leiar: Odd Birkestrand. Kasserar: Arn-Tore Haugsdal. Styremedlem: Odd Helge Birkestrand. Varamedlem: Torkel Kvinge Tande.

Medlemmer 2018: Sigve Hølleland, Roy André B. Bogevåg, Shjalg Ole Næss, Sondre Kjelby, Jose H. Polo, Ole-Magne Opsal, Helge Gundersen, Dag Orseth, Nikolai Dale Milde, Kristoffer J. Johansen, Yngve Rasdal, Kjetil H. Andås, Lisbeth Haugsvær, Gabriela Lunde Haugsdal, Heine Aa. Tveranger, Anton Hellesøy, Trude Vik Birkestrand, Yash Ramchandani, Kieran Singh Gill, Kasper Larsen, Andreas Nordland,

Medlemmer 2017: Sigve Hølleland, Helge Gundersen, Dag Orseth, Ole-Magne Opsal, Yngve Rasdal, Kjetil H. Andås, Lisbeth Haugsvær, Trude Birkestrand, Roy André B. Bogevåg, Heine Aa. Tveranger, Shjalg Ole Næss, Tormod T. Størkersen, Gabriela Lunde Haugsdal, Jose H. Polo, Lars Andås, FM István Poór, Redi Cane, Jacob Yath Deng Dasu, Edson Maurici Cadenillas Naccha, Jacinto J.M. Quimua, Yash Ramchandani, Ekaterina Krysova, Nikolai Dale Milde, Kristoffer J. Johansen og Kasper Larsen.

Medlemskontingent Masfjorden sjakklubb 2018

  1 år 2. halvår Bimedlem
Vaksne 600 450 350
Junior 300 200 150
Kadett/Lilleputt og Miniputt 150 100 100
       

Kontingent skal betalast til konto nr: 3632.53.68254

 

Turneringar haust/vinter 2018
Bronstein Cup på Sotra søndag 21. oktober
6 runder hurtigsjakk for alle, delt i to grupper (over/under 1600). Sigve, Kjetil, fleire? NB! God NM-trening!

Regionsamling i Bergen  26.-28. oktober
Treningshelg for barn og unge med m.a. IM Benjamin Haldorsen.
Sjakk, mat, (overnatting), fotball og andre aktivitetar.
NB! God NM-trening!

Sørås superlørdag  27. oktober (ein del av treningshelga)
6 runder hurtigsjakk

Masfjorden Jubileums-BGP 2 på Sandnes skule lørdag 3. november
Turnering for barn og unge – 6 runder hurtigsjakk. NB! God NM-trening!

Vestlandsserien
søndag 4. november
Masfjorden 1 – Masfjorden 2 på Sandnes skule

NM for ungdom9.-11. november i Haugesund
Hurtigsjakk + langsjakk (for dei som spelte KM på Sotra)
Avreise fredag morgon (privatbilar tur-retur Haugesund), overnatting på hotell m/måltider.
Eigendel kr 500,-. Retur til Masfjorden søndag kveld.
Sondre; Shjalg Ole; Heine; Kasper; Kristin, Ben George?, Madelein?, Abed?, Aya?, Monir?, Sigve?, Kjetil?

Bergen Grand Prix  23.-25. november
Langsjakkturnering for alle

Bergens Kursavslutnings-BGP  2. desember
6 runder hurtigsjakk for barn og unge

Sotra Advents-BGP  9. desember
6 runder hurtigsjakk for barn og unge.

Dei som vil vera med på turneringar må gje beskjed i god tid.
Dette for at me skal kunna organisera påmelding, reise og eventuelle overnattingar.

Odd Helge: oddhelgebirk@hotmail.com tlf.: 90501109 eller på Masfjorden SKU sine facebooksider.

Trenar- og styremøte i Masfjorden SKU torsdag 23.8.18
Desse møtte: Odd Helge (leiar/trenar), Erik (kasserar), Odd (trenar) og Arn-Tore (trenar)

Treningar haust/vinter 2018
Både Arn-Tore og Odd Helge har fått endra arbeidstider sidan i vår.
Me må difor endra treningstider og det blir f.o.m. torsdag 30. august trening på Sandnes skule 18.00-19.30 for Gulen, Masfjorden, Vaksdal, Modalen og Lindås. Odd, Odd Helge og Arn-Tore skal alle vera trenarar om torsdagane.

I tillegg er målet vårt å halda kurs for begynnarar i Nordbygda, på Matre, Sandnes og i Modalen.

Sak 6 – 2018 Skriv og meldingar
a) Turneringsaktivitet i sommar (Landsturnering, VM for seniorlag, Bergen spillfestival)
b) Støtte frå Spv og kulturmidler (til saman 24 000)
c) Treningstilbod frå Søråshøgda 22. og 29. august (sjå heimesider og facebook)

Sak 7 – 2018 Sotra langsjakk-BGP 31.8-2.9.18
Klubben støtter reiseutgifter og startavgift. NB! Sjekk facebook og heimesider for informasjon om turneringar og trening.
NB! Ta kontakt om du vil vera med!!!

Sak 8 – Jubileums-BGP'ar haust 2018
Odd Helge sjekkar desse datoane: 22. september, 27. oktober og/eller 3. november.

Sak 9 - NM for ungdom i Haugesund 9.-11. november
For å kunna vera med på denne turneringa, må spelarane møta jamnleg på trening, delta på KM for ungdom + 2-3 BGP'ar i haust!
Eigendel for reise, startavgift, overnatting (hotell) og måltider kr 500,-.

Sak 10 – Eventuelt
a) Me sjekkar med HBUS om me kan arrangera KM for ungdom 20./21. oktober.

Masfjordnes 26.8.18, Odd Helge Birkestrand.

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 22.3.18 kl 19.40
Sak 4 - 2018 Konstituering av styre for 2018
Leiar (vald av årsmøtet): Odd Helge Birkestrand. Kasserar: Erik Larsen. Styremedlemmer: Kjersti Andvik, Svein Atle Næss og Roy André B. Bogevåg.
Sak 5 - 2018 Sommaravslutning med BGP/UGP
Leiar sjekkar datoane 2. og 9. juni

Referat frå styremøte i Masfjorden SK torsdag 22.3.18 kl 20.40
Sak 1 - 2018 Konstituering av styre for 2018
Leiar (vald av årsmøtet): Odd Birkestrand. Kasserar: Arn-Tore Haugsdal. Styremedlem: Odd Helge Birkestrand Vara: Torkel Kvinge Tande
Sak 2 - 2018: NM for klubblag 10.-13.5.18
Klubben melder i første omgang på 2 lag, eit i gr. A og eit i gr. B. Turneringa blir i år arrangert i Bergen, og me prøver så godt det la seg gjera å ordna med privat overnatting.

 

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SK
Torsdag 22. mars 2018, Sandnes skule kl. 20.00

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden – Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Birkestrand – Samrøystes

  1. Val av referent: Odd Helge Birkestrand - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet:

         Svein Atle Næss og Arn-Tore Haugsdal - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde:
    5 røysteføre medlemmar til stades; Odd, Shjalg Ole, Arn-Tore, Odd Helge og Svein Atle. Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Birkestrand:

         -Årsmelding i vedlegg. -Du finn den også under lenka «Arkiv 2018/17» på            
          heimesidene våre: www.masfjordensku.com  
Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon:
    Arn-Tore gjekk gjennom rekneskapet. Inntektene i 2017 var stort sett frå grasrotandelen, og utgiftene stort sett på NM for klubblag.
    Samrøystes godkjend

8. Val av leiar: Forslag frå valkomite: Odd Birkestrand (attval 1 år)

9. Val av øvrige styremedlemmar

Forslag frå valkomite: Arn-Tore Haugsdal, Odd Helge Birkestrand, Varafolk: 1. Torkel Kvinge Tande

          - Styret konstituerer seg sjølv i førstkomande styremøte

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SKU
Torsdag 22. mars 2018, Sandnes skule kl. 19.00

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden – Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand – Samrøystes

  1. Val av referent: Lillian S. Andvik - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet: Svein Atle Næss og Jorunn Brekkhus - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 9 røysteføre medlemmar til stades; Erik, Kjersti, Arn-Tore, Odd Helge, Khaled, Mohamad, Jorunn, Svein Atle og Lillian. Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand:
    -Deltok på BGP/UGP-turneringar, arrangerte sjølv 2 av dei.
    -Masfjorden GP (NGP og hurtigsjakk); Suksess sjakkleg og økonomisk.
    -Gabriela deltok i NMJ.
    -Samandrag BGP/UGP: Roy Andre 1. plass i ungdom, Shjalg Ole 10. plass i kadett.(mange hundre deltar over heile landet i 5 årsklassar).
    -Aktivitet i BGP, KM, lagsjakk, NGP og NM.
    -Kurs for nye i Nordbygda og på Sandnes okt.-des. 2017.
    -Klubbavslutning i juni i Nordbygda og på Sandnes; mat og premier, til jul BGP, graut og premier.-Heimesider (www.masfjordensku.com) og facebook oppdatert heile året; bilder, reportasjer, informasjon, styrereferat og lenker til resultatlister m.m.
    -KM for ungdom 2017; Roy André vart krinsmeister i klasse A og Gabriela med andreplass i G. -NM for ungdom 2017; Roy André, Sigve og Gabriela.
    -Du finn meir info og lenker til resultatlister for 2017 under lenka «Arkiv 2018/17» på heimesidene. -Medlemstal; 42 (37 + 4 styremedlemmer og eit æresmedlem). Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon: Klubben gjekk med overskot i 2017, pga. NGP-turnering i februar og sponsorstøtte for 2018 som kom på konto alt i 2017. Årsmøtet gjev styret mynde til å gjera endringar og godkjenna rekneskapet ved eventuelle anmerkningar frå revisor. Samrøystes.
    8. Budsjett
    Det låg ikkje føre budsjett for 2018. Klubben har god økonomi og kasserar og leiar passer på at utgiftene ikkje blir for store. Årsmøtet tek dette til etterretning.

9. Val av leiar
Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år)
10. Val av øvrige styremedlemmar
Forslag frå valkomite: Svein Atle Næss (ikkje på val), Erik Larsen (2 år), Kjersti Andvik (2 år). 1 medlem vald av spelarane: Roy André B. Bogevåg (1 år). Varafolk: 1. Øyvind Lilletvedt (1 år) 2. Atle Nordland (1 år) - Styret konstituerer seg sjølv i førstkomande styremøte.
11. Val av revisor: Brit Nordland (1 år)
12. Øvrige val: Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, vara: Odd Birkestrand
     Valkomité: Atle Nordland (1 år), Odd Birkestrand (1 år)
13 Eventuelle innmelde saker til årsmøtet – ingen innmelde saker.

Leiar avslutta årsmøtet med å oppmoda foreldre og medlemmer om å nytta heimesidene for å halda seg oppdatert om komande turneringar, sjakkleir, referat, info. osv.

Masfjorden sjakklubb vinter/vår 2018
I år feirar me 40 år og har ulike jubileumsaktivitetar under planlegging.

Trening for barn og unge
Nordbygda skule tirsdagar 14.30-16.00, første dag 9. januar.
Sandnes skule torsdagar 18.00-19.30, første dag 11. januar.
Treningane er for dei som var med i sjakklubben og på kurs i 2017 + andre som har slutta og vil begynna igjen, eller dei som kan spela sjakk og har lyst å trena i klubb.
Innhald: Undervisning, oppgåver og speletrening (lyn- og hurtigsjakk). I tillegg får dei medlemsbladet Førsteraden frå USF og kan delta på turneringar (BGP, KM og NM).

Medlemskontingent for 2018 er kr 400,- (søskenrabatt 700,-), som du betaler til Masfjorden SKU sitt kontonr.: 3635 50 17782 (me har vipps, men banken tar 7 kr for 400,-)
Påmelding: SMS, facebook eller e-post til Odd Helge.

Turneringar vinter/vår 2018
Det er mange turneringar du kan vera med på: Vestlandsserie, Jubileumsturneringar, BGP'ar (det kjem fleire på terminlista m.a. i Masfjorden), KM og NM for skulelag, NGP og NM for klubblag (i Bergen); sjekk terminlista på heimesidene for datoar!

Referat styremøte Masfjorden SKU 19.1.18
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen, Svein Atle Næss, Gry Helen Kvingedal, Odd Birkestrand, Torkel K. Tande og Atle Nordland.
Sak 1 – 2018 Masfjorden Jubileums Grand Prix 16.-18. februar 2018
Odd Helge og Torkel informerte om turneringane (Langsjakk, hurtigsjakk og lynsjakk), omlag antall deltakarar, overnatting og rom som blir tatt i bruk på skulen jubileumshelga
Sak 2 – 2018 Nye æresmedlemmer i Masfjorden SKU
Odd Helge var ikkje med på denne saka. Forslag frå Torkel K. Tande:
Masfjorden SKU tildeler Odd Helge Birkestrand og Arn-Tore Haugsdal æresmedlemsskap.
Vedtak: Klubben tildeler to nye æremedlemsskap i løpet av jubileumshelga.
Sak 3 – 2018 Planlegging av jubileumshelg
Odd Helge, Torkel og Odd var ikkje med på denne saka.
Det vart i møtet planlagt måltider, kiosk, bruk av rom, rydding og dugnadslister.


Referat styremøte Masfjorden SKU 28.9.17
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen og Svein Atle Næss.
Sak 17 – 2017 Skriv og meldingar
a) Masfjorden Jubileums Grand Prix 16.-18. februar 2018
Odd Helge og Torkel har hatt arbeidmøte, me jobbar m.a. med å få på plass sponsorar, spelarar både frå Norge og andre land, premiering og aktivitetar;
5 runder klassisk sjakk, hurtigsjakk for lågt rata, lynsjakk spesial.
b) Stor aktivitet i sommar; Landsturnering, Bergen spillfestival og turneringar utanlands (Tsjekkia og Kroatia). Rapportar og bilete på heimesidene.
c) Odd Helge og Arn-Tore planlegg nybegynnarkurs i Nordbygda og på Sandnes med oppstart tidleg i oktober.
d) Torkel jobbar med ny logo og pris på klubbgensar og t-skjorte.
e) aktuelle turneringar i haust: Stavanger Open 11.-15.10, Hønefoss GP 13.-15.10, NM for klubblag 20.-22.10, Bronstein Cup 28.10, KM for ungdom 29.10, seriesjakk 4.-5.11, NM for ungdom 10.-12.11, Bergen GP 17.-19.11, Bergen BGP 25.11, seriesjakk 2.-3.12, Sotra BGP 10.12.
Sak 18 – 2017 Innkjøp av premiar
Torkel og Odd Helge har sett på bokpremiar og restlager til Nordhordland Sjakk (aktivitetar avslutta). Premiane skal nyttast i klubb-, BGP/UGP-turneringar og Masfjorden Jubileums Grand Prix 2018.
Vedtak: Styret godkjenner innkjøp av premiar til våre arrangement.
Sak 19 – 2017 Innkjøp av ny skrivar
Vedtak: Odd Helge kjøper ny skrivar til sjakklubben.
Sak 20 – 2017 Masfjorden BGP 2 og 3
Planen er å arrangera 2 BGP-turneringar før jul, aktuelle datoar: 4. eller 5. november, 25. november, 2. eller 3. desember.
Vedtak: Odd Helge sjekker med skulemusikk og bestemmer datoar.
Sak 21 – 2017 Startavgifter i Tsjekkia
Odd og Odd Helge har søkt om å få støtte til startavgifter for turneringane dei spelte i Praha og Olomouc i august 2017.
Vedtak: Klubben støtter trenarane med kr 1500,- til startavgift i Tsjekkia.

Sak 22 – 2017 Tilbod om trening frå Bergen Chess Academy 21.-22.10.17
Vedtak:
Klubben støtter medlemmer som vil delta med startavgift og reiseutgifter.
Sak 23 – 2017 Bytte av treningsrom og lager
Vedtak:
Utsatt pga rom og hyller i bruk.
Sak 24 – Treningar haust og vinter 2017/18
Odd Helge, Odd og Arn-Tore ser på å bytta nokre treningsettermiddagar med ei lengre økt samla for Nordbygda og Sandnes nokre lørdagar (el. søndag).
Vedtak: Styret lagar til mat og drikke på desse samlingane.

Sak 25 – 2017 Jubileumsfest 2018
Vedtak:
Utsatt til neste styremøte.

Sak 26 – 2017 Eventuelt
a) Tilbod på kulepennar, bestiller 100.
b) Fjaler får tilbod om å betala kr. 800,- pr. person jubileumshelga.

Referat styremøte Masfjorden SKU 5.5.17
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen og Kjersti Andvik

Sak 7 – 2017 Skriv og meldingar

a) Masfjorden Jubileums Grand Prix 16.-18. februar 2018

Langsjakk, hurtigsjakk og lynsjakk = dugnadshelg i sjakklubben!

b) I Nordbygda og på Sandnes er me i gang med «skolesjakken».

Sak 8 – 2017 Godkjenning av rekneskap for 2016

Vedtak: Etter vedtak frå årsmøtet. Styret godkjenner rekneskap for 2016.

Sak 9 – 2017 Søråshøgda BGP 13. mai

Vedtak: Turnering for barn og unge, klubben støtter medlemmer med startavgift og reiseutgifter.

Sak 10 – 2017 Åpent Hordalandsmesterskap 25.-28. mai

(+lyn- og hurtigsjakkturnering)

Vedtak: Turneringar for barn, unge og vaksne, klubben støtter medlemmer med startavgift og reiseutgifter.

Sak 11 – 2017 Masfjorden BGP

Vedtak: Me arrangerer to turneringar i haust, me kjem tilbake med datoar.

Sak 12 – 2017 Sommaravslutning 10. juni

Me samler Nordbygda og Sandnes til felles avslutning, på programmet: Klubbturnering (hurtigsjakk), mat og premieutdeling. Kl. 10.30 – 15.00.

Sak 13 – 2017 Landsturnering i Stavanger

Vedtak: Turneringar for barn, unge og vaksne. Sjakkleir (8 – 15 år) 30. juni til 8. juli. Klubben støtter medlemmer med startavgift/leiravgift og reiseutgifter. Send søknad med utgifter (leir-/startavgift, reise og opphald).

Sak 14 – 2017 Bergen Sommar GP

(spillfestival med 4 turneringar)

Vedtak: Turnering for barn, unge og vaksne, klubben støtter medlemmer med startavgift og reiseutgifter.

Sak 15 – 2017 Reknes Byggjevarer LL

Ein av sponsorane våre har invitert oss på sommarfest (slutten av august), dei vil at me stiller med 8-10 spelarar, tar med oss brett, brikker og klokker og speler mot dei ansatte.

Sak 16 – 2017 Eventuelt Ingen saker.

 

Masfjorden SKU vår/sommar 2017

Søråshøgda BGP/UGP 13. mai
Turnering for barn og ungdom i Bergen (Ulriken bydelssenter). Det er plass til 90 spelarar i lokalet, gje ein lyd snarast om du vil vera med!

Søråshøgda Hurtig Grand Prix torsdag 25. mai
Hurtigsjakkturnering -6 runder- for alle på Ulsmåg skole (Nesttun).

Åpent Hordalandsmesterskap NGP 25.-28. mai
Turnering for alle med 6 runder langsjakk over 4 dagar, du kan stå over første runde (torsdag 25. mai) med w.o. remis. Ta kontakt om du vil vera med, så kan me få organisert transport og eventuell overnatting.

Sjakk1.no Bergen Blitz lørdag 27. mai
Lynsjakkturnering -10 runder- i Bergen på Ulsmåg skole (Nesttun) lørdag kveld.

Sommaravslutning Nordbygda og Sandnes lørdag 10. juni
Me avsluttar med klubbturnering, mat og premieutdeling på Sandnes skule lørdag 10. juni (dato kan bli endra om dette t.d. kolliderer med seminar) kl. 10.30 – 15.00.

Landsturnering i Stavanger 30. juni – 8. juli
I år blir det arrangert sjakkleir for barn under landsturneringa, du finn lenke på heimesidene (www.masfjordensku.com) til meir informasjon. Ta kontakt om du vil vera med på landsturnering/sjakkleir så kan me organisera reise og overnatting (for dei som ikkje skal på leir).

Klubben støtter reise og opphald (leirutgifter), send søknad!

Bergen Spillfestival 28. juli – 5. august
Det blir arrangert 4 sjakkturneringar under spillfestivalen, langsjakk, hurtigsjakk, lynsjakk og cafésjakk. Du finn lenker til meir informasjon på heimesidene.

Styremøte i Masfjorden SKU 10.3.17
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen, Svein Atle Næss, Shjalg Ole Næss, Kjersti Andvik og Atle Nordland.

Sak 6 – 2017 Konstituering av styret i Masfjorden SKU for 2017

Vedtak: Leiar: Odd Helge Birkestrand (vald av årsmøtet 10.3.17)
Kasserar: Erik Larsen (samrøystes)
Styremedlemmer: Kjersti Andvik, Svein Atle Næss og Shjalg Ole Næss. Varamedlemmer: Atle Nordland og Øyvind Lilletvedt.

 

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SKU

Fredag 10. mars 2017, Sandnes skule kl. 18.15

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden – Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand – Samrøystes

  1. Val av referent: Atle Nordland - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet Erik Larsen og Kjersti Andvik - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 7 røysteføre medlemmar til stades.

Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand:

 

-Odd Birkestrand vart 17.4.16 vald til æresmedlem i Ungdommens Sjakkforbund.

-Deltok på BGP/UGP-turneringar, arrangerte sjølv 3 av dei.

-Masfjorden GP (NGP og 2 x BGP); Suksess sjakkleg og økonomisk.

-Gabriela og Josefine deltok i NMJ.

-Samandrag BGP/UGP: Shjalg, Roy Andre og Kjetil på topp 10 i lilleputt, kadett og ungdom (mange hundre deltar over heile landet i 5 årsklassar).

-Sigve Hølleland hadde eit aktivt sjakkår og me støtta mellom anna VM i India.

-Shjalg Ole sigra i fleire typar turneringar; BGP, lynsjakk og langsjakk.

-NM for skulelag (Bergen), Nordbygda skule var med + medlemmer med på andre turneringar.

-Aktivitet i BGP, KM, lagsjakk, NGP, NM og internasjonale turneringar.

-Klubbavslutning i juni og til jul i Nordbygda og på Sandnes; mat og premier.

-Heimesider oppdatert heile året; bilder, reportasjer, informasjon, styrereferat og lenker til resultatlister m.m.

-Avtale og samarbeid med Nordhordland Sjakk AS.

-KM for ungdom 2016; Kjetil vart krinsmeister i klasse A og Gabriela med andreplass i G.

-Du finn meir info og lenker til resultatlister for 2016 under lenka «Arkiv 2016/15» på heimesidene.

-Medlemstal; 40 (35 + 4 styremedlemmer og eit æresmedlem).

Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon:

Det mangler nokre bilag. Kasserar tar ein ny gjennomgang og leverer til revisor før endeleg godkjenning. Årsmøtet gjev styret mynde til godkjenning av rekneskap på neste styremøte.

8. Budsjett

Det låg ikkje føre budsjett for 2016. Klubben har god økonomi og pga varierande medlemstal og deltaking på turneringar lokalt, regionalt og nasjonalt prioriterer me ikkje å laga budsjett. Kasserar og leiar passer på at utgiftene ikkje blir for store.

Årsmøtet tek dette til etterretning.

9. Val av leiar

Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år)

10. Val av øvrige styremedlemmar

Forslag frå valkomite: Svein Atle Næss (2 år), Erik Larsen (ikkje på val), Kjersti Andvik (ikkje på val) 1 medlem vald av spelarane: Shalg Ole Næss (1 år)

Varafolk: 1. Øyvind Lilletvedt (1 år) 2. Atle Nordland (1 år)

- Styret konstituerer seg sjølv i førstkomande styremøte

11. Val av revisor: Brit Nordland (attval 1 år)

12. Øvrige val:

Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, vara: Odd Birkestrand

  Valkomité: Atle Nordland (1 år), Odd Birkestrand (1 år) – alle val samrøystes.

 

Masfjorden SKU våren 2017
Tusen takk for fantastisk dugnadsinnsats 17.-19.2, me har fått gode tilbakemeldingar frå mange av dei tilreisande. Me sit igjen med eit overskot som skal komma medlemmene til gode på eigne arrangement og på reiser regionalt og nasjonalt. Neste år planlegg me for jubileumsturnering – 40 år sidan stifting i 1978!

Medlemskontingent Masfjorden SKU 2017
Det er ikkje alle som har betalt kontingent for 2017, kr 400,- (kr 700,. for to barn): Kontonummer: 3635 50 17782

Medlemskontingent Masfjorden SK 2017
Kontingenten i "vaksenklubben" kr 600,- til kontonr.: 3632.53.68254 (medlemmer i MSKU betaler ikkje kontingent i MSK)

Masfjorden SKU vinter og vår 2017
Medlemskontingent MSKU 2017
Kontingenten går med til å dekka nokre av utgiftene til Masfjorden SKU; Medlemsskap i USF (medlemsblad og rett til å delta i turneringar)) og HBUS (krets), undervisningsmateriell, heimesider, premiar og mat ved avslutning sommar og jul, rabatt på startavgift ved eigne turneringar, støtte til reiser på turneringar og samlingar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det ingen av trenarane i MSKU som tar seg betalt for det arbeidet dei gjer for klubben (trening, reiser, heimesider).

kr 400,- (søskenrabatt: kr 700,- for 2 barn, 1000,- for 3 barn) til:

Masfjorden SKU Kontonr.: 3635 50 17782

Styret vil med dette be om at kontingenten blir betalt innan 15/2-17.

Heimesider: www.masfjordensku.com her legg me m.a. ut informasjon, rapportar og bilete frå turneringar som våre spelarar (både vaksne og barn) deltar på, lenker til påmelding og resultatlister, referat frå styremøter og årsmøte, sponsorar, info om grasrotandel, arkiv frå 1978 til dd, terminliste mm. Du finn også lenke til facebooksidene våre (be gjerne om å bli lagt til).

Informasjon på SMS
Leiar sender info om treningar, turneringar, møter mm på sms til foreldre. Får du ikkje desse kan du senda ein sms til Odd Helge (90501109) så blir du lagt til i lista. KM for skulelag og andre turneringar finn du info om via lenka «Terminliste» på heimesidene.

 

Utvida Styremøte i Masfjorden SKU fredag 27.01.17 
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Atle Nordland, Odd Birkestrand, Kjersti Andvik, Svein Atle Næss og Vebjørn K. Aasgard.

Sak 1 – 2017 Skriv og meldingar

a) Støtte på kr 5000,- frå Kjetil M. Aasen

b) KM for skulelag 11. mars

c) NM for skulelag 28.-30. april i Oslo

d) Kristine går av som vara (ingen barn med i klubben)

Sak 2 – 2017 Masfjorden Grand Prix 17.-19. februar

Styret tar seg av dugnad i kiosk (innkjøp, salg og rydding), måltider og vakter.

Odd Helge, Torkel og Odd tar seg av påmeldingar, premiar og turnering.

Hurtigsjakk lørdag med gratis startavgift for medlemmer.

Vedtak: Dugnad som over.

Masfjorden SKU støtter spelarane med kr 100,- i avslag på startavgift.

Sak 3 – 2017 Årsmøte 2017

Vedtak: Dato for årsmøte i Masfjorden SKU fredag 10. mars 2017.

Sak 4 – 2017 Masfjorden BGP 1 og 2

Vedtak: Odd Helge finn datoar og sjekker opp mot andre arrangement.

Sak 5 – 2017 Eventuelt    Ingen saker meldt til eventuelt.

Kjersti, Atle og Svein Atle starta planlegging av dugnad på Masfjorden GP 2017 i etterkant av styremøtet og nytt møte søndag 29/1.

Styremøte i Masfjorden SKU torsdag 08.09.16
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen, Svein Atle Næss og Kristine Kårdal

Sak 16 – 2016 Skriv og meldingar
a) Støtte frå Lindås kommune til Sigve Hølleland

b) Støtte frå HBUS

c) Sommaraktivitet (Bergen, Tromsø, Danmark og India)

d) Skolesjakken (Sandnes, Nordbygda og Matre)

Sak 17 – 2016 Masfjorden BGP/UGP 3 lørdag 17. september
Styret tar seg av dugnad i kiosk (innkjøp, salg og rydding). Kjersti kan laga vaffelrøre. Mjelk må kjøpast inn (sjekk andre varer). Odd Helge tar seg av påmeldingar, premiar og turnering.

Vedtak: Dugnad som over.Masfjorden SKU støtter spelarane med kr 50,- i avslag på startavgift på BGP/UGP 3. Masfjorden BGP/UGP 4 – Odd Helge sjekker datoar.

Sak 18 – 2016 Liljevatnet langsjakk-BGP/UGP 23.-25. september
Turnering for barn og unge over 3 dager, kven melder seg på?

Vedtak: Masfjorden SKU støtter reise, kost og opphaldsutgifter til spelarane.

Eigendel ved privat overnatting kr 300,-, ved hotell/betalt overnatting kr 600,-.

Sak 19 – 2016 NM for Ungdom i Trondheim 4.-6. november
Me satser på at me får nokre interesserte som vil reisa til Trondheim

Vedtak:
Eigendel kr 800-1000,- (litt etter kva utgiftene blir). Reiseleiar; MSKU dekker reise og opphald for 1 – kven blir bestemt når me ser kven som melder seg på.

Sak 20 – 2016 Innkjøp av materiell
Masfjorden SKU har god økonomi og nokre av dei eldste digitale klokkene syng på siste verset. Leiar i MSKU ønsker at me kjøper 5 nye klokker.

Vedtak: Masfjorden SKU kjøper inn 5 nye digitale klokker.

Sak 21 – 2016 Eventuelt
a) Masfjorden Grand Prix 2017; utvida styremøte med vara, Gry Helen og Vebjørn.

 

Styremøte i Masfjorden SKU torsdag 23.6.16 (på sms)
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen, Svein Atle Næss og Kjersti Andvik

Sak 15 - 2016 Støtte til Sigve Hølleland
Sigve Hølleland er av USF (Ungdommens Sjakkforbund) tatt ut til å representera Norge i VM for juniorar i India 7. - 22. august 2016. Masfjorden SKU har søkt om og fått støtte hjå Lindås kommune på kr 5000,-.

Vedtak:
Masfjorden SKU støtter Sigve med kr 5000,- til trening med GM/IM, Landsturnering og reise til VM i India. Odd Helge jobber med å finna fleire støttespelarar.

 

Styremøte i Masfjorden SKU torsdag 14.4.16
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Erik Larsen, Svein Atle Næss og Kjersti Andvik

Sak 9 - 2016 Skriv og meldingar
a) KM skulelag – ingen frå Masfjorden (kollisjon med seminar).

b) Bergen kursavslutnings-BGP/UGP 9.4.16

c) Søråshøgda Mai-BGP 22.5.16

Sak 10 – 2016 Støtte til NM for skulelag i Bergen 2016
Nordbygda skule deltar med 5 spelarar + Arn-Tore Haugsdal som lagleiar.

Vedtak: Klubben støtter reisa til NM for skulelag 2016. Eigendel høgast kr 500,-.

Sak 11 – 2016 Masfjorden BGP 3

Vedtak: Me arrangerer BGP/UGP-turnering 21/5 eller 28/5.

Sak 12 – 2016 Sjakkleir på Sandnes skule 22.-25. juni 2016

Vedtak: MSKU støttar medlemmer med kr 500,- pr medlem.

Sak 13 – 2016 NM for klubblag i Stavanger 10.-12. juni 2016.
Er det nok interesse vil Masfjorden SK stilla med 2 lag, dette visst 2-3 av spelarane i MSKU vil/kan vera med (Shjalg, Roy Andre, ?...).

Sak 14 – 2016 Eventuelt
a) Sjakkleir BGP lørdag 25. juni (også for dei som ikkje er på leir).

b) Avslutning vår 2016 – Nordbygda 7. juni og Sandnes 9. juni.

c) Klubbgensar/t-skjorte – Odd Helge arbeider videre med dette.

 

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SJAKKLUBB 14.04.16

Sak 1: Val av møteleiar og referent: Odd Birkestrand og Odd Helge Birkestrand

Sak 2: Årsmelding – godkjend

Sak 3: Årsrekneskap – godkjend

Sak 4: Fastsetjing av kontingent: Inga endring

Sak 5: Planlagde aktivitetar:

  1. NM for klubblag – 1 lag er påmeldt til NM i Stavanger i juni. Dersom økonomien tillet det og interessa er stor nok, vurderer vi å melde på eit ungdomslag i tillegg

  2. Landsturneringa i Tromsø – uklart om det blir spelarar frå Masfjorden i år

  3. Sjakkleir på Sandnes skule – instruktørar frå MSK

  4. Vestlandsserien 2016/17 – det blir vurdert å stille lag også i 2.divisjon

  5. Klubbkveldar – Odd Helge og Odd ser på dette – evt. arrangere klubbkveld med nokre vekers mellomrom, der ein prøver å aktivisere tidlegare aktive

Sak 6: Evt. framlegg frå medlemmane – ingen

Sak 7: Val av styre: Leiar: Odd Birkestrand (attval) Kasserar: Arn-Tore Haugsdal(attval) Styremedlem: Torkel Kvinge Tande Varafolk: Odd Helge Birkestrand

 

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SKU

Torsdag 17. mars 2016, Sandnes skule kl. 19.00

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden - Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand - Samrøystes

  1. Val av referent: Svein Atle Næss - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet:

Gry Helen H. Kvingedal og Vebjørn K.Aasgard - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 5 røysteføre medlemmar til stades.

Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand:

-Deltok på BGP/UGP-turneringar, arrangerte sjølv 5 av dei.

-Sjakkfestival (NMJ, NGP og 2 x BGP); Suksess sjakkleg og økonomisk.

-Gabriela L.H. den femte jenta med NM-siger i NMJ.

-Samandrag BGP/UGP: Shjalg og Roy Andre på topp 10 i lilleputt og kadett (mange hundre deltar over heile landet i 5 årsklassar).

-Sigve Hølleland med andreplass i NM for ungdom (kvalifisert for nordisk 2016), godt spel og fleire gode resultat/parti.

-KM (Bergen) og NM for skulelag (Moss), Nordbygda skule var med.

-Aktivitet i BGP, KM, lagsjakk, NGP, NM og internasjonale turneringar.

-Klubbavslutning i juni og til jul i Nordbygda og på Sandnes; mat og premier.

-Heimesider oppdatert heile året; bilder, reportasjer, informasjon, styrereferat og lenker til resultatlister m.m.

-Avtale og samarbeid med Nordhordland Sjakk AS.

-KM for ungdom 2015; Øyvind Andvik vart krinsmeister og Roy A 2. i klasse B,, Sigve 2. og Kjetil 3. i A.

-Medlemstal; 42 + 4 styremedlemmer

Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon: Samrøystes godkjend

8. Budsjett

Det låg ikkje føre budsjett for 2015. Dette vil bli prioritert når det nye styret trer saman. Ein vil då og jobbe med eit grovbudsjett for inneverande år.

Årsmøtet tek dette til etterretning.

9. Val av leiar

Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år)

Samrøystes vald

10. Val av øvrige styremedlemmar

Forslag frå valkomite: Svein Atle Næss (ikkje på val), Erik Larsen (ny 2 år), Kjersti Andvik (ny 2 år) 1 medlem vald av spelarane: (1 år)

Varafolk: 1. Kristine Kårdal (1 år) 2. Atle Nordland (1 år)

Samrøystes valde - Styret konstituerer seg sjølv i førstkomande styremøte

11. Val av revisor: Brit Nordland (ny 1 år) Samrøystes vald

12. Øvrige val:

Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, vara: Odd Birkestrand

 Valkomité: Atle Nordland (1 år), Odd Birkestrand (1 år) Samrøystes valde

Styremøte i Masfjorden SKU torsdag 17.3.16
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Svein Atle Næss og Kjersti Andvik

Sak 7 - 2016 Konstituering av nytt styre

Leiar: Odd Helge Birkestrand (vald av årsmøte, 1 år)

Kasserar: Erik Larsen (ny, 2 år)

Styremedlem: Svein Atle Næss (ikkje på val, 1 år)

Styremedlem: Kjersti Andvik (ny, 2 år)

Sak 8 - 2016Søknad om støtte til NMJ 2016

Søknad frå Arn-Tore Haugsdal med dokumenterte utgifter om støtte til NM for jenter 2016 for Gabriela og Josefine Lunde Haugsdal.

Vedtak:Klubben støtter reisa til NMJ 2016 med kr 2000,-.

 

Styremøte i Masfjorden SKU onsdag 13.1.16
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn K Aasgard, Svein Atle Næss, Atle Nordland og Gry Helen H Kvingedal

Sak 1 – 2016 Skriv og meldingar
a) Odd Helge lager eit infoskriv om medlemskontingent, turneringar og årsmøte.

b) Info til valkomite; Vebjørn og Gry Helen tar ikkje attval.

c) Odd Helge sender ut sponsorsøknader.

d) KM for skulelag i Bergen 12.-13. mars.

e) NM for skulelag i Bergen 15.-17. april.

Sak 2 – 2016 Avtale med Nordhordland Sjakk AS
Nordhordland Sjakk AS har lagt inn endringar i avtalen, skal den halda fram, endrast eller avsluttast? Odd Helge informerte om avtalen, sa seg ugild i saka og forlot møtet.

Vedtak: Avtale med Nordhordland Sjakk AS held fram med dei endringar som låg føre styret, Odd Helge Birkestrand (Nh Sjakk AS) og Vebjørn K. Aasgard signerer avtalen.

Sak 3 – 2016 Planlegging av Masfjorden GP/BGP 1 og 2 2016
Leige av skule, Sandnesbryggja, Tippehuset, måltider, premiering, rydding og vask, natte/brannvakt, invitasjoner osv.

Vedtak:

a) Nordhordland Sjakk tar seg av søknader, førebuing, gjennomføring og etterarbeid av alt rundt turneringane (også leiga av skule, Sandnesbryggja osv).

b) Varamenn har ansvar for overnatting/vakt/rydding og vask.

c) Styret har ansvar for måltider, kiosk og dugnadslister.

d) Planleggingsmøte 21/1 kl 18.00 (styret m/vara).

Sak 4 – 2016 Ny klubbgensar/t-skjorte
Skal me kjøpa inn nye? Svein Atle har kontakta sponsor (Hafs).

Vedtak: Odd Helge sjekkar pris og skriv ein søknad.

Sak 5 – 2016 Årsmøte i Masfjorden SKU

Vedtak: Dato for årsmøte i Masfjorden SKU blir 17/3 kl 19.00 på Sandnes skule. Styret oppmodar foreldre om å setta av dato slik at årsmøtet blir beslutningsdyktig.

Sak 6 – 2016 Eventuelt  Ingen saker meldt til eventuelt.

 

Styremøte i Masfjorden SKU torsdag 3.12.15
Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn Aasgard, Svein Atle Næss og Gry Helen H Kvingedal

Sak 34 – 2015 Skriv og meldingar

a) NM for Ungdom – 2. plass til Sigve

b) Masfjorden BGP 4 – 18 deltakarar

c) Søknad om Masfjorden GP og KM for skulelag er sendt

d) Bergens BGP 6.12 og Sotra Lucia BGP 13.12

e) NM for jenter og NM for ungdomslag

f) Siste treningsdag i 2015; Nordbygda 8/12 og Sandnes 10/12

 

Sak 35 – Avtale med Nordhordland Sjakk AS

Skal avtalen halda fram, endrast eller avsluttast?

Vedtak: Utsatt til styremøte med varamenn i januar.

Sak 36 – Innkjøp av dataprogram til trening

Trenarane har sett litt på gode program som kan nyttast på trening og privat. Me må registrera oss og betala abonnement for å nytta programmet (oppgåver mm). Pris?

Vedtak:

Masfjorden SKU abonnerer på Chessimo. Odd Helge ordner registrering og innstallering på pc'ar.

Sak 37 – Planlegging av Masfjorden GP/KM skulelag 2016

Leige av skule, Sandnesbryggja, Tippehuset, måltider, premiering, rydding og vask, natte/brannvakt, invitasjoner osv. Varamenn får ansvar for overnatting/vakt/rydding og vask.

Vedtak: Utsatt til møte med varamenn i januar.

Sak 38 – 2015 Eventuelt. Ingen saker meldt til eventuelt.

 

Referat styremøte i Masfjorden SKU torsdag 22.10.15

Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn Aasgard, Svein Atle Næss og Gry Helen H Kvingedal

Sak 28 – 2015 Skriv og meldingar

a) KM for Ungdom, 9 deltakarar, gode resultater

b) Gabriela var på treningssamling på NTG

Sak 29 – 2015 Søknad om støtte til Gabriela

Arn-Tore Haugsdal søker om støtte til reise og opphald for Gabriela Lunde Haugsdal og mor i samband med landslagssamling på NTG-Bærum.

Vedtak: Masfjorden SKU støtter med kr 2500,-

Sak 30 – 2015 Masfjorden BGP 4 21.11.15

Dugnadslister og innkjøp: Vebjørn, Gry Helen og Svein Atle.

Sak 31 – 2015 KM for Ungdom 17.10.15

Vedtak: Eigendel på kr 150,- til dei som ikkje hadde sjåførjobb. Odd Helge sender rekning for km, bompengar og parkering.

Sak 32 – 2015 NM for Ungdom i Bergen 13.-15.11.15

Me har nokre spelarar som er kvalifiserte (Sigve, Kjetil, Gabriela, Josefine, Shjalg, Kasper og Roy Andre, Sondre). Me prøver å få til privat overnatting.

Vedtak: Klubben betaler startavgift for spelarane som deltar.

Sak 33 – 2015 Eventuelt Ingen saker meldt til eventuelt.

 

Referat styremøte i Masfjorden SKU torsdag 3.9.15

Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn Aasgard, Svein Atle Næss og Kristine Kårdal (vara)

Sak 20 – 2015 Skriv og meldingar

a) Økonomi; kontoar og kontant – utgifter i haust.

b) Sommarturneringar; mest vaksne som har vore aktive (sjå heimesider).

c) Søråshøgda BGP 13.9.15 (Nordnes bydelshus) + BGP 8.11.15.

d) Sponsorar – me fekk nei frå Spv i år.

Sak 21 – 2015 Søknad om støtte til Gabriela

Arn-Tore Haugsdal har sendt søknad om støtte til reise og opphald for Gabriela Lunde Haugsdal og mor i samband med landslagssamling på NTG-Bærum 30.-31.5.15. I søknaden dokumenterer han utgifter på kr 3626,-

Vedtak: Masfjorden SKU støtter med kr 2500,-

Sak 22 – 2015 Masfjorden BGP 4

Vedtak:Me søker om å få arrangera BGP-turnering lørdag 21.11.15

Sak 23 – 2015 KM for Ungdom 17.10.15 (eller 18.10.15)

Vedtak: Me satser på å få avgårde ein gjeng som kan kjempa om KM-titlar og kvalifisera seg til NM for Ungdom i Bergen.

Sak 24 – 2015 NM for Ungdom i Bergen 13.-15.11.15

NM kolliderer med arrangement for skulemusikken

Vedtak: Me prøver å få med spelarar som kvalifiserer seg gjennom deltaking i KM og aktivitet i klubben.

Sak 25 – 2015 Avtale med Nordhordland Sjakk AS

Skal me forlenga den avtalen me har i dag elle gjera endringar?

Vedtak: Utsatt til neste styremøte med begge varamenn innkalt.

Sak 26 – 2015 Masfjorden GP 2016 + KM for skulelag

Skal me senda søknad om å arrangera GP-turnering + KM for skulelag 2016? GP 19.-21.2.16 og KM 20.-21.2.16 («minifestival»)

Vedtak: Me sender søknad til NSF og HBUS om å få arrangera GP og KM.

Sak 27 – 2015 Eventuelt

Ingen saker meldt til eventuelt.

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 7.5.15

Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Gry Helen H. Kvingedal og Svein Atle Næss

Sak 14 – 2015 Skriv og meldingar

a) Lagturnering for barn i Bergen, kjekk oppleving.

b) Informasjon frå Nordhordland Sjakk om sjakkleiren; søskenrabatt kr 500,- og 1 dugnadstime = kr 100,- i avslag (2500,- m/overnatting, 2000,- u/overnatting).

c) Samarbeidsmøte med lag og organisasjonar (Masfjord Fotball stilte ikkje).

d) Samanlagpremiar BGP/UGP 2014 (Kjetil, Øyvind, Sigve + diplomar).

e) Omlag 15 sponsorsøknader til MSKU utan svar så langt (Spv ikkje klar).

5 sponsorsøknader sendt for NM for skulelag 17.-19.4.15, utan svar...

f) Eg har purra medlemskontingent på sms.

Sak 15 – 2015 Masfjorden BGP 3 søndag 31. mai

Vedtak: Odd Helge og Torkel tar seg av info, påmelding, premiar og gjennomføring.

Odd Helge sender sms med info om turnering og dugnad.

Gry H. Og Vebjørn tar seg av dugnadsliste og innkjøp til kiosk (+5 sjokolader).

Sak 16 – 2015 Sommaravslutning i Nordbygda og på Sandnes

Vedtak:

a) Nordbygda tirsdag 2. juni 14.30-16.00, Sandnes 4. juni 18.00-19.30.

b) Mat og premiar; Me ser kva som er igjen etter BGP 31. mai og bestiller det som eventuelt mangler.

Sak 17 – 2015 NM for klubblag i Haugesund 12.-14. juni

Vedtak: Me vil sjekka med spelarar/foreldre om det er interesse for å delta med eit ungdomslag (Øyvind, Roy Andre, Heine, Sondre, Shjalg, ??).

NB! Utfordring: Jubileum 12. juni, seminar 13.-14. juni.

Sak 18 – 2015 Søknad om støtte frå Audun Hølleland

Audun Hølleland søker om kr 6000,- i støtte til turneringar som Sigve Hølleland har deltatt på i inn- og utland.

Vedtak: Masfjorden SKU støtter med kr 3000,- betalt til konto til Audun H.

+ kr 500,- i medlemskontingent for Sigve Hølleland og Ola Hølleland.

Sak 19 – 2015 Eventuelt Ingen saker under eventuelt.

 

 

Referat styremøte i Masfjorden SKU onsdag 25.03.15

Desse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn Aasgard, Gry H.H. Kvingedal og Svein A. Næss.

Sak 06 – 2015 Skriv og meldingar

a) Sotra Vår-BGP 15.3.15, Shjalg med tredjeplass i lilleputt.

b) KM for skulelag 21.3.15, Nordbygda med fjerdeplass i barneskuleklassen.

c) Omlag 15 sponsorsøknader til MSKU utan svar så langt.

d) 5 sponsorsøknader sendt for NM for skulelag 17.-19.4.15

Sak 07 – 2015 Konstituering av nytt styre i MSKU

Vedtak: Odd Helge Birkestrand - leiar (vald av årsmøte 12.3.15), Vebjørn K. Aasgard – kasserar, Gry Helen H. Kvingedal – styremedlem, Svein-Atle Næss – styremedlem, Øyvind Andvik – styremedlem (vald av spelarane 12.3.15).

Sak 08 – 2015 Sjakkfestival 13.-15.2.15-oppsummering

a) Kva fekk me til?

Godt gjennomført, ros frå tilreisande/deltakarar, overnatting, antall deltakarar, overskot.

b) Kva kan me gjera betre?

Betenkningstid/tidsskjema, fleire komitear/vakter?, kommunikasjon dugnad/vask.

Sak 09 – 2015 Innkjøp av klokker og brett

Vedtak: Pga auka antall spelarar på trening og ein del gamle slitte klokker/brett, kjøper me inn 5 av kvar frå Nordhordland Sjakk AS.

Sak 10 – 2015 BGP 3 2015

Vedtak:

a) Me arrangerer Masfjorden BGP 31.5.15

b) Spelarane i Masfjorden SKU betaler kr 0 i startavgift på BGP 3.

Sak 11 – 2015 NM for skulelag i Moss 17.-19.4.15

Vedtak: Spelarane og reiseleiarane betaler kr 1000,- i eigendel, Masfjorden SKU og eventuelle sponsorar resten (sjå budsjett i vedlegg 1).

Sak 12 – 2015 Sjakkleir juni 2015

Vedtak: Nordhordland Sjakk arrangerer sjakkleiren, spelarane i MSKU får kr 100,- i rabatt pr. dugnadstime av foreldre/søsken.

Sak 13 – 2015 Eventuelt

a) MGP 2016 + KM for skulelag –me vil søka om å få slå saman desse arrangementa.

b) NM for klubblag på Karmøy 12.-14. juni – juniorlag?

PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SJAKKLUBB

torsdag 19.mars 2015 kl.1930 på Sandnes skule

SAKLISTE:

1 Årsmelding 2014 (sjå arkiv 2014/13)

Årsmeldinga vart godkjend etter ein liten korreksjon.

2 Rekneskap 2014

Rekneskapen var ikkje heilt ferdigstilt. Kasserar gav ei fyldig orientering om inntekter/utgifter- rekneskapen blir klar til søknad om kulturmidlar skal leverast innan 1.april.

3 Medlemskontingent

Forbund/krets har auka kontingentane- MSK vil halde satsane lågast mogleg og gjer berre ei mindre justering av juniorkontingenten. Satsane blir då:

Senior: kr 600,- Junior: kr 300,- Lilleputt: kr 150,-

4 Innkomne framlegg

Ingen innkomne framlegg

5 Val

Leiar: Odd Birkestrand(attval)

Styremedlemmar: Arn-Tore Haugsdal(attval), Torkel Kvinge Tande(ny)

Varafolk: Odd Helge Birkestrand(ny)

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I MASFJORDEN SKU

Torsdag 12. mars 2015, Sandnes skule kl. 19.00

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden - Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand - Samrøystes

  1. Val av referent: Gry Helen Hope Kvingedal - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet:

Kristine Kårdal og Vebjørn K.Aasgard - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 9 røysteføre medlemmar til stades.

Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand:

-Deltok på BGP/UGP-turneringar, arrangerte sjølv 4 av dei.

-Samandrag BGP/UGP: Kjetil Andås 1. plass i ungdom og Øyvind 2. plass i kadett (mange hundre deltar over heile landet i 5 årsklassar).

-Arrangerte Sjakkleir i juni saman med Nordhordland Sjakk AS.

-Sigve Hølleland sigra i Åpent NM i påsken og i NM for Ungdom i Stavanger. Eit tredje høgdepunkt var andreplass i klasse Junior i Landsturneringa i Trondheim.

-KM for skulelag ingen frå klubben med i 2014.

-Kjetil og Sigve (spesielt) stor aktivitet BGP, lagsjakk, NGP, NM og internasjonale turneringar (11-12 turneringar).

-Sigve går på NTG-Bærum, me har støtta utgifter til startavift inn- og utanlands.

-Klubbavslutning i juni og til jul i Nordbygda og på Sandnes; mat og premier.

-Vestlandsrevyen var på besøk i desember (sending januar 2015).

-Norsk Sjakkblad og Utdanning hadde reportasjer frå «sjakkbygda».

-Heimesider oppdatert heile året; bilder, reportasjer, informasjon (m.a. styrereferat) og lenker til resultatlister m.m.

-Avtale og samarbeid med Nordhordland Sjakk AS.

-Arrangerte KM for Ungdom for HBUS.

-KM for ungdom 2014; Øyvind Andvik vart krinsmeister i klasse C.

-Sjakk på TV; auka interesse og fleire medlemmer; 48 + 4 styremedlemmer (kursa til Nordhordland Sjakk har generert medlemmer frå Ostereidet, Knarvik, Hundvin og Lindås).

Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon: Samrøystes godkjend

8. Budsjett

Det låg ikkje føre budsjett for 2015. Dette vil bli prioritert når det nye styret trer saman. Ein vil då og jobbe med eit grovbudsjett for inneverande år.

Årsmøtet tek dette til etterretning.

9. Innkomne framlegg: a) Medlemskontingent for 2016 blir kr 400,- (søskenrabatt kr 700,-).

Samrøystes godkjend

10. Val av leiar

Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år)

Samrøystes vald

11. Val av øvrige styremedlemmar

Forslag frå valkomite: Svein Atle Næss ( 2 år), Vebjørn K. Aasgard (attval – 1 år), Gry Helen Hope Kvingedal (attval – 1 år) 1 medlem vald av spelarane: Øyvind Andvik ( 1 år)

Varafolk: 1. Kristine Kårdal (1 år) 2. Atle Nordland (1 år)

Samrøystes valde - Styret konstituerer seg sjølv i førstkomande styremøte

12. Val av revisor: Kjersti Andvik (attval 1 år) Samrøystes vald

13. Øvrige val:

Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, vara: Odd Birkestrand

 Valkomité: Atle Nordland (1 år), Odd Birkestrand (1 år)

 Samrøystes valde

Sjakk våren 2015

Sjakkfestival 13.-15.2.15

Festivalen vart ein stor suksess; masse skryt frå tilreisande, over 100 spelarar i dei 4 turneringane og eit pent overskot til klubben. Og ikkje minst gratulerer me Gabriela Lunde Haugsdal som Noregsmeister i mikroputtklassen. Tusen takk for enorm dugnadsinnsats – det er kjekt å legga ned mykje arbeid når me får noko til saman!

KM for skulelag i Bergen 21. mars

Dei som vil vera med må gje melding på sms/tlf (90501109) seinast torsdag 19. mars.

Eigendel for kvar spelar kr 100,- (startavgift og reise).

Gje samtidig melding om du kan stilla som sjåfør.

Medlemskontingent 2015

Kontingenten for 2015 er kr 300,- (søskenrabatt for 2 kr 500,- for 3 kr 700,-).

Betal til konto under og merk med namn på den/dei det blir betalt for.

Kontonr. Masfjorden SKU: 3635 50 17782

NB! Nye medlemmer må senda namn, f.dato, adresse + namn og tlf til forelder.

Dette er eit av få skriv som går ut i år. Som oftast vil eg bruka sms, facebook (de kan be om å bli lagt til i «Masfjorden SKU» eller legga meg til som venn) og heimesidene for å informera foreldre og spelarar.

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 13.01.15 kl 19.00

Sak 01 – 2015 Skriv og meldingar

a) Me hadde besøk av bladet Utdanning og NRK-Vestlandsrevyen (sending 5.1.15).

b) Odd og Sigve deltok i Prague Open tidleg i januar, Sigve reiser i tillegg til Gibraltar 26.1-5.2 og Nordisk for Ungdom på Færøyane 13.-15.2.

c) Me har med 2 lag i Vestlandsserien som blir avslutta 7. og 8. februar.

Sak 02 – 2015 NM for Ungdom i Bergen (november 2015)

Søråshøgda v/Ole Valaker vil vita om Masfjorden SKU vil vera med å gjera dugnad under NM for Ungdom i Bergen i november 2015.

Vedtak: Masfjorden SKU vil ikkje be foreldra gjera dugnad på dette arrangementet, Odd Helge vil sjekka med styret i Masfjorden SK om nokre av oss som har m.a. dommarutdanning vil gjera dugnad.

Sak 03 – 2015 Sjakkfestival 13.-15.2.15

Odd Helge og Torkel jobbar med sponsorar, overnatting, transport, arrangementstekniske ting osv.

Sak 04 – 2015 Årsmøte i Masfjorden SKU

Vedtak: Årsmøtet i Masfjorden SKU blir torsdag 12. mars kl 19.00.

Sak 05 – 2015 Eventuelt

Ingen saker under eventuelt

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 20.11.14 kl 19.00

 Sak 36 – 2014 Skriv og meldingar

a) Sigve Hølleland sigra i klasse A i NM for Ungdom 14.-16.11.14.

b) Odd Helge/Nordhordland Sjakk har sendt dei første sponsorsøknadane for Sjakkfestival/Masfjorden SKU (Sparebanken Vest, Statoil, BKK og Marine Harvest).

c) Bergens BGP 29/11 og Fana BGP 13/12 – SMS til medlemmer.

Sak 37 – Avslutning i Nordbygda og på Sandnes.

Vedtak: Nordbygda torsdag 27/11 og Sandnes torsdag 4/12, spelarane får pepperkaker/snop og saft.

Sak 38 – 2014 Avtale med Nordhordland Sjakk AS

Odd Helge sa seg ugild ved sakshandsaming og vedtak.

Vedtak: Odd Helge endrer avtaledokument; a) 60% til Nordhordland Sjakk – 40% til Masfjorden SKU b) Nordhordland Sjakk skal ikkje ha % av sponsormidler til klubben c) fordelingsnøkkel gjeld for alle inntekter/overskudd på Sjakkfestivalen 13.-15.2.15. Avtaledokument blir underteikna av kasserar i Masfjorden SKU (Vebjørn Aasgard) og leiar i Nordhordland Sjakk (Odd Helge Birkestrand).

Sak 39 – 2014 Sjakkfestival 13.-15.2.15

Nordhordland Sjakk er i gang med førebuing og søknader om sponsormidler til NM for jenter/Masfjorden GP og BGP 1 og 2.

Vedtak: Styret tar utgangspunkt i dei listene som vart laga for dugnad, kiosk og måltider som vart nytta på Masfjorden GP 31.1.-2.2.14. Me informerer om at me vil prøva å legga til rette mat for dei som har allergier/kulturelle behov. Me reknar med ca 80 deltakarar. Nytt planleggingsmøte i januar 2015.

Sak 40 – 2014 Eventuelt

a) Annonse for Sjakkfestivalen 13.-15.2.15

Vedtak: Odd Helge bestiller annonse hos bergensjakk.no.

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 23.10.14 kl 19.00

 

Sak 28 – 2014 Skriv og meldingar

 

a) Sjakk på Matre – ikkje komen i gang i haust.

 

b) Vestlandsserien – 2 lag (1. og 2. divisjon)

 

c) Ingen søknad om medlemsskap i NIF

 

d) Bronstein Cup 8/11, Sotra BGP 9/11, Bergens BGP 29/11 og Fana BGP 13/12

 

Sak 29 – 2014 Støtte til Sigve B. Hølleland – VM i Sør-Afrika og NTG.

 

Vedtak: Me støtter Sigve Hølleland med kr 3000,- for utgifter til VM og NTG.

 

Sak 30 – 2014 Innkjøp av PC

 

Vedtak: Me kjøper inn ny PC til omlag kr 3000,-

 

Sak 31 – 2014 NM for Ungdom 14.-16.11.14

 

Vedtak: Målet er å få med fleire enn Kjetil og Sigve, Odd Helge snakkar med aktuelle.

 

Sak 32 – 2014 KM for ungdom 25.10.14

 

Vedtak:

 

a) Dugnadslister for kiosk/rydding – styret tar seg av dette.

 

b) Odd Helge og Torkel tar seg av informasjon, påmelding og gjennomføring.

 

c) Masfjorden Sku sponsar medlemmene med kr 50,- i startavgift.

 

Sak 33 – 2014 Avtale med Nordhordland Sjakk AS

 

Vedtak: Utsatt til neste styremøte 20.11.14.

 

Sak 34 – 2014 Sjakkfestival 13.-15.2.15

 

Nordhordland Sjakk er i gang med førebuing til NM for jenter/Masfjorden GP og BGP 1 og 2. Vedtak: Planlegging på neste styremøte 20.11.14

 

Sak 35 – 2014 Eventuelt

 

a) Sponsorar

 

Vedtak: Odd Helge jobbar med å finna sposorar til Sjakkfestival og til MSKU.

 

b) Disponering av konto i Spv – leiar i tillegg til kasserar?

 

Vedtak: Leiar i MSKU kan disponera begge kontoane (høgrente- og brukskonto) i Sparebanken Vest.

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 10.4.14

Sak 22 – 2014 Skriv og meldingar

a) gamle klokker – ikkje heilt oversikt enno b) sponsorstøtte frå Marine Harvest

c) satsing mot NM for ungdom i nov. 2014

Sak 23 – 2014 Søknad frå Audun Hølleland om støtte til Sigve.

Vedtak: Me støtter Sigve Hølleland med kr 3000,- for startavgifter og reise i januar, februar og mars 2014.

Sak 24 – 2014 Innkjøp av materiell og litteratur

Vedtak: Me kjøper inn materiell og litteratur (i staden for live-brett) som kan nyttast av trenarar og spelarar, spelarane kan låna med seg heim litteratur og DVD'ar (spel o.a.). Odd Helge bestiller varer for omlag kr 9000,-.

Sak 25 – 2014 Sjakkleir 23. - 27. juni 2014

Vedtak: a) Frifond – Odd Helge sender søknad til USF og kommunen.

b) Program mm – Odd Helge og Torkel lager dette til innan 1.5.14.

c) Budsjett, eige rekneskap – klubben støtter medlemmer som deltar på sjakkleiren med kr 750,-.

Sak 26 – 2014 Masfjorden BGP/UGP 2 1.5.2014

Vedtak: a) dugnadslister – styret tar seg av dette.

b) premiering – det som mangler kjøper me av Nordhordland Sjakk as.

c) Odd Helge og Torkel tar seg av informasjon, påmelding og gjennomføring.

Sak 27 – 2014 Eventuelt

a) km-sats for køyring av spelarar på turneringar Vedtak: Me aukar satsen til kr 3,- pr. km.

Masfjordnes 11.4.14 Odd Helge Birkestrand

 

Referat styremøte Masfjorden SKU torsdag 13. mars 2014

 

Desse møtte: Odd Helge, Gry Helen, Vebjørn, Kjetil og Lars.

 

Sak 15 – 2014 Skriv og meldingar

 

a) Vebjørn jobbar med å få på plass eit brett til dei store «utebrikkene».

 

b) Styret jobbar med innkjøp og dugnadslister til BGP/UGP 1 22.3.14.

 

c) Leiar sender informasjon på sms, facebook og nokre gonger «flygeblad» i tillegg til at informasjon blir lagt ut på heimesidene.

 

d) Me starta kurs/trening i Nordbygda 13.3.14, torsdagar frå kl 14.15.

 

e) Nordhordland Sjakk legg fram plan for sjakkleir 23.-27. juni på neste styremøte.

 

Sak 16 – 2014 Konstituering av styret vald av årsmøtet 13.3.14

 

Vedtak:

 

Kasserar: Vebjørn K Aasgard. Styremedlemmer: Lars Andås, Gry Helen H. Kvingedal og Kjetil Andås (leiar Odd Helge Birkestrand vald av årsmøtet).

 

Sak 17 – 2014 Tårnur til medlemmer i MSKU

 

Leiar foreslår at medlemmane i MSKU ved Sandnes skule får dei gamle tårnura i premie/gåve ein gong våren 2014. Vedtak: Samrøystes.

 

Sak 18 – 2014 Kulturmidler 2014

 

Vedtak: Leiar sender søknad innan fristen 1. april 2014.

 

Sak 19 – 2014

 

Nye medlemmer i Nordbygda, på Ostereidet, i Knarvik og på Lindås

 

Leiar sitt forslag til vedtak: Nye medlemmer på desse stadane betaler kr 100 i medlemskontingent for 2014. Leiar sa seg ugild ved vedtak og forlot møterommet.

 

Vedtak: Styret vedtok at desse medlemmene betaler kr 120,- i medlemskontingent for 2014. Dette vil dekka eventuell auka kontingent frå forbund og portoutgifter.

 

Sak 20 – 2014 Innkjøp av «livebrett»

 

Leiar sitt forslag til vedtak: Masfjorden SKU går til innkjøp av eit «livebrett», me kan då legga ut eit parti live når me arrangerer turneringar.

 

Vedtak: Leiar får i oppdrag å innhenta pris på eventuelt innkjøp til neste styremøte.

 

Sak 21 – 2014 Eventuelt Ingen saker under eventuelt.

 

Masfjordnes 13.3.14 Odd Helge Birkestrand

 

REFERAT ÅRSMØTE I MASFJORDEN SKU

Torsdag 13. mars 2014, Sandnes skule kl. 18.10

 

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden - Samrøystes

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand - Samrøystes

  1. Val av referent: Vebjørn K. Aasgard - Samrøystes

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet:

Gry Helen Hope Kvingedal og Kristine Kårdal - Samrøystes

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 10 røysteføre medlemmar til stades.

 Beslutningsmynde godkjend.

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand:

-Deltok på 6 BGP/UGP, arrangerte sjølv 3 av dei.

-Samandrag BGP/UGP: Øyvind 1. plass og Roy André 6. plass i lilleputtklassen (mange hundre deltar over heile landet).

-KM for ungdom/skulelag ingen frå klubben med i år.

-Kjetil og Sigve (spesielt) stor aktivitet BGP, lagsjakk, NGP og NM (11-12 turneringar).

-Sigve går på NTG-Bærum, me har støtta utgifter til startavift inn- og utanlands.

-Ann Regine og Julie var på jentesamling i Bergen.

-Kursavslutning 6. juni, mat og premier.

-Utvida til 2 grupper og lengre treningstid.

-Radiointervju x 2 (første i starten av ei klubbtrening).

-Heimesider oppdatert heile året; bilder, reportasjer, informasjon (m.a. styrereferat) og lenker til resultatlister m.m.

-Avtale og samarbeid med Masfjordsjakk --> Nordhordland Sjakk AS.

-VM-kamp; auka interesse og fleire medlemmer; 19 + 4 styremedlemmer.

Samrøystes godkjend

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon – Samrøystes godkjend

8. Budsjett

Det låg ikkje føre budsjett for 2014. Dette vil bli prioritert når det nye styret trer saman. Årsmøtet tek dette samrøystes til etterretning

  1. Innkomne framlegg: a) Arrangera NM for jenter 2015 b) Arrangera helgeturnering jan/feb 2015 c) Sjakkleir juni 2015 – alle arrangement i samarbeid med Nordhordland Sjakk as (BGP-turneringar er ikkje med i avtalen).

Vedtak:Leiar jobbar med søknad om å få arrangera NM for jenter og NGP turnering i februar 2015. Sjakkleir i 2015 blir vurdert etter erfaringane med leiren i 2014.

10. Val av leiar

Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år) - Samrøystes

11. Val av øvrige styremedlemmar

Forslag frå valkomite: Lars Andås (attval – 2 år), Vebjørn K. Aasgard (ikkje på val), Gry Helen Hope Kvingedal (attval – 2 år) - Samrøystes valde

Styret konstituerer seg sjølv i styremøte torsdag 13.3.14 kl 19.00

1 medlem vald av spelarane: Kjetil H. Andås (attval 1 år) - Samrøystes

Varafolk: 1. Kjersti Andvik (attval 1 år) 2. Svein Andvik (attval 1 år) - Samrøystes

12. Val av revisor: Kjersti Andvik (attval 1 år) - Samrøystes

13. Øvrige val:

Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand, vara: Odd Birkestrand - Samrøystes

Valkomité: Atle Nordland (attval 1 år), Odd Birkestrand (attval 1 år) - Samrøystes

 Masfjordnes 13.03.14

Referat styremøte Masfjorden SKU fredag 21. februar 2014

Desse møtte: Odd Helge, Gry Helen, Vebjørn og Lars.

Sak 9 – 2014 Skriv og meldingar

a) Sigve Hølleland har deltatt i turneringar i Praha og Gibraltar med gode resultat.

b) Eg har informert fotballaget om at me ønsker at dei ikkje har torsdagane som treningsdag pga kollisjon med sjakktrening.

c) Sidan dei første sponsorsøknadane vart sendt ut har me fått inn kr 25000,- (Spv, BKK, Statoil og Frode Haugsvær) til MSKU og kr 13000,- (NSF/Dnb ogkommunen) til Masfjorden Grand Prix 31.1.-2.2.14. Odd Helge jobbar vidare med søknader for 2014 (firma, USF (frifond) og kulturmidler).

Sak 10 – 2014 Årsmøte MSKU

Vedtak: Det blir årsmøte i Masfjorden SKU torsdag 13. mars 2014 kl 18.10.

Odd Helge lager til sakliste og sender ut innkalling. Valkomiteen får i oppdrag å finna eventuelle nye til ulike verv (styret tar gjenvalg om årsmøtet ønsker dette).

Sak 11 – 2014 BGP/UGP 2014 1 og 2

-Odd Helge tar seg av førebuing og gjennomføring av turnering.

-Resten av styret tar seg av kiosk/dugnad/opprydding.

-22. mars er det fjelltrimfest, me skal vera ferdige til den begynner.

-1. mai har Fjon konsert, me er ferdige til dei skal begynna og samarbeider om å ordna til gymsalen etter turneringa.

Vedtak:

-NB!På turneringa 22. mars blir det gratis startavgift for medlemmer i MSKU.

Sak 12 – 2014 MGP 31.1-2.2.14 - oppsummering

a) Me har fått gode tilbakemeldingar frå tilreisande på gjennomføring av turneringa. b) NSF/DnB støttar foredragshaldar mm med kr 10000,-

c) Nordhordland Sjakk har for dette arrangementet informert om at dei sender rekning for omlag 40% av overskotet (ikkje 70% som er vedtak om samarbeid).

d) Overskotet for klubben vart på omlag kr 8800,-.

Sak 13 – 2014 Sommarleir

Etter styremøtet hadde eg ein samtale med rektor på Sandnes skule, der fekk eg opplyst at skulen ikkje kunne lånast ut i sommarferien pga. arbeid som skal gjerast i store delar av gamlebygget. Nordhordland Sjakk går i tenkeboks og kjem med forslag til neste styremøte (eventuelt litt info på årsmøtet).

Sak 14 – 2014 Eventuelt Ingen saker under eventuelt.

Masfjordnes 21.2.14 Odd Helge Birkestrand

 

Referat styremøte Masfjorden SKU torsdag 9. januar 2014.

 

Sak 1 – 2014 Skriv og meldingar

 

a) Masfjorden SKU har fått «OL-stafetten», Torkel og Odd Helge jobbar med ekstraordinære tiltak som vil bli støtta av NSF med inntil kr 10000,-

 

b) Øyvind med 1. plass og Roy André på 6. plass samanlagt i BGP 2013.

 

c) NM for ungdomslag i Kristiansund, me vil jobba med å få eit lag oppover.

 

Sak 2 – 2014 Masfjorden GP 31.1.-2.2.14

 

Vedtak:

 

a) Torkel og Odd Helge jobbar vidare med arrangementet, spesielt med sikte på å få på plass fleire deltakarar + OL-stafetten og sponsorar.             

 

b) Vebjørn/Gry Helen/Lars/Kjetil jobbar med innkjøp til kiosk, planlegging og tillaging av måltider, opprydding og vask + dugnadslister.

 

Sak 3 – 2014 BGP/UGP 2014

 

Vedtak:

 

a) Masfjorden BGP 1 blir lørdag 22. mars 2014 (me er ferdige til fjelltrimfesten).

 

b) Masfjorden BGP 2 blir torsdag 1. mai.

 

Sak 4 – 2014 BKK ny hovudsponsor 2014

 

BKK har gått inn som den andre hovudsponsoren vår med kr 10000,-, Statoil støttar oss med kr 3000,-.

 

Vedtak:

 

Odd Helge og Torkel jobbar vidare med å få sponsorar til klubben og turneringar, i tillegg tar dei seg av den profileringa som sponsorane ynskjer.

 

Sak 5 – 2014 Kontingent 2014

 

Årsmøtet i 2013 vedtok medlemskontingent for 2014 til å vera kr 300,-.

 

Vedtak: Me innfører søskenrabatt: eit barn = kr 300,-, 2 barn = kr 500,-.

 

Sak 6 – 2014 Nordhordland Sjakk AS

 

Masfjordsjakk har skifta organisasjonsform og namn til Nordhordland Sjakk AS.

 

Odd Helge Birkestrand er styreleiar og Torkel Kvinge Tande er styremedlem.

 

Vedtak: Avtalen inngått i styremøte 7.10.13 – sak 20-2013 «Masfjordsjakk». Det er inga endring for Masfjorden SKU og SK. Endringa er som nemnd over i tillegg er det no to personar som jobbar med sjakk for klubb og firma.

 

Sak 7 – 2014 Sponsorsøknader

 

Vedtak: Odd Helge og Torkel jobbar vidare med sponsorsøknader og følgjer opp dei søknadane frå i haust som me pr. i dag ikkje har fått svar på.

 

Sak 8 – 2014 Eventuelt - Ingen saker meld inn.

 

Masfjordnes 9.1.14 v/leiarOdd Helge Birkestrand

 


 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU 19.11.13

 

Sakliste

 

Sak 25-2013 Skriv og meldingar

 

Leiar informerte om arbeidet med å få nye sponsorar, så langt er det kun Sparebanken Vest som har støtta klubben. Leiar vil purra dei som ikkje har svart.

 

Heimesidene har mange treff for tida, dette er sjølvsag kjekt for klubben og tyder på at fleire har oppdaga og bruker den til å henta informasjon.

 

Tilbekemeldinga på at leiar nytter tekstmeldingar til informasjon mm er god, dette vil me halda fram med.

 

Sak 26-2013 BGP 23.11.13

 

Dugnadslister, påmelding mm

 

Vedtak: Vebjørn, Gry Helen og Lars ordner med innkjøp til kiosken. Odd Helge ordner med premier, tilrettelegging av spelelokaler og vakter i kiosken. Lars har ansvar for kiosken.

 

Sak 27-2013 BGP-turneringar vår 2014

 

Datoar, kor mange mm

 

Vedtak: Me vil arrangera 2 BGP turneringar vinter/vår 2014, Odd Helge sjekker med andre lag/organisasjoner om datoane 8. mars og 26. april er ledige. Planen er å arrangera sjakkleir 23.-27. juni, den vil bli avslutta med ei 3. BGP-turnering.

 

Sak 28-2013 Masfjorden Grand Prix 31.1-2.2.14

 

Eigne spelarar, dugnad, sponsorar (butikk, bønder; mjølk, Gilde osv.).

 

Spelarane våre kan trygt vera med på denne turneringa, dei kan stå over fredagsrunden (= 0.5 poeng) og får god erfaring med å skriva og bruka tid.

 

Me diskuterte og kom med forslag til drift av kiosk, overnatting, dugnad og sponsorar. Me vil sjå om det lar seg gjera å laga mykje av maten sjølv, dette har sjakklubben hatt stor suksess med på tidlegare arrangement. Odd Helge informerte om at søknader som må til er på plass. I tillegg dukka det opp ein mulighet til å søka på ekstra støtte ved å delta i «OL-stafett», søknad er sendt og meir informasjon kjem seinare (neste styremøte eller e-post/sms før den tid). Styret oppmodar foreldre til å setta av deler av denne helga til dugnad, erfaring frå tidlegare turneringar er at me kan gjera gode pengar på dette arrangementet. Tom Eriksen, Sotra SK har takka ja til å vera ansvarleg turneringsleiar/dommar.

 

Vedtak: 1) Kiosk og servering på rom 5 og 6 (middagar: karbonade/pølser, pizza, gryterett). Styret vil ha eit endeleg planleggingsmøte omlag 15.1.14.

 

Sak 29-2013 Eventuelt

 

Me snakka litt laust om sjakkleir; aktivitetar, overnatting, BGP osv.

 

Masfjordnes 20.11.13 v/leiar Odd Helge Birkestrand 

 

 

 

Referat frå styremøte i Masfjorden SKU 7.10.13

 

Desse møtte: Odd Helge, Gry Helen, Kjetil, Lars og Odd for MSK (sak 20-23)

 

Sakliste:

 

Sak 15-2013 BGP hausten 2013
Leiar har søkt om og fått godtatt at me arrangerer 2 BGP-turneringar i haust, 26. okt. og 23. nov.

 

Vedtak: Odd Helge/Odd tar seg av invitasjonar, premiar, turneringsservice og gjennomføring av turnering. Vebjørn/Gry Helen baking/innkjøp/kiosk – ordner med folk til dugnad. Lars/Kjetil opprydding/vask av gymsal – ordner med folk til dugnad

 

Sak 16-2013 Treningsgrupper haust 2013

 

Det vert 2 grupper om torsdagane + tilbod til dei som går på fotball.Det er i dag mange kollisjoner; kino, fotballtrening, aktivitet i skuleregi/kultur. Vedtak: Odd Helge ser på om det lar seg gjera å flytta tida til 17.00 – 19.00 (eventuelt skifta dag til tysdag). Ved endring av tid kan ein få ei økt med sjakk før ein eventuelt går på kino/andre arrangement.

 

Sak 17-2013 Søknad om støtte frå Sigve Hølleland.

 

Vedlagt/venta innkome søknad frå Sigve Hølleland. Vedtak: Masfjorden SKU støtter Sigve med startavgift. Leiar og kasserar vurderer eventuell støtte til reiseutgifter.

 

Sak 18-2013 NM for ungdom 2013

 

Kjetil og Sigve Hø er kvalifisert for NM for ungdom på Hamar 15.-17.11.13. Vedtak: Odd Helge sjekker priser med tog/fly/overnatting og bestiller for Kjetil, Sigve og eventuell reiseleiar. Sigve ordner transport tur-retur Oslo for seg. Kjetil må søkast fri frå vidaregåande skule.

 

Sak 19-2013 Sponsorar 2013/14

 

Odd Helge har sendt omlag 25 søknader, venter med butikkar, Gilde mm til arrangement. Svar: 1) Sparebanken Vest 1: 10 000,- 2) Vedtak: Odd Helge (snakkar med Vebjørn om eventuell «purring») jobbar videre med å skaffa sponsorinntekter.

 

Sak 20-2013 «Masfjordsjakk»

 

Odd Helge la fram skriv om og informerte om sine planar ang. sjakkurs, turneringar, leir mm. Odd Helge seier seg ugild når styret diskuterer/konkluderer i denne saka.Odd (for MSK) er med på denne og t.o.m. sak 23. Vedtak: Som ei prøveordning går styret inn for framlegget med ein fordelingsnøkkel der Masfjordsjakk får 70% av overskotet for kvart arrangement/sjakkleir. Ordninga skal evaluerast etter eit år (september/oktober 2014).

 

Sak 21-2013 NGP 2014

 

Leiar/»Masfjordsjakk» sitt forslag er at me arrangerer NGP turnering tidleg i 2014. Vedtak: Me ynskjer å arrangera turnering saman med Masfjorden SK og Masfjordsjakk. Dato 7.-9. feb. Odd Helge sender nødvendige søknader, sjekker kostnad ved å FIDE-rata turneringa. I tillegg jobbar Odd Helge med lån av rom, overnatting, sponsorar og det arrangementstekniske.

 

Sak 22-2013 Sjakkleir sommar 2014

 

Leiar/»Masfjordsjakk» sitt forslag er at me arrangerer sjakkleir sommaren 2014.
Vedtak:
Me ynskjer å arrangera sjakkleir saman med Masfjordsjakk og Masfjorden SK. Dato 23.-27. juni. Odd Helge sender søknader (lån av rom, BGP...) og jobbar med det arrangementstekniske, å finna instruktørar, overnatting, kost osv. Endeleg vedtak på neste styremøte/eventuelt tidleg i 2014.

 

Sak 23-2013 Dugnad i div. sjakkskap

 

Det trengst opprydding og lagast oversikt over materiell.
Vedtak:
Styret starter dette arbeidet torsdag 26.9.13 kl. 18.00, neste økt blir avtalt seinare – eventuelt ei økt etter neste styremøte.

 

Sak 24-2013 Eventuelt.

 

-NM for jenter 2015 – søknad ikkje sendt enno, Odd Helge jobbar vidare med saka. -Info-skriv om heimesider, facebook og turneringar er sendt på e-post. -Kurs på Nordb. og Matre, skulane har fått tilbod frå Masfjordsjakk.
-Fagernes, Masfjorden SK stilte eit lag med ok lagresultat og godt resultat individuelt for Sigve Hø som tok 3.5 av 4 poeng.
-Sigve Hø er aktiv i turneringar for tida og satser m.a. på å utvikla seg som sjakkspelar ved å gå på NTG-sjakklinja i Oslo.

 

Masfjordnes 9.10.13, leiar MSKU Odd Helge Birkestrand

 


Referat frå styremøte i Masfjorden SKU 2.9.13

 

Desse møtte: Odd Helge, Vebjørn, Gry Helen og Lars.

 

Sakliste:

 

Sak 7-2013 Dugnad i div. Sjakkskap

 

Det trengst opprydding og lagast oversikt over materiell.

 

Vedtak: Styret starter dette arbeidet torsdag 26.9.13 kl. 18.00  

 

Sak 8-2013 Treningsgrupper haust 2013

 

Det vert 2 grupper om torsdagane + tilbod til dei som går på fotball.

 

Vedtak: Odd Helge informerte om tilbod til elevar i 2.-7. klasse, Odd Helge lagar eit opplegg for dei spelarane som går på fotballtrening i Nordbygda.  

 

Sak 9-2013 «Masfjordsjakk»

 

Odd Helge informerer om sine planar ang. sjakkurs, turneringar, leir mm.
Odd Helge seier seg ugild når styret konkluderer i denne saka.

 

Vedtak: Styret var positive til tiltaket, dei vil at Masfjordsjakk legg fram eit meir detaljert opplegg og forslag til avtale til neste styremøte før dei konkluderer.

 

Sak 10-2013 BGP hausten 2013
Leiar sitt forslag er at me arrangerer 2-3 BGP-turneringar i haust – datoar?

 

Vedtak: Odd Helge finn datoar for to BGP-turneringar i oktober/november som ikkje kolliderer med andre aktiviteter. Styret blir informert så snart datoane er klare.

 

Sak 11-2013 NM for jenter 2014

 

Leiar/»Masfjordsjakk» sitt forslag er at me sender søknad om å arrangera NM for jenter 2014. Det viser seg at Alta SKU har fått tildelt turneringa for 2014.

 

Vedtak: Masfjorden SKU vil søka om å få arrangera NM for jenter 2015.

 

Sak 12-2013 NGP 2014

 

Leiar/»Masfjordsjakk» sitt forslag er at me arrangerer NGP turnering tidleg i 2014.

 

Vedtak: Me ynskjer å arrangera turnering saman med Masfjorden SK og eventuelt Masfjordsjakk – sjå sak 9-2013. Endeleg vedtak på neste styremøte.

Sak 13-2013 Sjakkleir sommar 2014

 

Leiar/»Masfjordsjakk» sitt forslag er at me arrangerer sjakkleir sommaren 2014.

 

Vedtak: Me ynskjer å arrangera sjakkleir saman med Masfjordsjakk og eventuelt Masfjorden SK – sjå sak 9-2013. Endeleg vedtak på neste styremøte.

 

Sak 14-2013 Eventuelt. Vebjørn ser nærmare på om det lar seg gjera å laga utesjakk.

 

Masfjordnes 3.9.13 , leiar MSKU Odd Helge Birkestrand

 

 

 

Styremøte i Masfjorden SKU 21.3.13
De sse møtte: Odd Helge Birkestrand, Vebjørn Aasgard og Gry Helen H. Kvingedal.
Sak 6-2013 Konstituering av styret
Leiar: Odd Helge Birkestrand (vald av årsmøtet 21.3.13)
Kasserar: Vebjørn K. Aasgard
Styremedlem: Lars Andås, Gry Helen H. Kvingedal, Kjetil H. Andås


Årsmøte i Masfjorden SKU 21.3.13
Referat frå årsmøte i Masfjorden SKU

 

Torsdag 21. mars 2013, Sandnes skule kl. 18.30

 

 Til stades: 6 medlemmar

 

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden

 

Samrøystes

 

  1. Val av møteleiar: Odd Helge Birkestrand

 

            Samrøystes

 

  1. Val av referent: Odd Birkestrand

 

Samrøystes

 

  1. Val av 2 medlemmar til å skrive under referatet:

 

            Gry Helen Hope Kvingedal og Vebjørn K.Aasgard

 

  1. Fastsetting av røystetal og beslutningsmynde: 6 røysteføre medlemmar til stades.

 

Beslutningsmynde godkjend.

 

  1. Styret si årsmelding v/leiar Odd Helge Birkestrand: Vedlagd

 

Samrøystes godkjend

 

  1. Godkjenning av rekneskap og revisjon: Eitt bilag manglar- kasserar har ikkje klart å spore det opp. Revisor peikar på dette- finn elles rekneskapen i orden. I etterkant av møtet fann leiar ein e-post, der det viser seg at denne rekninga var den siste forrige kasserar betalte, før noverande overtok kontoane i Sparebanken.

 

Rekneskap og revisjon samrøystes godkjend med denne merknaden.

 

8.      Budsjett

 

Det låg ikkje føre budsjett for 2013. Dette vil bli prioritert når det nye styret trer saman. Ein vil då og jobbe med eit grovbudsjett for inneverande år.

 

Årsmøtet tek dette til etterretning.

 

9.    Innkomne framlegg: a) Arrangera NM for jenter 2014 b) Arrangera helgeturnering jan/feb 2014 c) Styret foreslår å auka medlemskontingenten til kr 300,- f.o.m 2014

 

Framlegg a) og b) blir overlete til styret for vidare arbeid

 

Framlegg c) Samrøystes vedteke

 

10.  Val av leiar

 

Forslag frå valkomite: Odd Helge Birkestrand (attval 1 år)

 

Samrøystes

 

11.  Val av øvrige styremedlemmar

 

Forslag frå valkomite: Lars Andås (attval – 1 år), Vebjørn K. Aasgard (attval – 2 år),  Gry Helen Hope Kvingedal (attval – 2  år)

 

Samrøystes

 

1 medlem vald av spelarane: Kjetil H. Andås (attval – 1 år)

 

Samrøystes

 

Varafolk: Kjersti Andvik (attval – 1 år) 2. Svein Andvik (attval 1 år)

 

Samrøystes

 

Styret konstituerer seg sjølv i 1.møte

 

12.  Val av revisor: Kjersti Andvik (attval 1 år)

 

Samrøystes

 

13.  Øvrige val:

 

Turneringsleiar: Odd Helge Birkestrand , vara: Odd Birkestrand

 

Valkomité: Atle Nordland, Odd Birkestrand

 

Samrøystes

 

Masfjordnes24.03.13

 

Odd Birkestrand (ref.)

 

Møteboka godkjend: Gry Helen Hope Kvingedal, Vebjørn K.Aasgard

 


Referat frå styremøte i Masfjorden SKU torsdag 14.2.13

Desse møtte: Odd Helge Birkestrand (leiar), Lars Andås, Kjetil H. Andås og Gry Helen H. Kvingedal.
Sak 1-2013 Skriv og meldingar

a) Aktiviten så langt i 2013 har vore deltaking i Vestlandsserien i 1. og 2.divisjon, BGP-turnering og NM-trening for jenter.
b) Leiar informerte om at han har opretta lukka facebooksider for MSKU og MSK (dei som ikkje har profil på facebook eller ikkje er lagt til sidene enda vil likevel få informasjon om aktivitetar).
c) KM for skulelag 16.mars i Bergen – informasjon og påmeldingsskjema blir laga og delt ut av leiar.
d) Lagturnering for nybegynnere 13.april i Bergen - informasjon og påmeldingsskjema blir laga og delt ut av leiar.
e) NM for skulelag 19.-21.april i Stavanger – kjem meir informasjon om me gjennom å delta i KM kvalifiserer eit barneskulelag til meisterskapet.
f) Kursavslutnings BGP 28.april i Bergen - informasjon og påmeldingsskjema blir laga og delt ut av leiar.

 

Sak 2-2013 BGP/UGP i Masfjorden

 

Me vil søka om å få arrangera 2 BGP/UGP turnering på Sandnes skule lørdag 9.mars og lørdag 27. april/4.mai.

 

Sak 3-2013 Årsmøte i Masfjorden SKU

 

Det vert årsmøte i Masfjorden SKU torsdag 14. mars kl. 18.30. Styret oppmoder foreldre om å stilla slik at årsmøtet blir beslutningsdyktig.

 

Saker de ynskjer å ha med på årsmøtet må vera melde til leiar innan 1.mars.

 


Sak 4-2013 Aktuelle som styremedlem
Odd Helge Birkestrand, Lars Andås, Kjetil H. Andås og Gry Helen H. Kvingedal tar attval om valkomite og årsmøtet vil dette. Odd Birkestrand i valkomiteen får i oppdrag å kontakta aktuelle til den siste plassen i styret, i tillegg til 2 varamenn og andre som skal velgast av årsmøtet.

 

Sak 5-2013 Eventuelt

 

a) Helgeturnering/NM i Masfjorden – saka vart utsatt til første styremøte hausten 2013.
b) Styret legg fram forslag til årsmøtet om å auka medlemskontingenten til kr. 300,-.
c) Leiar informerte om at han har tatt initiativ til å laga eit arrangement på Fredsom kafe. Her skal aktive og tidlegare spelarar spela ei lynsjakkturnering med pizza på menyen. Meir informasjon vil de finna på facebooksidene.

 

Masfjordnes 14.2.13

 

Odd Helge Birkestrand