Arkiv 2014

London Chess Classic 6.-14.12.14
Sigve reiste til London saman med NTG, dei starta med 10 runder hurtigsjakk. Sigve (2088) spelte seg til 5.5 poeng, høgdepunktet kom i 4. runde med remis mot IM James Cobb (2410). Hovudturneringa over 9 runder starta 8. des. Her finn du alle: Resultatliste.
Sigve (2042): 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0  = 4.5 av 9 (prestasjon 2209 - høgdepunktet var siger mot FM Tim P Wall (2276) i sjette parti).

Lenke til ein reportasje om Sigve og Masfjorden SKU i nynorsknettavisa framtida.no, publisert 6.12.14.

Fana Jule-BGP   13.12.14
Ola var med i miniputtklassen.

Bergen kursavslutnings-BGP/UGP 29.11.14
Resultatlister.

Juleavslutning for sjakken i Nordbygda 27.11.14
Peppperkaker, mariakjeks, saft og premier til alle. Haustturneringa for dei yngste: 1. Gabriela 2. Steinar 3. Solveig 4. Vilde og Ådne fekk pokal. Dei andre + dei eldste fekk ein liten premie: Emil, Guro, Ben Jonas, Siri, David og Nathaniel. + Bergit, Henri, Shjalg, Josefine og Tormod.

Manic Monday Blitz 24.11.14
Torkel spelte seg til 7 av 8 poeng i lynsjakk på Sotra, det einaste tapet kom mot vinnaren FM Joachim B. Nilsen, Bergens.

Bjørn har deltatt i klubbmesterskap i Kristiansund
Bjørn har fin ratingframgang etter gode resultater i klubbmesterskapet til Kristiansund sjakklubb hausten 2014. Resultatlister.

Sigve med ny NM-tittel
NM for ungdom 2014
14.-16.11.14
NM for ungdom vart i år spelt i Stavanger med imponerande 414 deltakarar - ny rekord! Masfjorden SKU hadde med 5 spelarar. Sigve sigra i klasse A med 5.5 av 6 poeng og ein ratingprestasjon på 2328, Kjetil sikra seg ein pen sjuandeplass; Sigve, Kjetil. Dei tre yngste spelte seg alle til poeng i sitt første NM/turnering med lang tenketid: Gabriela, Josefine og Ola. Resultatlister. Strilen.no 17.11.14. Nordhordland.no 18.11.14.

Sotra BGP 9.11.14
Heile 50 unge sjakkspelarar fann vegen til Einarsengården denne søndagen. Ola var den einaste som representerte Masfjorden SKU.

Bronstein Cup 8.11.14
Ole-Magne sigra mot Kjetil i sjette og siste runde av Bronstein Cup på Sotra, han plasserte seg med dette best av dei to masfjordspelarane med 11.plass.

KM for ungdom 2014 25.10.14
Kretsmeistrar i Hordaland 2014
A: Abdulla M. Muhsen, Bergens og Jonas H. Rasmussen, Bergens, C: Øyvind Andvik, Masfjorden, D: Amalie I. Merkesvik, Bergens E: Vetle Velle, Søråshøgda F: Nicholas Sunde, Søråshøgda og G: Karl Edvard Wallevik, Bergens

Bellevue Chess 12.-19.10.14
Turnering nummer 2 for Odd på Mallorca starta samme dag som forrige vart avslutta. W.O. remis i første runde.
Odd (1830):
0.5 - 0.5 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0 - 1 = 4 av 9 poeng.

Lørdag 18. oktober: Masfjorden BGP 4
Kjetil H. Andås, Afras Mansoor, Vetle Velle, Ariza Hina og Shjalg Næss vann kvar sin klasse i den fjerde og siste Masfjorden BGP 2014.

10. - 12. oktoberBergen Grand Prix
Kjetil
(1778) var den einaste frå Masfjorden og deltok i gruppe A.
0 - 1 - 1 - 0 - 0 = 2 av 5 poeng (prestasjon 1932)


10. - 12. oktober: Hønefoss GP 2014
Sigve
(1911) spelte ei sterk turnering og hadde solid ratingframgang.
1 - 1 - 1 - 0.5 - 0 = 3.5 av 5 (prestasjon 2105)

Calvia Chess Festival
4.-12.10.14
Odd (1830) er reist til Mallorca for å spela i to turneringar dei neste vekene, først Calvia Chess Festival. Han stod over første runde pga lang reise og sein ankomst. Det vart poengfangst litt under forventa i dei 4 første spelte rundane, heilpoeng i runde 6, 7 og 8 og tap i niande og siste runde.
Odd: 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - 0.5 - 1 - 1 - 1 - 0 = 4.5 av 9

VM for ungdom 20.-29.9.14
Sigve (2001) var ein av 27 norske ungdommar som kjempa om poeng i VM for ungdom i Durban i Sør-Afrika. Sigve fekk tøff motstand med svarte brikker; Johan Salamon (2362) i første runde, inder (2300) i tredje og ein FM frå USA (2328) i femte. Resultata for dei norske finn du her: NOR  Sigve: 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 = 5 av 11

Masfjorden BGP/UGP 3 21.9.14
Masfjorden SKU arrangerte BGP/UGP-turnering på Sandnes skule, resultatlister finn d
u her. BGP/UGP samanlagt finn du her.   

Kragerø GP 2014 5.-7.9.14
Sigve spelte i 10-års jubileumsturnering i Kragerø, resultatlister finn du herSigve: 0 - 1 - 1 - 0 - 0.5 = 2.5 av 5

Løkkeparken Grand Prix 31.8.14
Sigve var ein av NTG-elevane som hjalp til på Sandvika byfest. Sjakkdelen av arrangementet vart avslutta med hurtigsjakk, Sigve spelte seg til eit resultat omlag som forventa.

RTU Open 18.-24.8.14
Odd Helge (1636) var ein av dei norske som deltok i turnering i Riga denne veka, resultatlister: NOR A og NOR B.
Odd Helge: 0.5 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 = 4.5 (1796)

Sjakk-OL i Tromsø 1.-14.8.14
Første speledag i OL var lørdag 2. august. Du finn lenker til parti og mykje OL-stoff på Bergens sine heimesider. Arn-Tore spelte mange av sideturneringane og avslutte med eit bra resultat i UiT Arctic University Challenge.

Bergen Spillfestival 2014
NM i Cafésjakk vart arrangert i Bergen 25. juli, best av dei 4 masfjordspelarane vart Arn-Tore med 15. plass etter å ha tatt skalpen til IM Kjetil Stokke. Resultatliste. Hordalandsmesterskapet i lynsjakk vart spelt 26. juli, einaste frå Masfjorden som deltok var Torkel. Resultatliste.

Landsturnering i Trondheim (12.-20.7.14)
Den største sjakkturneringa i Norge for barn, unge og vaks. 4 spelarar frå Masfjorden SK var med, Sigve og Kjetil i junior, Yngve og Odd Helge i klasse 2; Sigve tapte i niande og siste runde og kom med det på ein sterk, men litt bitter andreplass i junior. Resultatlister her.

Sigve: 1 - 1 - 1 - 1 - 0 - 1 - 0 -1 - 0 = 6 av 9 = 2. plass!
Kjetil: w.o. - 1 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 0 - 0 - 0.5 = 3 av 9
Yngve: 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0 = 5 av 9
Odd Helge: 0 - 0 - 0 - 0.5 - 0 - w.o. - 0 - 1 - 0 = 2.5 av 9

Det var mange direktesendte parti: Live Chess Norway.

I NM i lynsjakk var det Bjørn som fekk best flyt på brikkene og slo til med ein andreplass i klasse 4. Odd hadde ei variert turnering i seniorklassen med 10. plass, likevel var han den einaste som sigra mot nr 1 og 2. Resultatlister finn du her. Du kan lesa meir om Sigve og NM i lynsjakk på heimesidene til Masfjorden kommune: Sjakksuksess i Trondheim

Norsk Sjakkblad 7.7.14
Sjakken i Masfjorden fekk god omtale i Norsk Sjakkblad nr 2 2014, her er det alt frå historikk til siste nytt og nye planar. Det er sjølvsagt mykje som ikkje kjem med, m.a. sigrane i NM for jenter - uansett vil det viktigaste for oss vera breidde, at me får vist mange kor kjekk denne hobbyen er og at den har nytteverdi utover sjølve spelet. I tillegg er Sigve sin NM-tittel på Fagernes med bilde og eit av partia kommentert i denne utgåva.

BGP/UGP fredag 27. juni
Masfjorden SKU og Nordhordland Sjakk arrangerte BGP/UGP 27. juni. Klassevinnarane: Ungdom Sigve B. Hølleland, Kadett Afras Mansoor og Øyvind Andvik, Miniputt Vetle Velle, Mikroputt Ariza Hina og Begynner Ola B. Hølleland.

Resultatlister finn du her. BGP/UGP 2014 samanlagtstilling finn du her.

Sjakkleir 23.-27. juni 2014

Fem fantastiske dagar med over all forventning snille barn og unge er over. Sjakkleiren var etter tilbakemeldingar me har fått ein stor suksess. Sjakk, fjelltur, bading og kanopadling var ein del av programmet. Me håper me kan få til liknande arrangement - dette var kjekt!
Informasjon om sjakkleiren finn du her. Bilder frå sjakkleiren og BGP/UGP-turneringa finn du her.


Gratulerer med 3 VM-titlar Magnus Carlsen (20.6.14)
   Klassisk sjakk  -  Hurtigsjakk  -- Lynsjakk

Sigve og Kjetil imponerte i Stavanger Open NGP 2014 6.-9.6.14
Sigve og Kjetil deltok i Stavanger i pinsehelga, Sigve spelte godt i gruppe A - i to av partia sigra han mot Jon K. Haarr (2221) og CM Sebastian Mihajlov (2245). Kjetil spelte imponerande i gruppe B og gjekk gjennom turneringa utan tap. Resultatlister finn du her.

Sigve  (1918):   0 -  1 - 1 -  1 -  0 - 0 = 3 av 6 poeng (2159)
Kjetil (1753): 0.5 - 1 - 1 - 0.5 - 1 - 1 = 5 av 6 poeng (3. plass av 45)

Masfjorden BGP/UGP 2 01.05.14
47 barn, unge og vaksne fann vegen til gymsalen på Sandnes skule denne flotte maidagen. Desse sigra; Ungdom: Sondre Merkesvik, Kadett: Amalie I. Merkesvik, Lilleputt: Afras Mansoor, Miniputt: Torbjørn K. Hystad, Mikroputt: Andreas Tenold, Begynner: Olav G. Giil og Hobby: Hogne Haugsdal. Fleire bilder finn du i menyen "Masfjorden BGP". Resultatlister: Masfjorden BGP/UGP 2 .
Hobbyturnering for sjåfører og andre, resultatliste her.

Sigve sigra i Fagernes Chess International 13.-20.4.14
Mange av dei beste spelarane i Norge og nokre utanlandske spelarar var i påsken på Fagernes for å spela sjakk. I GM-gruppa dominerte utlendingane. Sigve Hølleland (1871) spelte i "Det åpne NM" og starta solid med 5 sigrar mot lavare rangert motstand. I sjette runde vart det tap for Monika Machlik (1976), tilbake på vinnarsporet i sjuande mot Christian Laverton (2080). Ny siger mot Håkon Bentsen (2074) i åttande parti. Med remis i niande og siste runde mot Terje Torgersen (1970) spelte Sigve seg til 1. plass og NM-tittel! 

Sigve : 1 - 1 - 1 - 1 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0.5 = 7.5 av 9 poeng.
= 1. plass og solid ratingframgang, prestasjon 2119!
(via lenka på namnet finn du resultat, prestasjon og parti)

Søråshøgda BGP/UGP 28.5.14                                                                  Søråshøgda SKU arrangerte turnering for barn og unge + foreldre/sjåførar onsdag 28. mai. Ludvig var den einaste frå MSKU som var med, resultatlister finn du her.

Bergen Lyn-GP 9.5.14
Torkel og Kjetil spelte seg begge til 5 av 10 poeng i Bergen Lyn-GP fredag 9. mai. Det vart med dette 3. og 4. plass i klasse 2 (15. og 16. plass av 26 i gruppe A). Resultatlister.

Sigve spelte Nordstrand GP 4.-6.4.14
Sigve spelte ei god turnering på tradisjonsrike Lambertseter gård i Oslo. Med 2.5 av 5 poeng mot eit ratingsnitt på omlag 2000 vart det framgang både i nasjonal- og FIDE-rating.

Åpent Hordalandsmesterskap GP 2014
4.-6.4.14
Resultatlister finn du her.

Knarvik senter Lynsjakk (2.4.14)
Torkel Kvinge Tande gjekk til topps i Knarvik Senter lynsjakk onsdag 2. april, med 7 av 7 poeng og gåvekort frå Knarvik senter i premie. Litt skuffande for arrangøren var det kun 8 spelarar som tok turen for å spela lynsjakk, den fine lyse vårkvelden får ta på seg litt skuld for dette. Resultatlister finn du via lenka i overskrifta.

Stavanger Grand Prix 28.-30.3.14
Sigve tok turen til Stavanger og spelte seg til 2 av 5 poeng, dette var eit resultat litt under forventa og med det ein liten ratingnedgang. Resultatlister.

Bergen kursavslutnings-BGP/UGP 29.3.14
Øyvind og Stein Mikal spelte i ein sterk klasse der lilleputt var slått saman med kadett og ungdom. Begge spelte mange gode parti, resultatlister finn du her.

Masfjorden BGP/UGP 1 22.3.14
Turneringa hadde 28 spelarar fordelt på 6 klasser. Resultatlister finn du her: Masfjorden BGP 1. BGP/UGP 2014 samanlagtstilling finn du her. Resultatlister i sjåfør-/hobbyturnering her.

EM for seniorar (8.-22.2014)
Odd (1818) og Helge (2162) deltok i EM for seniorar i Porto (havneby i Portugal). Hovudturneringa starta søndag 9. mars, niande og siste runde mandag 17. I tillegg spelte dei hurtigsjakk 19.-20. mars og Odd lynsjakk 21. mars. Resultatlister for dei norske i hovudturneringa finn du her.

Odd:    0 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0.5 - 1 - 0 = 3.5 av 9  (prestasjon-1894)
Helge : 1 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0 = 5 av 9 (prestasjon-2233)

Hurtigsjakk - resultatlister
Odd (1875):     0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 - 0 - 0 - w.o. = 3.5 av 9 (1812)
Helge (2162):  1 - 0 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 0 =  4.5 av 9 (2100)

Lynsjakk - resultatlister
Odd (1795): 0 - 0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0 - 0 - 1 = 3 av 9 (1840)

NM for ungdomslag 14.-16.3.14
NM vart arrangert i Kristiansund og Bergens lånte Sigve i denne turneringa i klasse "Juniorlag". I tillegg var Masfjorden SK medlem Bjørn med i arrangementskomiteen/turneringsleiar. Resultatlister.

Søråshøgda BGP/UGP 12.3.14

Søråshøgda BGP/UGP var ein stor suksess med 54 deltakarar, dei fleste stilte i begynnerklassane. Resultatlistene finn du her. Frå Masfjorden SKU var det med 3 spelarar; Øyvind og Roy André i kadett og Ludvig i lilleputt. Bergens SKU sin tekst og bilder finn du her.

 

24.2.14 NB! Sigve Hølleland har no uoffisiell nasjonal rating på 1902 - GRATULERER Du finn heile lista i menyen under "rating".

 

Knarvik Senter BGP/UGP   22..2.14

26 spelarar fann vegen til Knarvik senter denne lørdagen. Klassevinnarane: Ungdom: Jonas H. Rasmussen, Bergens SKU , Kadett: Krister Smelvær, Fana SKU, Lilleputt: Afras Mansoor: Søråshøgda SKU , Miniputt: Olav Brattetveit, Bergens SKU, Mikroputt: Karl E. Wallevik, Bergens SKU, Begynner: Ariza Hina, Søråshøgda SKU.

Resultatlister finn du her . Bilder frå turneringa finn du på heimesidene til arrangøren Nordhordland Sjakk.

 

Knarvik Senter Hobbyturnering 22.2.14

8 spelarar i hobbyturneringa, dei tre beste: 1. Atle Smelvær 2. Bjarte Skårnes 3. Ludvig Kjeilen. Resultatlister finn du her.

Rosenborg Grand Prix (15.-16.2.14)
Yngve spelte turnering i Trondheim denne helga, det vart til slutt 2 av 6 poeng. Alt i alt eit resultat litt under forventa. Resultatliste.

Vestlandsserien starta med 1. runde lørdag 7. desember 2013. Masfjorden møtte Sotra, kampen var jamn og endte 2.5 - 2.5. 2. runde lørdag 11. januar 2014, siger 3 - 2 mot Bergens 2. Tredje og siste runde vart spelt i Bergen lørdag 8. februar, Masfjorden tapte 1 - 4 mot Bergens 3. Sotra sigra etter 3 - 2 mot Bergens 2. Individuelle reultat og tabell finn du via lenka.

 

Gibraltar Chess festival (27.1.-6.2.14)
Sigve Hø deltok på Gibraltar saman med lærar og elever frå NTG + andre frå Norge. Sigve spelte fleire turneringar under festivalen. I hovudturneringa opna han med 1 poeng på dei fem første rundane mot sterk motstand, han avslutta med 3 poeng utan tap dei fem siste og med det ein ratingprestasjon på 1956. Resultata for dei norske i hovudturneringa finn du her.

Sigve: 0 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 = 4 av 10 poeng.

Sigve (1812) kom på 6.plass med prestasjon 1993 i den første sideturneringa. Resultatliste frå Amateur A-turneringa finn du her. I Amateur B tok Sigve 7.plass med 4 av 5 poeng og prestasjon 1921, resultatliste.

Masfjorden Grand Prix 31.1.-2.2.14
Nordhordland Sjakk AS  i samarbeid med Masfjorden SKU/SK arrangerte NGP-turnering på Sandnes skule i Masfjorden. Masfjorden kommune, BKK og Sparebanken Vest sponsa turneringa.
Ratingfavoritt IM Kjetil Stokke, Bergens sigra i gruppe A med 4 av 5 poeng, dette ettter tap i siste runde mot Sondre Merkesvik - som med den skalpen kapra andreplassen. Hans J. Aadland, Fana sigra i gruppe B med 4 og i gruppe C Ole Petter Vimo, Masfjorden med 4.5 poeng.

Resultatlister finn du på turneringsservice her.
Bilder frå turneringa finn du i menyen: "Masfjorden GP 1 2014".
 

 

GM JON LUDVIG HAMMER
Masfjorden Grand Prix fekk besøk av GM Jon Ludvig Hammer lørdag 1. februar 2014. Han hadde foredrag om VM-kampen Anand-Carlsen og spelte klokkesimultan (18 - 4) lørdag kveld.

Hammer var GM Magnus Carlsen sin sekundant då han sigra mot regjerande meister GM Vishy Anand i november 2013. I desember og januar sigra Hammer i to sterke internasjonale turneringa - London Chess Classic og Rilton Cup.

Foredrag og simultan
GM Jon Ludvig Hammer hadde eit interessant og pedagogisk foredrag. VM-kampen "Anand - Carlsen" var utgangspunkt, han fortalte spesielt om det 3. partiet som han meinte var eit vendepunkt i kampen - eit parti der han og dei andre sekundantane hadde jobba med ei opning han sjølv har brukt med suksess. I klokkesimultan vart det 18 - 4 til Jon Ludvig, 4 stolte spelarar kan no sei at dei har slått den regjerande norgesmesteren.

Prague Open 10.-17.1.14
Sigve (1812) spelte turnering i Tsjekkia saman med elevar på NTG og nokre til frå Norge. På 8 runder tok han 3 poeng mot god motstand (prestasjon 1939). 
Sigve: 0-1-0-0.5-0-1-0.5-0 = 3 av 8 poeng.

NSF har offentleggjort nye norske ratingtal, jan. 2014.
Fleire av spelarane våre har heva ratingen sin, størst framgang denne gangen har Sigve (+72) og Odd Helge (+67).

Arkiv 2013

BGP/UGP 2013 - 1. plass i lilleputt
Øyvind kom på 1. plass og Roy André på delt 6. plass samanlagt i lilleputtklassen, Sondre (ungdom) og Amalie Merkesvik (miniputt), Bergens sigra i sine klassar.
Du finn USF sine resultatlister og samanlagtstilling i BGP/UGP her.

Hordaland i dag 13.12.13
Odd vart intervjua av "Hordaland i dag" fredag 13. desember 2013. Programmet kan du høyra her.

Fana Jule-BGP 14.12.13
Fana SKU arrangerte BGP/UGP turnering på Ulriken bydelssenter, to spelarar frå Masfjorden var saman med 33 andre barn og unge med og kjempa om poeng. Øyvind kom på delt andreplass i lilleputtklassen. Resultatlister og bilder frå turneringa finn du på Bergens SKU sine sider.

Benidorm Chess Festival 29.11-7.12.13
Odd Helge (1718) deltok saman med mange nordmenn frå Tromsø og andre delar av landet. I klassen under 2000 i rating var det 374 spelarar påmeldt. Eit surt tap i siste runde gav 196. plass, var rangert som nummer 232. Resultata for dei norske spelarane finn du her.
Turneringa finn du her.
Odd Helge: 0 - 1 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0 = 4.5 av 10 poeng.

Vestlandsserien starta lørdag 7. desember, Masfjorden møtte Sotra, kampen var jamn og endte 2.5 - 2.5.

Bergen kursavslutnings-BGP/UGP (30.11.13)
Bergens arrangerte turnering for barn og unge lørdag 30. november på Nordnes bydelshus. Øyvind og Roy André var 2 av 50 påmeldte, dei spelte saman med kadett og ungdom. Roy André sigra i lilleputtklassen. Resultatlister finn du her.

Sigve spelte seg til ein fin 4.plass i Kjøkken-lyn på NTG fredag 29. november.

VM for seniorar (12.-23.11.13)
Tirsdag 12. nov starta VM i Kroatia, saman med fleire nordmenn reiste Odd og Helge nedover for å kjempa om poeng. Resultatlister for turneringa finn du her. Resultata for dei norske spelarane finn du her.

Odd:    0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 0 - 1      = 3 av 11
Helge: 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5  = 6 av 11

Masfjorden BGP/UGP 23.11.13
Masfjorden SKU arrangerte BGP/UGP-turnering på Sandnes skule lørdag 23. november. 21 narn og unge samla seg i gymsalen og kjempa om poeng.
Her finn du:
 Resultatlister Bilder frå turneringa finn du i menyen "Masfjorden BGP".
Du finn USF sine resultatlister og poengsummar i samandraget i BGP/UGP her .

6.5 - 3.5

Magnus Carlsen er verdsmeister

VM-match Anand - Carlsen (9.-22.11.13)
Lørdag 9. november starta VM-kampen mellom indiske Vishy Anand (2775) og norske Magnus Carlsen (2870). Fredag 22. nov. vart det avgjort med remis i tiande parti. Partia gjekk direkte på NRK (TV og nett). Mange nettsider hadde live-sendinger, m.a. VG og Nettavisen. Bergens Schakklub skreiv dagleg om kampen og la ut lenker til intervju og reportasjer frå andre medier.

 

Høstmesterskapet i Kristiansund (21.11.13)
Bjørn har spelt Høstmesterskapet i Kristiansund SK, 5. plass og fin ratingframgang. Resultatlista finn du her .

 

NM for ungdom (15.-17.11.13)
Kjetil og Sigve spelte NM for ungdom på Hamar. I første runde sigra begge masfjordspelarane. Sigve sigra i andre, Kjetil gjekk på ein smell. I tredje runde hadde Sigve heilpoenget inne, men fann ikkje rett plan i sluttspelet og måtte nøya seg med remis. Kjetil valgte og feil plan og tapte. Siger til begge våre håp i 4. runde . Kjetil spelte seg til eit nytt poeng i femte runde, Sigve fekk desverre sitt første tap. Sigve spelte på livebrett i sjette runde, og gjekk ned mot sterk motstand - Kjetil sigra! Kjetil avslutta med remis, Sigve gjekk desverre på ein "lang rokade". Resultatlister og lenke til live-parti finn du her.

Kjetil : 1 - 0 - 0 - 1 - 1 - 1 - 0.5   = 4.5 av 7 (6. plass av 26)

Sigve : 1 - 1 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 0   = 3.5 av 7 (8. plass av 21)

 

Bronstein CUP (9.11.13)
Sotra SK arrangerte i år tradisjonsrike Bronstein Cup for 20. gong. IM Kjetil Stokke, Bergens tok sin tredje siger i turneringa. Frå Masfjorden var det Kjetil som fekk best flyt på brikkene og sikra seg premieplass i klasse 2. Resultatlister finn du her.

Masfjorden SKU/SK på NRK P1 (7.11.13)
Torsdag 7.11.13 blei me oppringt av programmet "Her og Nå" kl 18.00. NRK viste
tidlegare i dag opningsseremonien og pressekonferanse frå India. Du kan høyra intervjuet med Odd her (omlag 1.04.00 ut i sendinga begynner sjakkdelen).

FIDE-rating
FIDE har kome med nye ratingtal pr. 1.11.13. Nye på listene for Masfjorden SK er Yngve (1803) og Odd Helge (1718). Sigve (1812) har solid framgang, Kjetil (1752), Arn-Tore (2074) og Helge (2183) går litt ned. For dei andre er det ingen endring (sjå lenka til rating, ny rating er ikkje komen i den tabellen).

Masfjorden BGP/UGP 26.10.13
Masfjorden SKU arrangerte BGP/UGP-turnering på Sandnes skule lørdag 26. oktober. 19 spelarar fordelt på 4 klassar kjempa om poeng og premiar. Jens Christian sigra i miniputt, Øyvind i lilleputt, Benjamin i mikroputt og Andreas i begynner. Resultatlister. Du finn USF sine resultatlister og poengsummar i samandraget i BGP/UGP her.

Bergen Grand Prix 18.-20.10.13
Masfjorden SK hadde med 3 spelarar i denne turneringa. Kjetil, Sigve Hø og Odd Helge kjempa om poeng, ungdommane i klasse A og eldstemann i B. I første runde sigra Odd Helge, Sigve spelte remis og Kjetil tapte. I andre runde tapte Odd Helge og Kjetil, Sigve hadde w.o. I tredje runde sigra Odd Helge, Sigve tapte og Kjetil hadde w.o. Søndag vart ein bra dag for masfjordspelarane, Sigve og Odd Helge med siger og remis og Kjetil to remisar. Sigve og Odd Helge sikra seg med dette premieplass.  Resultatlister.

Sigve:         0.5 - w.o. - 0 - 0.5 - 1 = 3 av 5
Kjetil:            0 - 0 - w.o.- 0.5 - 0.5 = 2 av 5
Odd Helge:    1 - 0 - 1 - 1 - 0.5 = 3.5 av 5

Oslo Chess International (29.9-6.10.13)
Sigve (1682) reiste direkte frå femte runde på Fagernes til Oslo for å spela ny turnering. I første runde fortsatte han den gode trenden frå NM for klubblag og spelte remis mot Per Omtvedt (1911). I andre runde gjekk Sigve ned mot Egmond-G Dulman (2077). Siger i tredje runde mot Franzke K-De Koster (1589). Ny siger i fjerde runde mot Børge W Svanholm (1738). I femte runde fekk Dag Sødtholt (1957) revansje for tapet på Fagernes. Mot Torbjørn R. Johansen (1653) var vår spelar tilbake på vinnarsporet. I sjuande runde vart det tap mot svensk motstand, Mats Wahlstedt (1966). Halldor Palsson (2051) frå Island vart for sterk i åttande runde.
Lørdag 5.10 vart det spelt OCI Blitz 2013 NGP, Sigve spelte seg til 4.5 av 9 poeng etter ein sterk avslutning. Resultatlister.
I niande og siste runde i hovudturneringa vart det remis mot Aschmirthan Sivaranjan (1455) og med det ein Fide-prestasjon på 1841. Resultatlister (Sigve speler i ELO group), partia til Sigve kan du kikka på her.
OCI: 0.5 - 0 - 1 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 - 0.5 = 4 av 9


NM for klubblag 27.-29.9.13
Masfjorden SK hadde med eit lag i NM på Fagernes denne helga. I første runde sigra laget 3 - 1 mot Alta 3, Arn-Tore, Helge og Sigve sigra. Andre runde endte med tap 0.5 - 3.5, Odd Helge spelte remis. I tredje runde vart det eit nytt tap 1.5 - 2.5, Sigve sigra og Odd Helge spelte remis. I fjerde runde spelte laget 2 - 2, Helge sigra, Sigve og Yngve spelte remis. I femte runde vart det tap 1.5 - 2.5 mot Stavanger, Sigve sigra og Yngve spelte remis. I sjette og siste runde vart det siger 2.5 - 1.5 mot Modum, Arn-Tore sigra og Helge, Kjetil og Odd Helge spelte remis. Spesielt Sigve må sei seg nøgd med turneringa, 3.5 av 4 poeng og ein sterk ratingprestasjon.
Du kunne sjå 3 kampar frå kvar runde på livesendinga, der finn du i tillegg resultatlister.

KM for barn og ungdom
(28.9.13)
HBUS arrangerer KM for barn og ungdom på Nordnes bydelshus lørdag 28. september. Resultatlister finn du her

NM i hurtigsjakk for seniorar (21.-22.9.13)
Odd var i Moss for å kjempa om poeng i NM i hurtigsjakk for seniorar. Resultatlister finn du her.

Kragerø Grand Prix 2013 (6.-8.9.13)
Sigve fekk ein god start på turneringa i Kragerø med 2 av 2, eit halvt poeng på dei tre siste gav likevel ein fin pluss på ratingen. Resultatlister her

90 års jubileum - Hurtigligaen NGP (5.9.13)
Sigve er svært aktiv for tida, eit nytt godt resultat i denne turneringa - sigra mot lavare rata og tapte 2 parti mot langt høgare rata motstand. Resultatlister.

Laffen Cup 2013 (1.9.13)
Dagen etter siste runde i Frankrike spelte Sigve hurtigsjakk i Oslo. Det vart eit godt resultat og ein god prestasjon av masfjordspelaren, resultatlister finn du her.

NTG og Dieppe International
(25.-31.8.13)
Sigve Hø går no på sjakklinja på NTG, saman med andre unge talent i landet skal han m.a. jobba med å utvikla seg vidare som sjakkspelar. Elevane og nokre av lærarane spelte turnering i Frankrike, resultatlister finn du her.

Sjakktrening hausten 2013 (25.8.13)
Torsdag 29. august kl. 18-19 starter me opp med litt lynsjakk for dei spelarane som var med i vår.

Torsdag 5. september starter me opp med begynnergruppe kl. 18-19. Det vert delt ut infoskriv på skulen.

Lørdag 31. august arrangerer Søråshøgda BGP-turnering på Ny-Kronborg skole i Bergen: Søråshøgda BGP 31.8.13 

Lynsjakk i Kristiansund (22.8.13)
Bjørn gjorde ein god figur i lynsjakk i Kristiansund, resultatlister finn du her.

Nordstrand GP hurtigsjakk 2013 (17.8.13)
Sigve Hø spelte denne lørdagen seg til ein 11. plass i gruppe B i hurtigsjakk i Oslo. Resultatlister finn du her

NM i cafesjakk ( 9.8.13)
Dag Orseth var einaste spelaren frå Masfjorden SK i årets NM i cafesjakk, han spelte seg til 11. plass med 4 av 6 poeng. Resultatlister finn du her.

Åpent Hordalandsmesterskap i lynsjakk GP 2013 (8.8.13)
Odd og Sigve Hø spelte torsdag lynsjakk i Bergen. Resultatlister finn du her .

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk GP 2013
(7.8.13)
Kjetil og Sigve Hø spelte onsdag 7 runder hurtigsjakk i Bergen. Sigve kom til slutt på 15. plass med 3.5 poeng og Kjetil måtte nøya seg med 2.5. Resultatlister finn du
her .

Bergen Sommer GP 2013 (2.-4.8.13)
Sigve Hø spelte remis i dei to første og tapte i tredje og fjerde runde. Desverre blei det med dette w.o. i femte og siste runde og ein liten ratingnedgang. Resultatlister finn du her.

EM for seniorlag (20.-28.7.13)
Norge stiller i år med 5 lag og 24 spelarar i EM for seniorlag i Dresden i Tyskland. Turneringa har 71 lag med over 300 deltakarar. Odd speler på tredjelaget, men spelte ikkje første runde som laget tapte 0 - 4. I andre og tredje runde spelte Odd remis, laget tapte 1 - 3 og spelte så 2 - 2. Fjerde runde endte med tap 0.5 - 3.5 og femte med tap 1.5 - 2.5. Resultatlister finn du her.
Sluttrapport: Odd og laget avslutta med siger i niande og siste runde. Alt i alt er laget neppe nøgd med prestasjonen denne gongen, i sjakk er det heldigvis slik at det snart kjem nye sjanser.

Odd: (-) - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - (w.o.) - 0 - 1 = 3 av 7 poeng

Landsturnering 2013 (29.6-6.7.13)
I år vart turneringa spelt på Lillehammer og 4 spelarar frå Masfjorden SK spelte i hovudturneringa som gjekk over 8 dagar. Yngve (1501) i klasse 2, Odd Helge (1412) i klasse 3, Sigve Hø (1642) i junior A og Kjetil (1492) i kadett A kjempa om poeng i 9 rundar.
Det vart ei sterk avslutning av masfjordspelarane. Yngve spelte remis, Odd Helge, Kjetil og Sigve (w.o.) sigra .
Både Yngve og Odd Helge sikra seg premieplass - gavekort frå Sjakkbutikken. Yngve og Kjetil hadde i tillegg høge ratingprestasjonar (1706 og 1661) og spelte seg til stor ratingframgang (+76 og +155). Lenke til resultatlister finn du her.

Yngve:  1 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 = 5.5 (11. plass av 63)
Odd H.: 0.5 - 0 - 1 - 1 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 = 5.5 (13. plass av 53)
Sigve:    0 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0.5 - 1 - 0 - 1       = 4.5 (14. plass av 20)
Kjetil:   0.5 - 1 - 0 - 1 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 1    = 5 (7. plass av 17)

Klubbavslutning vår 2013 (6.6.13)
Klubbkveldane vart avslutta med siste runde i lynsjakk torsdag 6. juni. Pizza, pepperkaker, brus og is stod på menyen. I tillegg til lynsjakkgjengen fekk Cecilie, Thomas, Adrian og Nikolai ein liten premie.
Resultatliste lynsjakk 2012/13:
1. Øyvind   2. Heine   3. Roy André
+ premie til: Julie, Ann Regine, Kjell Olav, Sondre og Stein Mikal.

Åpent Hordalandsmesterskap NGP (31.5-2.6.13)
Kjetil og Sigve Hø. spelte sjakk i Bergen denne helga. Sigve gjorde ei ny god turnering med andreplass i klasse 2, Kjetil spelte meir på det jamne. Resultatlister finn du her.

Masfjorden BGP/UGP 1 2013
22 spelarar fordelt på 6 klassar (nokre klassar slått saman - premiert kvar for seg) deltok i den første BGP/UGP-turneringa for året på Sandnes skule måndag 20. mai 2013.

1. pl. Ung: Sondre Merkesvik 5 av 6 poeng.
1. pl. Kad: Kjetil H. Andås 3 av 6 poeng.
1. pl. Lil: Øyvind Andvik 3 av 6 poeng.
1. pl Min: Jens Christian L. Opdahl og Amalie I. Merkesvik 5.5 av 6 poeng.
1. pl. Mik: Jakob Horstad 4.5 av 6 poeng.
1. pl. Beg: Andreas Nordland
Bilder frå turneringa finn du under lenka "Masfjorden BGP" i menyen (dei 9 siste/nederste). Alle resultat finn du her.

Stavanger Open 2013 (8.-12.5.13)
Sigve Hølleland spelte ei strålande turnering i Stavanger denne langhelga, han kom på 2.plass i gruppe B i kamp med 55 andre spelarar. Han opna med tre strake sigrar, fekk seg ein karamell i fjerde før han avslutta sterkt med to sigrar. Resultatlister finn du her.
Sigve : 1 - 1 - 1 - 0 - 1 - 1 = 5 av 6 poeng = 2.plass

Scandinavian Chess Tournament (9.-12.5.13)
Odd spelte seniorturnering i Sverige denne helga. Første speledag var det 4 parti hurtigsjakk som stod på programmet, det første kl 14.00. Etter dei fire rundane med hurtigsjakk stod Odd med to tap og to sigrar, han tapte mot høgare og sigra mot lågare rata motstand.
I femte og første runde med langsjakk vart det tap, den tredje Odd møtte med over 2000 i rating. Remis i sjette, sjuande og åttande runde og med det eit resultat litt under forventa. Du finn resultatlister for turneringa via lenka i overskrifta, for Odd via lenka i namnet i neste linje.

Odd: 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 = 3.5 av 8 poeng.

Turneringa vart avslutta med 10 runder lynsjakk søndag ettermiddag/kveld:Resultatlister. Odd.

Siger i lagturnering for barn (13.4.13)
Masfjorden SKU stilte med eit lag i Bergen denne lørdagen, med 12 lag frå Bergen som motstandarar. Det viste seg at spelarane våre hadde meir rutine enn dei andre, sjølv om dei ikkje har spelt så mange turneringar enno. Laget vårt vann alle kampane sine og toppa dermed tabellen med 12 lagpoeng (6 kampar) og 19.5 individuelle (av 24). Øyvind og Stein Mikal hadde perfekt score - 6 poeng, Heine 5 og Kjell Olav 2.5. Resultatliste og bilder finn du hos Bergens SKU.

Bjørn i Kristiansund SK
Bjørn har spelt klubbturnering i Kristiansund SK i vinter/vår. Resultatlister finn du her.
Torsdag 11.4 var det hurtigsjakk, resultatlister her.

Norsk sjakkfestival (23.-31.3.13)
Kjetil (1792) og Sigve Hø (1704) spelte i påsken sjakk på Fagernes, begge var med i Det åpne NM 2013. Resultatlister finn du her.

Sluttstilling:

Kjetil : 3 av 9 poeng (ratingprestasjon 1714) - Sigve: 3.5 av 9 poeng (1846).

Torsdag kveld (28.3.13) spelte Kjetil og Sigve Fagernes Påskelyn 2013, resultatlister.

 

EM for senior 2013 (11.-22.3.13)
Odd, Helge og 9 andre nordmenn spelte desse dagane EM i sjakk for senior i Bulgaria. Resultatlister finn du her (klikker du på"GAMES" i menyen, kan du spela gjennom parti). Individuelle resultat for nordmenna finn du her.

Sluttrapport: Dessverre tapte Helge siste runde og var nok ikkje heilt tilfreds med sluttresultatet . Eg slo ein danske(1879)- fransk med kvit- og må seie meg nøgd med spelet dei 2 siste rundane, sjølv om sluttscoren ikkje er så mykje å skryte av. 

Odd :  0 - 0 - 0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 - 1 - 1            = 3.5 av 9
Helge: 0 - 0.5 - 1 - 0.5  - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0  = 5 av 9 

Bad Wörishofen 2013 (1.- 9.3.13)
Odd (1797) og to andre nordmenn (Bernt Nordby(2116) og Jan Arne Bjørgvik(1870)) spelte seniorturnering i Bad Wörishofen i Tyskland dei første 9 dagane i mars.

Sluttrapport: Sloss voldsomt for å vinne med svart mot ein tyskar(2088). Klarte å komplisere midtspillet slik at han måtte slite, men det ebba ut i eit sluttspel der løparen hans blei for sterk mot springaren min. Får vel vere nøgd med ein ratingframgang på ca. 30. Fin trening før EM i Bulgaria- startar måndag.
Bernt spelte ikkje siste runde p.g.a. sjukdom i familien.

Odd: 1 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0.5 - 0     = 4.5 av 9 poeng
Bernt: 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - - = 5 av 8 poeng
Jan A: 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 = 4.5 av 9p.

NM for ungdomslag 2013 (1.-3.3.13)
Sigve Hø var utlånt til Bergens SKU denne helga og spelte på tredjebord for Bergens 1 i juniorklassen i NM for ungdomslag. Etter 5. og siste runde vart det 3 poeng og pluss score på rating. Resultatlister finn du her.

Vestlandsserien 2012/13
Masfjorden SK sitt førstelag berga plassen i 1.divisjon med siger 4 - 1 i siste runde mot Nordnes. Masfjorden 2 klatra til 3.plass i 2.divisjon med 3 lagpoeng siste spelehelg. Tabell, parti og individuelle resultat finn du via lenka i overskrifta.
1. divisjon:

1.runde 4/11: Masfjorden 1 - SK96,1 - 4 (Helge 0, Dag 1, ArnT 0, Odd 0, Kjetil 0)

2.runde 9/12: Førde - Masfjorden 1, 3 - 2 (Helge 0, Dag 1, ArnT 1, Odd 0, Kjetil 0)

3.runde 13/1 : Masfjorden 1 - Bergen 3, 2 - 3 (Dag 0.5, Arn T 0, Odd 0.5, Sigve Hø 0, Kjetil 1 w.o.)

4.runde 9/2 : Masfjorden 1 - Bergen 2,
2.5 - 2.5 (Dag 0.5, Helge 0.5 Arn T 1, Odd 0.5, Sigve Hø 0)
5.runde 10/2 : Nordnes - Masfjorden 1, 
 1 - 4 (Dag 1, Helge 1 w.o. Arn T 1, Odd 0, Sigve Hø 1)

2. divisjon:
1.runde 3/11: Voss - Masfjorden 2, 2 - 2 (Sigve Hø 0, Sigve Ha 0, Evy 1, Odd H 1)
2.runde 4/11: W.O.

3.runde 9/12: Masfjorden 2 - Bergen 4, 1.5 - 2.5 (Sigve Hø 1, Sigve Ha 0, Evy 0, Odd H 0.5)

4.runde 12/1 : Sotra 1 - Masfjorden 2, 2,5 - 1.5 (Lisbeth 0, Sigve Ha 0, Odd H 0.5, Ole M 1)

5.runde 13/1 : Masfjorden 2 - Bergen 5, 2.5 - 1.5 (Lisbeth 0.5, Sigve Ha 1, Odd H 1, Vebjørn 0) 
6.runde 9/2 : Sotra 3 - Masfjorden 2,
0 - 4 (Lisbeth 1, Evy 1, Odd H 1, Ole M 1)
7.runde 10/2 : Masfjorden 2 - Sotra 2, 
 2 - 2 (Kjetil 0, Lisbeth 0.5, Odd H 1 w.o., Ole M 0.5)

Søråshøgda BGP/UGP (27.01.13)
Kjetil og Sondre spelte turnering i Bergen søndag 27. januar. Begge gjorde ei fin turnering, resultatlister finn du her.
Søråshøgda har denne helga óg arrangert trening for jenter (før NM på Askøy), fredag kveld var Ann Regine og Julie med på trening - flott initiativ og takk til alle som hjalp til med å få dette i havn

 

Arkiv 2016/15     Arkiv 2012/11   Arkiv 1978-2011