Arkiv 2012

Barnas Grand Prix 2012
Sigve gjorde det best av våre spelarar med ein flott niandeplass samanlagt i BGP 2012. Resultatlister for alle klasser finn du her .

Romjulssjakk 2012
Tre av spelarane våre har spelt turnering i romjula. Odd starta friskt i hurtigsjakkturneringa for seniorar i Oslo (28.12.). Tap i dei to siste rundane førte til at ei plassering i toppen glapp. Resultatlister finn du her. Kjetil og Sigve Hø spelte i Bergens si romjulsturnering (29.12.). Ingen av dei spelte opp mot sitt beste, spesielt Kjetil gjekk på eit par uventa tap. Resultatlister finn du her.

Magnus Carlsen med ny rekord (10.12.12)
Magnus Carlsen sikra måndag ny rekord i FIDE-rating. Han sigra i turneringa i London og med 5 sigrar og 3 remis har han no 2861 på den uoffisielle liveratinga. Partia kan du spela gjennom på sidene til chessdom (London Chess Classic 2012).

Yngve i Trondheim (haust 2012 - 03.12.12)
Yngve spelte i haust turnering i Trondheim Sjakkforening. Etter 9. og siste runde blei det 5 poeng, med dette resultatet nådde han målet på 1500 i rating. Resultatlister finn du her.

Sigve sigra i Bergen (02.12.12)
Sigve Hølleland gjekk til topps med perfekt score i Bergen kursavslutnings-BGP/UGP søndag 2. desember. Han sigra mot mellom anna sterke spelarar som Sondre Merkesvik og Benjamin Haldorsen. Resultatlister finn du her.

Bergen Grand Prix
(23.-25.11.12)
Snorre Rygg, Nord Odal - som forrige helg sigra i klasse B i NM for ungdom - gjekk til topps framfor ratingfavorittane. Kjetil og Sigve fekk det ikkje heilt til i denne turneringa, begge gjekk ned omlag 20 ratingpoeng. Resultatlister finn du her .


NM for ungdom (16.-18.11.12)
Kjetil Andås (1528) og Sigve Hølleland (1585) spelte denne helga NM i sjakk for ungdom i Kristiansand. Begge spelte i klasse B (15-16 år) med 26 deltakarar. 

Kjetil: 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 1 - 0.5 = 4.5 av 7 poeng = 6.plass
Sigve: 1 - 0 - 1 - 0 - 1 -
1 - 0.5 = 4.5 av 7 poeng = 7.plass 

I 7. runde spelte Kjetil og Sigve remis mot kvarandre, begge mangla ein siger til undervegs for å vera med og kjempa heilt i toppen. Alt i alt ei turnering på det jamne for våre spelarar i klasse B.
Fullstendige resultatlister for alle deltakarar (ca.240) i årsklassane A til G finn du her.

Bronstein Cup 2012
(10.11.12)
Sotra sjakklubb arrangerte i år for nittande gong denne turneringa. Vinnar vart for niande gong Eirik Gullaksen, Bergens - med perfekt score - 6 av 6 poeng. Kjetil Andås, Masfjorden gjorde ein god figur, siger mot to høgare rata spelarar og med det 10. plass - 2. plass i klasse 3. Resultatlister finn du her.

Liberec Open (20. - 27.10.12)
Odd (1832) spelte denne veka turnering i Liberec i Tsjekkia. Med 3.5 av 9 poeng og prestasjon omlag 100 poeng under eiga rating er dette ei turnering Odd ikkje kan sjå seg heilt nøgd med. Resultat og motstandarar for Odd finn du her.


Kjetil sigra i KM (20.10.12)
Fana SKU arrangerte lørdag KM i sjakk på Vitalitetssenteret i Bergen. Det vart kåra krinsmeistrar i 6 ulike aldersklasser. I klasse B (15-16 år) sigra Kjetil Andås, andreplassen gjekk òg til ein masfjordspelar - Sigve Hølleland. Sigve Haugsdal spelte seg til fjerdeplass i klasse A (17-26 år). Spelarar frå Bergens SKU sigra i dei 5 andre klassane. Resultatlister finn du her. Bilete frå premieutdelinga finn du her.

EM for seniorar (16.-26.08.12)
Odd og Helge reiste til Kaunas - den nest største byen i Litauen - for å spela EM i sjakk for seniorar. Odd varma opp med hurtigsjakk torsdag og fredag (sjå nederst). 101 spelarar var med i open klasse, mest russarar og andre austeuropearar. 21 sterke austeuropeiske damer kjempa i eigen klasse om EM-tittelen.

I første runde tapte Odd (1862) mot russaren Iosif P. Grinberg (2202), Helge (2242) spelte remis mot Jens Henrichsen (1887) frå Danmark.

Sluttrapport frå Litauen:
Helge avslutta med remis og endte opp med 5 poeng, på delt 3. plass av dei norske. Ein brukbar prestasjon, men heilt fornøgd er han nok ikkje.
Odd vann og tok 3.5 av dei 4 siste og må vere fornøgd med det, sjølv om prestasjonen ikkje var all verda.

Runde for runde :
Odd      0 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 0.5 - 1 - 1 = 4
Helge 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 = 5
Resultatlister og parti finn du her.

EM i hurtigsjakk
Odd og fem andre nordmenn spelte hurtigsjakk torsdag 16. og fredag 17. august. Det vart 3.5 poeng på senioren frå Masfjorden, etter mellom anna å ha møtt ei tidlegare verdsmeistar frå Georgia. Resultatlister og motstandarane til nordmenna finn du her. For turneringa her.

Riga TU Open (06.-12.08.12)
Sigve Hølleland (1664) spelte desse dagane turnering i Riga, hovudstaden i Latvia. Den høgast rata nordmannen i turneringa var GM Simen Agdestein (2560). I løpet av 9 runder spelte Sigve seg til 2.5 poeng mot eit ratingsnitt på omlag 2010. Dette gav ein prestasjon på 1847.
Runde for runde: 0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0 = 2.5
Her finn du resultatlister:   Riga TU Open.    Sigve.
 

NM i cafesjakk (10.08.12)
Fredag 10. august var det NM i cafesjakk, tradisjonelt på Verftet i Bergen. Dag Orseth (2282) vart beste "Masfjordspelar" med ein sterk fjerdeplass, kun slått av ratingfavortitt FM Kjetil Stokke (2395) - i sjette og siste runde slo han IM Eirik Gullaksen (2382). Nest best av spelarane frå Masfjorden SK vart Arn-Tore (2068), han spelte seg til 3 av 6 poeng. Dei andre frå klubben vår i aksjon i NM var Odd, Ole Magne og Anita. Resultatlister.


Politiken Cup (28.07-05.08.12)
Arn-Tore Haugsdal er einaste spelar frå Masfjorden, tradisjonelt er det svært mange nordmenn med i denne årlige turneringa i København (det ser ikkje ut som om Arn-Tore har spelt første runde) .
I femte runde slo han Stephan Buchal (2320)! I sjette runde vart det tap mot IM Jonathan Carlstedt (2352). I sjuande runde møtte Arn-Tore GM Lajos Portisch (2520), det endte med favorittseier. Tilbake på vinnarsporet i åttande runde, siger mot Rasmus Thøgersen (1885). Dette vart fulgt opp med eit nytt heilpoeng i niande runde, mot Robin Karlsson (1978). I tiande og siste runde vart det desverre tap mot Jon Fredrik Rørvik (2149), likevel ein liten ratingframgang.
Etter 10 runder vart det 5.5 av  10 (9) poeng.

Her finn du resultat og parti for Arn-Tore: Arn-Tore

Landsturnering 2012
NM i sjakk vart spelt i Sandefjord 7. - 14. juli, frå Masfjorden var Odd (senior A), Kjetil og Sigve (begge kadett A) med og kjempa om poeng, ratingframgang og gode plasseringar.

Kjetil siger og Sigve remis i siste runde, med det ei bra plassering og ratingframgang på begge. Odd fekk ein dårleg avslutning på turneringa og minus på ratinga.
Odd: 1 - 1/2 - 1/2 - 1/2 - 1/2 - 0 - 0 - 1 - 0 = 4 av 9
Sigve: 1 - 0 - 1 - 1 - 0 - 0 - 1/2 - 1 - 1/2 = 5 av 9
Kjetil: 1/2 - 0 - 1 - 1 - 1/2 - 1 - 0 - 0 - 1 = 5 av 9
Resultatlister (turneringsservice)
 


VM i hurtigsjakk og VM i lynsjakk
Magnus Carlsen kom på 2. plass i VM i hurtigsjakk, med to tap og to remis på dei fire siste rundane vart han passert av hardt spurtande Karjakin.

Magnus Carlsen kom på 2. plass etter ein sterk spurt i VM i lynsjakk, Grischuk sigra og Karjakin tok tredjeplass.
Du finn resultatlister og kan spela gjennom alle parti frå turneringa på heimesidene og på Chessdom/ChessBomb.

Sesongavslutning i Masfjorden SKU (31.05.12)
Torsdag 31. mai hadde me avslutning for dei yngste spelarane i klubben. Sidan januar har elleve unge og ivrige trent, løyst oppgåver og spelt klubbturnering. Torsdag avslutta me med dei siste partia i klubbturneringa, utdeling av pokaler til alle spelarane + pizza, saft og is til barn og trenarar. Øyvind gjekk til topps med ein avgjerande siger i siste parti og med det 8.5 av 10 poeng, andreplass tok Heine med 8 poeng og på tredje kom Roy Andre med 7 poeng. Resten av gjengen som fekk premie: Mathias, Sondre, Hanne, Stein Mikal, Maya, Ann Regine, Kjell Olav og Julie. Fleire bilete frå avslutninga finn du i menyen: Klubb vår 2012. Haustsesongen starter opp rundt 1. september.



Bergen pinsehurtigsjakk GP (28.05.12)
Kjetil og Sigve avslutta ei treningshelg med FM Kjetil Stokke og GM Jon Ludvig Hammer med å spela i Bergen pinsehurtigsjakk GP måndag 28. mai. Begge spelte ei turnering på det jamne, resultatlister finn du her.

Fana BGP/UGP (05.05.12)
Fana SKU arrangerte det som ser ut til å vera den siste turneringa for barn og ungdom i Hordaland før sommarferien. Sigve var denne gong einaste spelar frå Masfjorden SKU. Resultatlister.

Yngve i Trondheim (oppdatert 01.05.12)
Yngve spelte i vinter/vår i klubbturneringa i Trondheim sjakkforening. I niande og siste runde trengte han poeng for å passera 1500 i rating og for å sikra seg tredjeplass i turneringa. Desverre vart det tap, alt i alt eit godt resultat som ser ut til å bli 5. plass på den endelege resultatlista. Resultatlister finn du her.

Masfjorden BGP/UGP 2 (28.04.12)
Masfjorden SKU arrangerte turnering for barn og unge lørdag 28. april. Det deltok 17 barn og unge i dei 6 ulike klassane. Her er vinnarane:
Ungdom: Eirik Hauge, Fana
Kadett: Jonas H. Rasmussen, Bergens
Lilleputt: Øyvind Andvik, Masfjorden
Miniputt: Mikael Takle, Bergens
Mikroputt: Benjamin Hitland, Bergens
Begynner: Stein Mikal Andvik, Masfjorden
Bilder frå turneringa finn du i menyen. Resultatlister finn du her.


Nordstrand GP 20.-22.04. 2012
Sigve spelte turnering tredje helg på rad, denne gong i Oslo. Etter tap i femte og siste runde blei det 3 poeng og fjerdeplass i gruppe B, ei turnering på det jamne av Sigve. Her er resultatlista.

Åpent Hordalandsmesterskap 2012 NVGP
Kjetil og Sigve spelte ei ny turnering 13. - 15. april, begge stilte i gruppe A - turneringa blir spelt på Sotra.
1. runde: Kjetil w.o. = remis, Sigve w.o. = siger.
2. runde: Kjetil remis mot Thomas Nyland (2082), Sigve sigra mot Trond Birkeland (1793).
3. runde: Kjetil tapte mot John A. Kvamme (2037) og Sigve tapte mot Sondre Merkesvik (1674).
4. runde: Kjetil tapte mot Jørgen Hoel (1717), Sigve spelte remis mot Øyvin Strand (1968).
5. runde: Kjetil tapte mot Øyvin Strand (1968) og Sigve tapte mot Håkon N. Nordstrøm (1562). Ingen av spelarane kan sei seg heilt nøgd med turneringa. Resultatlister finn du her.


Knut Bøckman Cup 2012 (6.-9.april) 
7. runde: Sigve avslutta med stil og sigra mot den høgast rata i gruppe B. 4.5 poeng og ein liten ratingframgang viser stabilitet. Odd Helge og Kjetil fekk det ikkje til denne gongen, begge mista mange ratingpoeng. Resultatlister finn de her.

EM for seniorlag 2012
EM gjekk i år i Rogaska Slatina i Slovenia over 9 rundar frå 27.mars til  4.april. Det deltok 5 norske lag mellom 15 nordiske og 46 lag totalt. Helge spelte 1.bord på 1.laget, Odd spelte 3.bord på Norge sitt 4.lag.

SLUTTRAPPORT FRÅ SLOVENIA:
Det norske 1.laget gjorde ein svært god figur her.
I siste runde møtte dei Russland 1 og klarte remis mot stormeistrar på 4. og 1.bord, der Helge spelte svart mot GM Vashukov. Helge endte opp med 7 remis og ein siger og ratingprestasjon på 2336.
Norge 2 tapte 1.5 - 2.5 for England 2, medan 3.laget gjekk ned 1 - 3 for Sverige 3.
4.laget vann den siste matchen mot eit tysk lag 2.5 - 1.5. Her spelte Odd remis på 2.bord mot Fleuch(2078) og endte dermed på 4.5p. og ratingprestasjon 2118.
Norge 5 slo eit nederlandsk lag 2.5 - 1.5.
Fleire bilder frå turneringa finn du på sjakk.net.


Bergens kursavslutnings BGP/UGP 31. mars 2012
5 spelarar frå Masfjorden SKU spelte lørdag BGP/UGP turnering i Bergen. Sondre sigra i begynnerklassen med 5 av 6 poeng, Heine og Stein Mikal spelte seg til 2.5 i same klasse. I lilleputt kom Øyvind på andreplass med 3 av 6. Sigve i kadett tok 2 av 6 og med det tredjeplass. Resultatlister finn du her.
Bilder frå turneringa finn du på sidene til Bergens SKU.

Masfjorden BGP/UGP 1 24.03.12
20 sjakkspelarar fann vegen til Sandnes skule denne flotte vårdagen. Desse sigra i dei ulike klassane:

Ungdom: Sondre Merkesvik, Bergens
Kadett: Matias Birkeland, Bergens
Lilleputt: Asbjørn Abelsen Sekse, Bergens
Miniputt: Mikael Takle, Bergens
Mikroputt:Thomas Jørdre Kvamme, Bergens
Begynner: Stein Mikal Andvik, Masfjorden

Bilder frå turneringa finn du under lenka "Masfjorden BGP" i menyen.
Resultatlister finn du her: turneringsservice



1000 besøk på dei nye heimesidene
(14.03.12)
Masfjordspelar på seniortoppen
Dei nye ratinglistene som vart offentleggjort i siste Norsk sjakkblad, viser at Helge Gundersen frå Masfjorden sjakklubb er høgast rata av dei norske seniorane 🙂.

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk GP 10.03.12
Kjetil spelte lørdag hurtigsjakk i Bergen. I første runde vart det ikkje heilt uventa tap mot GM Jon Ludvig Hammer (nr 2 etter Magnus Carlsen i Norge). Til slutt vart det 2.5 av 6 poeng, eit resultat på det jamne. Resultatlister.



Bad Wörishofen 2012
Hei- heilt til sist:

Oppsummering frå Bad Wörishofen:
Sit og ser litt på resultata her og prøver meg på ei lita evaluering
av turnerings-resultatet:

Møtte eit snitt på 1849- altså omtrent som meg på 1837 og gjekk ned
5 poeng i FIDE-rating. Dei 5 eg tapte for, plasserte seg som nr.27
(5.5), 29(5.5), 55(4.5), 59(4.5) og 68(4). Dei eg vann mot, endte
på plassane 62(4.5), 90(4), 106(3) og 117(2.5) av i alt 124 delt.
Eg var rangert som nr 87 og endte på 83. plass.

Dermed ser det ut som eg er ganske i vater- ikkje ein spesielt
dårleg turnering, men heller ikkje noko oppsiktsvekkjande godt resultat.

Bonus: Flott arrangement med bulletin med parti etter alle rundar.
1 time etter turneringsslutt var bulletin 9 klar- med resultatlister
og ganske mange parti!
Roleg, rein og idyllisk "landsby" med 13.500 innbyggjarar. Fin vårsol
5 av dagane- spelestart 1400, slik at ein føremiddagstur gjorde susen.
Trimtur 5-6 km for dagen(gangsperr dei første dagane).

Konklusjon: Kjempebra- anbefales!

Odd

Sluttrapport frå BW:

Jahhh- klarte å vinne med svart, men måtte eit stykke ned på
ratingstigen: møtte min 9.tyskar med 1680. Han spelte "fugleopninga".
Eg var oppe i "otta" idag for å gjere førebuingar - stabeis som er
heilt konsekvent på f4, sjølv om det ikkje er så ofte han får det til.

Dei første 17 trekka gjekk som forventa- så gjorde han eit avvik, og
vi måtte i tenkeboksen. Etter 23 trekk vann eg offiser, men måtte
balansere på kanten av stupet dei neste 10 for ikkje å gå matt. Det
gjekk bra- han gav opp etter 37.

Litt unna ambisjonen, men får vere fornøgd etter spel og sjansar.
Har iallfall spelt rimeleg kompromisslaust denne gg- 4 vinst, 5 tap-
ingen pyseremis.

Litt om turneringa: Går over 9 rundar med betenkningstid 2t/40 og ein time på resten. Her er 300 deltakarar, med 180 i den opne klassen og 120 i senioravdelinga. Men eg tippar bortimot halvparten av deltakarane i den opne óg er seniorar, med Victor "der grausame" Korchnoi som den mest prominente blant 14 GM, 8 IM og ein del lågare tittelhaldarar. Men- han er faktisk berre 4.rangert. Så vidt eg kan sjå, er det spelarar frå 18 nasjonar deriblant 1 nordmann. Dei aller fleste er tyskarar.

Resultatlister finn du her.
Vestlandsserien 2011/12
Masfjorden Sjakklubb toppa avdelinga i Vestlandsserien med siger i alle 5 rundane og avslutta med 3-1 siger mot Bergens V søndag. Dermed var opprykket til 1. divisjon klart med 10 lagpoeng og heile 4 poeng ned til Bergens IV på 2. plass.

Tabell finn du her.

Toppscorar vart Sigve Hølleland med full pott: 5/5. Vi gratulerer- klubben er veldig nøgd med innsatsen. Helge Gundersen og Arn-Tore Haugsdal avgav kvart sitt halvpoeng- det får dei veldig tilgjeving for.... Ellers bidrog Tore-Inge, Kjetil og Odd Helge til triumfen.

Klubbleiinga må nok no jobbe med nokre forsterkningar i høve til 1. divisjonsnivået vi møter neste sesong. Arbeidet er allereide i gang- hemmeleg, hemmeleg!

Sigve - her i aksjon under NM for ungdom 2011.

Arkiv 2011

27.1 1.11 VM for seniorer 15.-26.11 2011
Odd og Tore-Inge målte krefter med spelarar frå heile verda, turneringa vart arrangert i Kroatia. Begge spelte seg til 3.5 poeng på dei elleve rundane, dei møtte stort sett motstandarar som var høgare rangert.

27.1 1.11 NM for ungdom 25.-27. november 2011
Kjetil H. Andås og Sigve B. Hølleland spelte i helga NM for ungdom i Oslo. Kjetil spelte seg til femteplass med 5 av 7 poeng i klasse C, etter tap i siste runde mot sterke Kristian Stuvik Holm (2285) som vann klassen. Sigve tok sjuandeplass med 4.5 av 7 i klasse B og ratingframgang på 153. Resultatlistene finn de her.


21.1 0.11 Bronstein Cup
Sotra sjakklubb arrangerte lørdag 29. oktober hurtigsjakkturneringa Bronstein Cup. Resultatlister.

07.08.11 Bergen Sommer NVGP
Kjetil avslutta Bergen Sommer NVGP med 1,5 poeng på dei tre siste rundane. Dette gav 3,5 poeng og ein sterk 7. plass i turneringa. Sigve enda med 2,5 poeng og Anita med 2 poeng.


12.07.11 Rapport frå Landsturneringa 2011

Landsturneringa(NM) gjekk i år i Njårdhallen i Oslo. Arrangementsteknisk var det eit par ting å setje fingeren på: Klimaanlegget i den litt slitne idrettshallen fungerte svært dårleg, og det var ganske mykje å utsetje på nettsidene- kfr. heimesida til Bergens Schakklub.

Masfjorden Sjakklubb hadde med 7 spelarar i år, og desse leverte mange fine prestasjonar.


Høgst ragar Kjetil Andås (1293) sin innsats: I ein knallsterk kadettklasse med 28 deltakarar endte han til slutt på ein strålande 4.plass med 6 poeng, best kvalitet i klassen og nest beste ratingprestasjon på 1790. Dessutan hadde han størst ratingframgang(rundt 360) av samtlege rundt 500 NM-deltakarar. Dette var nok Kjetil sitt definitive gjennombrot som sjakkspelar- ei utvikling som klubb og trenar har venta ville komme snart.


Sigve Hølleland (1396) vart nr.21 i same klasse med  4p. og ein liten ratingauke, også ein bra prestasjon.


Yngve Rasdal (1447) debuterte  i klasse 2 etter sigeren i klasse 3 i fjor og var ein av dei lågast rata. Plasseringa vart 50/62 og ein ratingframgang på rundt 20 poeng. I klasse 3 hamna Lisbeth Haugsvær(1446) og Odd Helge Birkestrand (1427) på premieplassane 11 og 16 av 70 deltakarar med 6 og 5.5p., begge med litt ratingauke. Andreas Aasgard Tveranger (813) fekk 3.5 p. i klasse 5, og Tore Inge Bratteteig (1387) tok 2.5 p. i klasse senior med ein ratingframgang på rundt 20 poeng.

I NM i lynsjakk fredag kveld fekk Masfjorden 2 gode plasseringar:  Yngve Rasdal tok ein sterk pallplass med sølv  i klasse 3 med rundt 50 deltakarar, og Odd Birkestrand (1839) fekk  5. premie i ein sterk klasse senior med 24 spelarar.


Arkiv 2016/15    Arkiv 2014/13    Arkiv 1978-2011