Hafs elektro & rør    Sparebanken Vest    Mowi Norway AS


Equinor (Mongstad) Frode Haugsvær Maskin AS  Sandnesbryggja       

Les meir om våre sponsorar
her.    Facebook: Masfjorden SKU - Masfjorden SK 


Masfjorden sjakklubb er først og fremst ein klubb for barn og unge (SKU), i tillegg har me vaksne medlemmar (SK) som speler lagsjakk og individuelle turneringar i inn- og utland. Me har treningar for barn og unge i Masfjorden og Modalen, me held kurs og me arrangerer turneringar for barn, unge og vaksne.

Turneringsinfo
Turneringar i haust/vinter er no på plass på sida Turneringsinfo.
Den neste turneringa:
 KM i hurtigsjakk søndag 8. desember.

NB! Juleavslutning i klubben lørdag 7. desember, kl. 11.00 - 15.00. Program: hurtigsjakk, julegraut og premiar.

Bergens desemberlyn 1 3. des
Sigve sigra med 7 av 8 poeng i lynsjakk tirsdag kveld. Resultatliste.

 

Senior VM 12.-23. nov
Odd tok turen til Bucuresti saman med 12 andre norske spelarar for å kjempa om poeng i VM for seniorar. Alle spelte i klasse M65. Det vart tap mot ein FM i første runde av 11. Etter tre innleiande tap, vart det siger i fjerde og femte runde. Det vart tap i runde seks, sju og åtte, siger i niande. Odd avslutta med tap i tiande og siger i ellevte, med 4 av 11 poeng eit resultat litt lågare enn forventa.  Resultatliste. Odd. NOR.

 

Bergen Grand Prix 15.-17. nov
Sigve stilte til start i gr. A i Bergen. Pga begrensinger på antall deltakarar på Nordnes Bydelshus var han den einaste masfjordspelaren denne gongen. Resultatlister.

 

Vestlandsserien 2.-3. nov
Vestlandsserien starta med 3 runder denne helga, to lørdag og ein søndag. Masfjorden har denne sesongen med to lag, eit i førstedivisjon og eit andredivisjon (2A). Masfjorden 1 opna med tap mot Haukås 1 og siger mot Bergens 3 lørdag, og tap mot Sotra 1 søndag. Andrelaget hadde w.o. i første og tapte mot Søråshøgda 3 i andre. Søndag sigra andrelaget med solide 3.5-0.5 mot Løperen. Seriesjakken blir avslutta helga 17.-19. januar. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk 30. okt
Sigve med perfekt score onsdag kveld med 5 av 5 poeng i gr. A. Resultatliste.

KM for ungdom søndag 20. okt.
Ni spelarar frå Masfjorden SKU stilte i 5 ulike årsklassar i KM for ungdom på Skranevatnet skole (Heine, Kasper, Abed, Jonathan G., Aya, Kristin, Anders, Madelein og Monir). Ingen av våre kjempa heilt i toppen i sine klassar. Kasper med fjerdeplass i gr. C og Jonathan på sjette i gr. D var dei beste prestasjonane av våre (på bilete er dei yngste klar for premieutdeling). Resultatlister.

NM for
seniorar 5. og 6. okt.
Odd spelte NM i hurtigsjakk for senior i gr. 65+ lørdag og søndag. Pga. lågt deltakartal var dei slått saman med 50+ (premiert kvar for seg). Odd spelte seg til 5 av 9 poeng og fjerdeplass. Resultatliste.

Oktoberfest Lyn 4. okt.
Sigve spelte lynsjakkturneringa på Sandsli fredag kveld. Resultatliste.
Etter lynsjakk, spelte Sigva Hansasjakk-turnering. Resultatliste.

Sørås SuperOktober 2. okt.
Odd og Kasper spelte 10 runder lynsjakk i gr. A på Søråshøgda skole. Begge tok 4.5 poeng og Kasper auka lynratinga med 45 poeng. Roy André og Markus spelte 9 runder i gr. B, Roy André spelte seg til 6 poeng og sjetteplass av 23. Resultatlister.

Schleswig-Holstein Senior 19.-27. sept.
Odd (1731) reiste til Tyskland saman med sju andre nordmenn for å spela seniorturnering. I første runde slo han til med siger mot ein tyskar med (2038) i rating, remis mot (2009) i andre. Mot den tredje 2000+ spelaren på rad vart det tap. Tap i fjerde og remis i femte, begge parti mot høgare rata motstand. Siger mot lågare rata i sjette runde og siger mot (1894) i sjuande. Tap mot (1972) i åttande og remis mot (1924) i niande og siste runde fredag. Med 40 nye ratingpoeng med seg i kofferten og plassering 50 plassar høgare enn rangert, ser dette ut til å vera ei av dei beste turneringane dei siste åra! Resultatliste. Odd. NOR.

Sørås SuperSeptember 4. sept.
Odd (gr. A), Kasper (gr. B) og Roy André (gr. B) spelte 9 runder lynsjakk på Sandsli. Kasper med perfekt score i gr. B, 9 av 9 poeng, førsteplass og pengepremie. Resultatlister.

Langsjakk for barn og unge på Sotra 31. aug - 1. sept.

Siger i onsdagshurtigsjakk - august 2019
Sigve sigra på kvalitet med 4 av 5 poeng i Bergens si hurtigsjakkturnering onsdag 28. aug. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 6-2019 20. aug.
Sigve spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 5-2019 13. aug.
Sigve, Odd og Kasper spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Sigve vart best av masfjordspelarane med 6 poeng og tredjeplass, Kasper 4 og Odd 3 poeng. Resultatliste.

Hell Chess International 3.-11. aug. og RTU Open 5.-11. aug.
Yngve (1864) stod over dei tre første rundane i Trondheim. Han opna med tap mot ein høgare rata motstandar i fjerde og siger i femte. Tap i sjette mot (2159) og siger i sjuande, men avslutta med tap i åttande, niande og tiande runde. Resultatliste.
Odd Helge (1614) reiste til Riga og spelte 6 runder (+ ein w.o.) i RTU Open i gruppe B. Han opna med tap mot 2000+ og to lågare rata. Etter ein tung start vart det siger i fjerde runde, men tilbake til avsluttande tap i femte og sjette (stod over dei to siste rundane). Resultatliste.
Tre nordmenn i gruppe A (GM Tari, GM Salomon og M. Machlik), resultatlisteNOR.

Bergen Sommerlyn 4-2019 6. aug.
Sigve, Odd, Roy André og Kasper spelte lynsjakk tirsdag kveld. Sigve på tredjeplass med 6.5 av 9 poeng (sigra mot dei to som kom på første- og andreplass). Odd 4.5, Roy André 4 og Kasper 3.5 poeng. Resultatliste.

Bergen Spillfestival 26.7 - 4.8
Det vart arrangert ei rekke sjakkturneringar under spelfestivalen. Sigve spelte i fleire av dei m.a.; Bergen Sommer Lyn-NGP 27. aug og Bergen Sommer Hurtig-NGP 28. aug., Sigve med 4 av 6 poeng og siger i klasse 1 i hurtigsjakk!
Måndag 29. juli starta Bergen Sommer Super-NGP med 3 runder hurtigsjakk (Sigve 1.5 poeng), det var langsjakk dei tre neste dagane.
Du finn rapportar og lenke til bilete på Bergens sine heimesider.

Landsturnering 5.-13. juli
Sigve (2092) var den einaste frå Masfjorden SK som var med i Landsturneringa i år, han spelte i klasse Mester og sigra i første runde lørdag 6. juli. I andre runde søndag siger mot FM Ole C. Moen (2234), tap i tredje runde mot FM Anders Hobber (2294). eit tap og ein siger i fjerde og femte runde. Siger i sjette mot FM Gunnar Lund (2285) og remis i sjuande mot (2215). Det vart tap i åttande og niande runde. Live-partier.

NSF sin kongress
Søndag 7. juli fra kl. 17.00 til nesten midnatt, var det kongress (årsmøte i NSF). Odd Helge og Sigve stilte for Masfjorden SK, den foreslåtte avtalen med Kindred vart nedstemt med stort fleirtal.

Nye ratinglister
FIDE har komen med nye ratinglister (1. juli). Sigve er på topp i vår klubb av aktive spelarar. Kasper (bilete) har størst framgang (lynrating) med +167 poeng sidan forrige liste 1. juni!

Sjakkleir og BGP-sigrar
Kasper og Jonathan har denne veka deltatt på sjakk- og idrettsleir på Sandsli, arrangert av Søråshøgda med primus motor Ole Valaker i spissen. Leiren starta måndag 24. og vart avslutta med BGP-turnering fredag 28. juni. Jonathan slo til med 7 av 7 poeng og siger i sin klasse og Kasper sigra med 6 av 7 poeng i lilleputt (slått saman med kadett). Resultatlister.

Bergen Onsdagshurtigsjakk juni 2019
Sigve med 3 av 4 poeng og andreplass i gr. A i hurtigsjakk onsdag 26. juni. Resultatlister. Sigve.

Chess Classics 2019 12.-20. juni
Odd (1709) tok turen til Bad Neuenahr i Tyskland for å delta i ei seniorturnering som ein av 61 spelarar i klasse 75+. Siger i første runde mot (2048)! Tap mot (1817) i andre runde, remis mot (1986) i tredje og tap mot (1967) i fjerde. Ein kjapp siger mot (1490) i femte søndag formiddag, remis mot (1727) i sjette mandag og remis mot (1716) i sjuande tirsdag. Siger i åttande mot (1751), og remis i niande og siste runde mot (1759). Resultatlister.

Odd: 1 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 = 5 av 9 poeng

Sigve sigra i Vestland kretsmesterskap 14.-16. juni
Etter siger i Vestlandslynet lørdag kveld, avslutta Sigve helga med ein ny siger søndag ettermiddag.
Med 4.5 av 5 poeng vart det førsteplass og KM-tittel i gr. A. Resultatlister. Sigve.

Vestlandslynet 2019 15. juni
10 runder lynsjakk på Sandsli. Sigve, KjetilKasper og Shjalg Ole stilte til start frå Masfjorden SK. Sigve (2027) sigra med 9 av 10 poeng, Kjetil (1835) på femte og Shjalg Ole (1484) på sjuande, begge med 6 poeng. Kasper (1038) på tiande med 5.5 poeng og ein ratingframgang på 50 poeng (til saman har han gått fram 167 poeng på dei to siste lynturneringane). Resultatliste.

Rosecupen 2019 15.-16. juni
Lisbeth tok turen til Molde og spelte i gr. A. Lørdag var det tre runder hurtig- (to tap og ein remis) og ein med langsjakk (remis), søndag to runder langsjakk (eit tap og ein siger). Resultatlister.

Sommerlyn 2-2019
Bergens arrangerte lynsjakk tirsdag 11.juni. Sigve spelte seg til andreplass med 6.5 av 9 poeng. Resultatliste.

Sommaravslutning 2019 10. juni
Heile 32 barn, unge og vaksne stilte til start i klubbturnering i hurtigsjakk og sommaravslutning i klubben. Det vart spelt 6 runder hurtigsjakk i to grupper, med innlagt matpause etter tredje runde. Det vart delt ut premiar og diplom for BGP/UGP 2018 (Roy André med førsteplass i klasse ungdom og Shjalg Ole på fjerdeplass i kadett).

Klubbturnering lynsjakk våren 2019:
Gruppe A: 1. Shjalg Ole  2. Roy André  3. Heine og Kasper.
Gruppe B: 1. Monir   2. Jonathan E.L.  3. Emil L.F.

Klubbturnering hurtigsjakk 10. juni
Gruppe A: 1. Shalg Ole 5 poeng. 2. Arn-Tore 5 poeng 3. Sondre 4.5 poeng.
Gruppe B: 1. Jonathan E.L. 5.5 poeng 2. Monir 5 poeng 3. Madelein 4.5 poeng.
Alle fekk pokal (heile resultatlista for hurtigsjakk og fleire bilete på facebooksidene)

Norway Chess Open 2019 7.-9. juni
Sigve (2053) deltok som ein av 55 spelarar i den åpne A-klassen i Stavanger. Det vart spelt 7 rundar, dei tre første rundane (fredag) var det hurtigsjakk og dei fire neste langsjakk. Det vart to sigrar og eit tap i hurtigsjakkdelen. Lørdag eit tap og ein siger, søndag siger mot (2181) i sjette runde og ein avsluttande siger mot (2055). Med 5 av 7 poeng vart det ein sterk åttandeplass. Resultatlister. Sigve. (foto Hanne Høysæter Sekkingstad)

Sigve: 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 1 = 5 av 7 poeng.

Norway Chess Open Blitz 2019 10. juni
Sigve (2028) spelte lynsjakk i gr. A måndag 10. juni. Resultatlister.

NM for klubblag 30. mai-2. juni
Masfjorden sjakklubb stilte som eit av 48 lag i NM i Drammen. Arn-Tore, Odd, Odd Helge, Lisbeth og Kasper kjempa om poeng i 6 runder. I første runde torsdag vart det eit ikkje uventa 0 - 4 tap mot andrerangerte SK 1911 (bilete), i andre runde fredag siger 3.5 - 0.5 mot Søråshøgda. Tap 1 - 3 mot Bodø i tredje runde og siger 2.5 - 1.5 mot Sotra i fjerde. I femte tap 0.5 - 3.5 mot Moss (Kasper imponerte med remis mot 1870), 2 - 2 i sjette runde mot Eiker. Lisbeth hadde best poengfangst med 2.5 av 3 poeng. Resultatliste. Masfjorden SK.

Drammen sjakkfestival lyn 31. mai
Kasper spelte 11 runder lynsjakk fredag formiddag. Med 7 av 11 poeng vart han nr. 12 av 56 i gr. B og andreplass i klasse 5 (bokpremie) + ein ratingframgang på 116 poeng! Resultatliste A. Resultatliste B. Kasper.

Bergens onsdagshurtigsjakk 29. mai
Sigve (1822) spelte seg til ein sterk siger i hurtigsjakk onsdag kveld. Med perfekt score, 4 av 4 poeng og m.a. siger mot IM Kjetil Stokke (2378). Resultatliste. Sigve.

8º Open Internacional Llucmajor 19.-26. mai
Odd (1709) tok turen til Mallorca for å spela sjakkturnering. Han stod over dei to første rundane og tapte mot ein rumenar (2104) i tredje. Siger i fjerde mot (1944), tap i femte mot (2126) og tap mot (1933) i sjette. Remis i sjuande og tap mot (1993) i åttande. I niande og siste runde siger mot (1527) = 2.5 av 7 poeng og opp omlag 10 ratingpoeng. Resultatliste. Odd.
 
Bergens SK dugnadslyn 3 21. mai
Sigve spelte seg til perfekt score med 9 av 9 poeng i dugnadslynturneringa tirsdag kveld. Resultatliste. Sigve.

Sandsli BGP søndag 5. mai
Søråshøgda arrangerte BGP-turnering på Sandsli (Ytrebygda kultursenter). Kristin, Alise og Mathea var med frå Masfjorden SKU. Resultatlister.

NM for skulelag 26.-28. april
Sandnes skule stilte lag i barneskuleklassen i Drammen siste helga i april. Kasper, Abed, Markus, Madelein og Ben George tok toget over fjellet for å kjempa om poeng.
I første av sju runder vart det eit knepent 1.5-2.5 tap, i andre 2.5-1.5 siger. I tredje runde tap 1-3, i fjerde runde vart det eit uventa og unødvendig 0-4 tap. Laget slo tilbake med siger 3.5-0.5 i femte runde. 2-2 i sjette runde, i sjuande og siste eit knepent 1.5-2.5 tap. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk 
Sigve spelte seg til 3 av 4 poeng og andreplass i gr. A onsdag 24. april. Resultatlister.

Fagernes Chess International 2019 14.-21. april
Sigve (2024) reiste til Fagernes og var med i den åpne GM-gruppa, i første runde spelte han remis mot IM Eirik Gullaksen (2324), Bergens. I andre runde mandag vart det tap mot IM Erlend Mikalsen (2396), Alta. Tirsdag var det to parti - i første vart det siger mot FM Daniel Nordquelle (2264), Nordstrand, i andre remis mot Olli Sisatto (2276), FIN. I femte runde onsdag vart det tap mot FM André Nielsen (2201), Alta. Torsdag spelte han remis mot Håkon Bentsen (2155), Molde. I sjuande runde fredag tap mot Jens E Ingebretsen (2300), Holmestrand. Lørdag sigra Sigve mot Morten Andersen (2223), DEN. I niande og siste runde siger mot WFM Anita Grønnestad (1954), Bergens. Alt i alt ei god turnering med 4.5 av 9 poeng, ratingprestajon på 2232 og 45 poeng opp i rating. Resultatlister. Sigve. Livebrett. (Bilete: Sigve i tredje parti., fotograf: Tom Eriksen, Sotra)

Fagernes Easter Blitz 2019
20. april
Sigve spelte seg til 5 av 9 poeng i lynsjakk i gr. A lørdag kveld. Resultatlister. Sigve.

Fagernes Easter Rapid 2019 18.-19. april
Sigve spelte seg til 4 av 6 poeng og tiandeplass av 40 spelarar. Han er nok ikkje heilt nøgd med første dag av hurtigsjakken, der det vart eit av tre poeng mot lågare rata motstand. Resultatliste. Sigve

Masfjorden Senter-BGP/UGP 6. april
Masfjorden SKU arrangerte BGP-turnering i samarbeid med Knarvik senter 6. april (Barn i fokus). Senteret sponsa premiane (alle fekk premie). Strilen (abo) var på besøk! Klassevinnarane: Ungdom: Roy André B. Bogevåg, Masfjorden. Kadett: Sondre Kjelby, Masfjorden. Lilleputt: Jonas Kleppe Borlaug, Sotra. Miniputt: Anna Ovidia Young, Sotra og Mikroputt: Bella Marie Young, Sotra. I tillegg var det 10-12 barn, unge og vaksne innom, dei stilte spørsmål og fekk spela mot medlemmer i Masfjorden SKU og kvarandre. Resultatlister: Masfjorden senter-BGP 2019.

 

Bergen onsdagshurtigsjakk 27. mars
Sigve spelte seg til førsteplass i gr. A med 3.5 av 4 poeng, dette var den andre onsdagshurtigsjakken i Bergens Schakklub i 2019. Resultatlister.

KM for skulelag lørdag 23. mars
Sandnes skule stilte med eit lag i barneskuleklassen i KM for skulelag på Liljevatnet skule. Kasper (4 av 6), Markus (2), Madelein (3.5) og Ben George (4) kjempa om poeng mot lag frå m.a. Bergen og Sotra. Laget spelte seg til niandeplass av 18 lag. Resultatliste.

Bad Wörishofen 15.-23. mars
Odd (Senior) og Helge (Open) reiste til Tyskland saman med 9 andre spelarar frå Norge. Odd er nok ikkje heilt nøgd med 3 av 9, sjølv om han møtte høgare rata i alle rundane. Helge spelte seg til 4.5 av 9. Resultatlister. Senior. Open.

Odd (1701):     0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 -  0 -  0   =   3 av 9 poeng
Helge (2118): 0.5 - 0 - 0.5 - 1  -  0  - 0.5 - 1 - 0.5 - 0.5 = 4.5 av 9 poeng

Årsmøte i Masfjorden SKU 7. mars
Referat frå årsmøte og styremøte finn du her (under medlemslistene).

Sørås Superonsdag 6. mars
Sigve spelte seg til andreplass i gr. A i hurtigsjakkturneringa onsdag kveld. Resultatlister.

Bergen Onsdagshurtigsjakk februar 2019
Sigve (1836) spelte seg til 3 av 4 poeng og andreplass, av 18 spelarar i gr. A, i februarutgåva av Bergens sine hurtigsjakkturneringar. Poengtapet kom mot vinnaren IM Kjetil Stokke (2378). Resultatlister.

Kragerø Resort Chess 2019
Sigve spelte sjakk i Kragerø i vinterferien (20.-24. februar). Han er nok ikkje heilt nøgd med 4 av 9 poeng i gr. Title, sjølv om det vart siger mot ein FM og IM og ein liten ratingframgang. Resultatliste.
I tillegg vart det arrangert ei tidshandicapturnering 22. februar, der spelte Sigve seg til 4 av 7 poeng.

Masfjorden Grand Prix 15.-17.02.19
Masfjorden sjakklubb arrangerte turnering for barn, unge og vaksne 15.-17. februar. Det vart spelt 5 runder langsjakk, eit parti fredag, to lørdag og to søndag.
Heimesiger i begge gruppene
Arn-Tore Haugsdal (t.h. på bilete) sigra i gr. A med perfekt score 5 av 5 poeng, FM Johannes L. Kvisla, SK 1911 på andre med 3.5 og Sigve Hølleland (t.v. på bilete) på tredje med 3. Afras Mansoor, Søråshøgda sigra i klasse 1 og Kjetil Andås i klasse 2.
Shjalg Ole Næss sigra i ei svært jamn gr. B (dei fire første spelte seg alle til 4 poeng).
Carl Erik Markhus, Sotra på andre og Sara Marie Skaug Bjørkly, Bergens på tredje.
Førsteplass i klasse 4 på Theo N Johannessen, Haukås og siger i klasse 5 til Heine Aa Tveranger. Resultatlister.

NSF sin hedersplakett
Lørdag kveld (5. januar) markerte presidenten i Norges Sjakkforbund, Morten L. Madsen, at forbundet i 2018 gjorde vedtak på at Odd Helge Birkestrand skulle tildelast NSF sin hedersplakett ("NSFs hedersplakett tildeles medlemmer som har utmerket seg i klubb og/eller krets, sjakklig og/eller administrativt").

I grunngjevinga for vedtaket var det mellom anna skrive om mange år som trenar, leiar, reiseleiar i inn- og utland og arrangør av sjakkturneringar og sjakkleirar.

Kulturprisen 2018
Masfjorden sjakklubb fekk 11. august sin andre kulturpris i Masfjorden kommune. Odd fekk den første i 1997, denne gongen fekk Odd Helge prisen for arbeidet som leiar (arrangement, heimesider mm), trenar og reiseleiar frå Alta i nord til London i sør. Odd Helge starta som spelar i klubben i 1978, etter utdanning på Austrheim (der han starta og leia sjakklubb i 2 år) og på austlandet vart han trenar/reiseleiar i 1986 og leiar i klubben sidan tidleg på 2000-talet.
(mammo fekk blomane, utan pappen og ho tviler me på at det hadde vore sjakklubb i Masfjorden dei siste førti åra - historikk 1978-2011).

Bergensjakk   Strilen.no (abo)  Masfjorden kommune

Her er svara Odd Helge gav til Strilen (alt dette kom ikkje med):
Eg starta som spelar i klubben då den vart stifta i 1978 (av Odd Birkestrand - leiar og trenar, Magnhild Vik - kasserar og Magne Haugsvær - styremedlem). Dei første åra vart det mange turar langs vestlandskysten på reise til turneringar med mammo som sjåfør. Så bar det ut i verda for å ta utdanning; først tre år på Austrheim vgs, der eg starta og leia sjakklubb i to år. Etter at utdanninga var ferdig i 1986, fekk eg jobb på Sandnes skule og vart engasjert som trenar i klubben - litt fordi me då kunne gje tilbod om sjakktrening til fleire enn dei pappen klarte aleina.
Noko av det kjekkaste med å læra andre å spela sjakk er å sjå kor glade dei blir når dei lærer seg ulike teknikkar for å vinna sjakkparti. Det handlar og om å få lov til å læra andre ein hobby som dei kan ha glede av resten av livet. Og ikkje minst at sjakk er veldig inkluderande; sjakk ser ikkje forskjell på alder og kjønn, om du er blind eller sit i rullestol (les nederst på sida Arkiv 1978-2011: "Sjakk er fantastisk").
Høgdepunkt er det fleire av; i ein periode var det omlag 100 medlemmar i klubben, me har arrangert fleire NM med stor suksess for klubben sosialt, økonomisk og sjakkleg. Og det har sjølvsagt vore kjekt å få vera med på å trena barn og unge som har blitt krinsmeistrar og ikkje minst noregsmeistrar for skulelag og jenter, les meir: http://www.masfjordensku.com/80774383
Det var veldig kjekt å få kulturprisen og alle gratulasjonane etterpå. Sjakkmiljøet er tufta på dugnad og eldsjeler, og å få anerkjenning for mange tusen timar med treningar, styremøte, arrangement av turneringar, sjakkleir, heimesider, facebooksider, og reiser som trenar/reiseleiar frå Alta i nord til London i sør gjer meg glad og litt stolt av det me har fått til i Masfjorden. At me i dag har medlemmar frå fem kommunar (Lindås, Modalen, Vaksdal, Gulen og Masfjorden), fortel vel og noko om at engasjementet vårt har nådd utanfor kommunegrensene (i "vaksenavdelinga" har me i tillegg medlemmar på Austrheim og Askøy, i Bergen, Fusa, Oslo og Trondheim).
Eit par høgdepunkt til: eg har fått mange gode venner i sjakkmiljøet og har dei siste åra treft igjen spelarar frå den tida eg starta å spela - både på turneringar i Norge og utanlands. Lillesøstra mi begynta tidleg å vinna over meg i sjakk (eg vart litt sur i starten), men veldig kjekt når ho vart den første vinnaren av NM for jenter og seinare spelte remis mot Susan Polgar i EM i Jugoslavia!
Og så er eg heilt sikker på at sjakk er ein god måte å læra å konsentrera seg på, du lærer fort at det å tapa er ein del av livet og dei fleste får eit sunt forhold til det. Det er fleire studier som viser at mange barn og unge har nytte av det dei lærer i sjakklubben i skulearbeidet.

USF sin medalje i gull
Odd fekk før siste runde i NM for klubblag tildelt USF sin medalje i gull (æresmedlem i USF) av leiar Johannes L. Kvisla. USF takka for det 40 år lange frivillige arbeidet med sjakk for barn og unge med vekt på å få fleire jenter med i sjakkmiljøet. Han nemnde og at Odd har vore trenar for to barneskulelag som sigra i NM, og fleire sigrar i NM for jenter. Les meir om NM-titlar her.

Tidlegare har Odd fått kulturprisen for m.a. sitt frivillige arbeid med fotball og sjakk for barn og unge i Masfjorden. Han har og fått tildelt kongen sin medalje i sølv for arbeidet på skulen og det same frivillige arbeidet i Masfjorden. Og Odd vart sjølvsagt det første æresmedlemmet i Masfjorden SKU - utnemnd i 2003 (25 års-jubileum). Historikk 1978-2011.

To nye æresmedlemmer i Masfjorden SKU
Før siste runde i lynsjakken vart Arn-Tore Haugsdal og Odd Helge Birkestrand tildelt æresmedlemsskap for sitt frivillige arbeid med barn og unge i Masfjorden SKU. Odd Birkestrand (æresmedlem sidan 2003) fekk eit gåvekort for arbeidet han har lagt ned for sjakklubben i 40 år!

Bilete: Odd og Odd Helge speler lynsjakk mot GM Jon Ludvig Hammer, resultat 0 - 2. Fotograf: Audun Hølleland

Jubileumslyn 17.2.18
40 spelarar + GM Jon Ludvig Hammer (spelte mot to i kvar runde med diverse tidshandicap) stilte til start i 10 runder lynsjakk (3min+2sek) lørdag kveld. Jon Ludvig sigra i 18 av 20 parti! Aleksander Fossan, Stavanger spelte seg til førstepremie, med Sander Fuglestein, Sevland på andre og Afras Mansoor, Søråshøgda på tredje. Beste masfjordspelar vart Sigve Hølleland på femteplass. Sigve var den einaste som sigra mot Aleksander - som til gjenjeld spurta sterkt, m.a. med siger mot Jon Ludvig. Resultatliste: Lynsjakk.

Arkiv 2018/17   Arkiv 2016/15   Arkiv 2014/13   Arkiv 2012/11   Arkiv 1978-2011