Hafs elektro & rør    Sparebanken Vest    Mowi Norway AS


Equinor (Mongstad) Frode Haugsvær Maskin AS  Sandnesbryggja       

Les meir om våre sponsorar
her.    Facebook: Masfjorden SKU - Masfjorden SK 


Masfjorden sjakklubb er først og fremst ein klubb for barn og unge (SKU), i tillegg har me vaksne medlemmar (SK) som speler lagsjakk og individuelle turneringar i inn- og utland. Me har treningar for barn og unge i Masfjorden og Modalen, me held kurs og me arrangerer turneringar for barn, unge og vaksne.

Turneringsinfo
Bergen spillfestival
Spillfestivalen 2020 starter 31. juli. Program.

Junisjakken i Bergen 2020
Sigve sigra med 4 av 4 poeng i langsjakk i Bergen. Resultatlister.

NM for jenter 28.2 - 1.3 i Bergen
Madelein og Meryem var med frå Masfjorden SKU i klasse miniputt
. Resultatlister.

Kragerø Resort Chess 2020 19.-23. februar
Sigve (2076) spelte i Title Group i den internasjonale turneringa i Kragerø, han imponerte stort i dei seks første av 9 runder. Remis mot IM Johannes Haug (2426) i første og siger mot ein lavare rata (1966) spelar i andre. I tredje runde siger mot FM Andreas G Tryggestad (2380), tap i fjerde mot IM Benjamin Haldorsen (2462). Siger mot GM Jha Sriram (2383) i femte og siger i sjette mot GM Helgi Ass Gretarsson (2403). Det vart tap mot IM Kristian Stuvik Holm (2467) i sjuande og tap i åttande mot IM Lars Oskar Hauge (2472). Det kunne blitt IM napp med siger i niande og siste runde, desverre blei det tap mot WFM Viktoria Radeva (2320). Alt i alt ei flott turnering av Sigve med ratingframgang på 57 poeng og prestasjon på 2364. Sigve. Resultatlister.

Festival International Go-Makkah de Djerba-Open 16.-23. februar
Arn-Tore var i Tunisia og spelte sjakk som ein del av turen. Resultatliste.

Masfjorden Grand Prix 14. - 16. februar
Turneringa hadde 38 spelarar fordelt på 3 grupper. I gr A sigra FM Joachim Solberg (2241), Alta med 4 av 5 poeng, IM Erlend Mikalsen (2364), Alta på andre og Afras Mansoor (2105), Søråshøgda på tredje - begge med 3.5 poeng. Markus Westvik (1344), Søråshøgda sigra i gr B med 4 av 5 poeng, Shjalg Ole Næss (1607), Masfjorden på andre og David Hellesøy (1316), Folgefonn på tredje spelte seg begge til 3.5 poeng. Alexander Aasen (1223), Haukås sigra i gr C med 4 av 5 poeng, på andreplass med samme poengsum kom Siver Flaten (-), Søråshøgda og på tredjeplass Brian Mapakamise (-), Masfjorden/ZIM med 3.5 poeng (bilete av dei tre beste i gr C).  Resultatlister.

Masfjorden Lyn 2020 lørdag 15. februar
Lørdag kveld vart det spelt 10 runder Fide-rata lynsjakk, med heile 39 spelarar i ei gruppe. IM Erlend Mikalsen (2368) sigra på kvalitet med 9 poeng, IM Kjetil Stokke (2387) på andreplass og FM Joachim Solberg (2330) på tredje med 7.5 poeng. Joakim Aasen (1720) imponerte med fjerdeplass og ein ratingframgang på 86 poeng. Heine Aa Tveranger (1357) vart beste masfjordspelar på niandeplass med 6 poeng og ein ratingframgang på 77 poeng. Brian Mapakamise vart beste urata spelar med 5 poeng og ratingprestasjon (1450). Resultatliste.

Hurtigsjakk lørdag 15. februar
Jonathan E. Larsen sigra, Jonathan Gravdal på andre og Bella Marie Young på tredje av 16 spelarar i yngste gruppe. Shjalg Ole Næss sigra i eldste (spelarar med rating) gruppe. Resultatlister.

Sørås Superonsdag 5. februar
Odd i gr. A og Roy André i gr. B spelte hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 3.5 av 5 poeng og fjerdeplass (same poengsum som andre- og tredjeplass). Resultatlister.

Vestlandsserien 2019/20
Resultatliste for Masfjorden 1 og 2: Vestlandsserien.

NM i lynsjakk 10. januar
Sigve (gr. A) og Kasper (gr. B) spelte 9 runder i NM i lynsjakk i Drammen fredag kveld.
Kasper (1295) imponerte med ein 13. plass av 167 i gr. B (5. plass i klasse 3), han spelte seg til 6.5 poeng mot eit ratingsnitt på (1703) og auka eigen rating med 113 poeng! 
Sigve (1949) spelte seg til 5 poeng og 4. plass i klasse 1 ( 38. plass av 98 i gr. A).

LynsjakkResultatliste AResultatliste B. Resultatliste C.

NM i hurtigsjakk 11.-12. januar
Lørdag og søndag var det 10 runder i NM i hurtigsjakk (det var over 400 spelarar påmeldt i begge turneringane).
Kasper (1124) spelte seg til 3.5 av 10 poeng i gr. B og ein ratingframgang på 54 poeng. Sigve (1846) spelte seg til 5.5 poeng i gr. A og Ola (-) 2.5 poeng i gr. C.

HurtigsjakkResultatliste A. Resultatliste BResultatliste C.

Søråshøgda Superonsdag 8. januar
Sigve (gr. A) og Roy André (gr. B) spelte fem runder hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 4 av 5 poeng, tredjeplass av 24, pengepremie og ratingframgang. Sigve spelte seg til 4 av 5 poeng, fjerdeplass av 18 og pengepremie. Rekordmange 42 spelarar stiller til start på Søråshøgda skole. Resultatlister.

Bergens desemberlyn 2 10. des
Sigve spelte seg til ny siger med 6.5 av 7 poeng i lynsjakk tirsdag kveld, etter mellom anna siger mot IM Kjetil Stokke
. Resultatliste.

Juleavslutning 2019
Lørdag 7. desember arrangerte klubben juleavslutning med hurtigsjakk, julegraut, pepperkaker og premieutdeling. 16 barn og unge var på plass i gymsalen på Sandnes skule, dei spelte 6 runder hurtigsjakk med matpause etter 3 parti. Til slutt var det premieutdeling for hurtigsjakken (på bilete det avgjerande partiet mellom Kasper og Shjalg Ole i sjette runde) og lynsjakk hausten 2019. Førsteplassen i yngste gruppe i lynsjakk vart avgjort med stikkamp mellom Jonathan L og Monir med 2 - 1 siger til Jonathan.

Resultatlister
Lynsjakk A                                Lynsjakk B                     Hurtigsjakk 7. des
1. Kasper        117 poeng          1. Jonathan  54 poeng     1. Kasper        5 poeng
2. Roy André   74                     2. Monir       54               2. Shjalg Ole   4.5
3. Heine           62                     3. Madelein  52               3. Jonathan G   4.5
+ 5 spelarar                               + 10 spelarar                   + 13 spelarar Resultatliste.

Bergens desemberlyn 1 3. des
Sigve sigra med 7 av 8 poeng i lynsjakk tirsdag kveld. Resultatliste.

Senior VM 12.-23. nov
Odd tok turen til Bucuresti saman med 12 andre norske spelarar for å kjempa om poeng i VM for seniorar. Alle spelte i klasse M65. Det vart tap mot ein FM i første runde av 11. Etter tre innleiande tap, vart det siger i fjerde og femte runde. Det vart tap i runde seks, sju og åtte, siger i niande. Odd avslutta med tap i tiande og siger i ellevte, med 4 av 11 poeng eit resultat litt lågare enn forventa.  Resultatliste. Odd. NOR.

Bergen Grand Prix 15.-17. nov
Sigve stilte til start i gr. A i Bergen. Pga begrensinger på antall deltakarar på Nordnes Bydelshus var han den einaste masfjordspelaren denne gongen. Resultatlister.

Vestlandsserien 2.-3. nov
Vestlandsserien starta med 3 runder denne helga, to lørdag og ein søndag. Masfjorden har denne sesongen med to lag, eit i førstedivisjon og eit andredivisjon (2A). Masfjorden 1 opna med tap mot Haukås 1 og siger mot Bergens 3 lørdag, og tap mot Sotra 1 søndag. Andrelaget hadde w.o. i første og tapte mot Søråshøgda 3 i andre. Søndag sigra andrelaget med solide 3.5-0.5 mot Løperen. Seriesjakken blir avslutta helga 17.-19. januar. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk 30. okt
Sigve med perfekt score onsdag kveld med 5 av 5 poeng i gr. A. Resultatliste.

KM for ungdom søndag 20. okt.
Ni spelarar frå Masfjorden SKU stilte i 5 ulike årsklassar i KM for ungdom på Skranevatnet skole (Heine, Kasper, Abed, Jonathan G., Aya, Kristin, Anders, Madelein og Monir). Ingen av våre kjempa heilt i toppen i sine klassar. Kasper med fjerdeplass i gr. C og Jonathan på sjette i gr. D var dei beste prestasjonane av våre (på bilete er dei yngste klar for premieutdeling). Resultatlister.

NM for
seniorar 5. og 6. okt.
Odd spelte NM i hurtigsjakk for senior i gr. 65+ lørdag og søndag. Pga. lågt deltakartal var dei slått saman med 50+ (premiert kvar for seg). Odd spelte seg til 5 av 9 poeng og fjerdeplass. Resultatliste.

Oktoberfest Lyn 4. okt.
Sigve spelte lynsjakkturneringa på Sandsli fredag kveld. Resultatliste.
Etter lynsjakk, spelte Sigva Hansasjakk-turnering. Resultatliste.

Sørås SuperOktober 2. okt.
Odd og Kasper spelte 10 runder lynsjakk i gr. A på Søråshøgda skole. Begge tok 4.5 poeng og Kasper auka lynratinga med 45 poeng. Roy André og Markus spelte 9 runder i gr. B, Roy André spelte seg til 6 poeng og sjetteplass av 23. Resultatlister.

Schleswig-Holstein Senior 19.-27. sept.
Odd (1731) reiste til Tyskland saman med sju andre nordmenn for å spela seniorturnering. I første runde slo han til med siger mot ein tyskar med (2038) i rating, remis mot (2009) i andre. Mot den tredje 2000+ spelaren på rad vart det tap. Tap i fjerde og remis i femte, begge parti mot høgare rata motstand. Siger mot lågare rata i sjette runde og siger mot (1894) i sjuande. Tap mot (1972) i åttande og remis mot (1924) i niande og siste runde fredag. Med 40 nye ratingpoeng med seg i kofferten og plassering 50 plassar høgare enn rangert, ser dette ut til å vera ei av dei beste turneringane dei siste åra! Resultatliste. Odd. NOR.

Sørås SuperSeptember 4. sept.
Odd (gr. A), Kasper (gr. B) og Roy André (gr. B) spelte 9 runder lynsjakk på Sandsli. Kasper med perfekt score i gr. B, 9 av 9 poeng, førsteplass og pengepremie. Resultatlister.

Langsjakk for barn og unge på Sotra 31. aug - 1. sept.

Siger i onsdagshurtigsjakk - august 2019
Sigve sigra på kvalitet med 4 av 5 poeng i Bergens si hurtigsjakkturnering onsdag 28. aug. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 6-2019 20. aug.
Sigve spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Resultatliste.

Bergen Sommerlyn 5-2019 13. aug.
Sigve, Odd og Kasper spelte lynsjakk i Bergen tirsdag kveld. Sigve vart best av masfjordspelarane med 6 poeng og tredjeplass, Kasper 4 og Odd 3 poeng. Resultatliste.

Hell Chess International 3.-11. aug. og RTU Open 5.-11. aug.
Yngve (1864) stod over dei tre første rundane i Trondheim. Han opna med tap mot ein høgare rata motstandar i fjerde og siger i femte. Tap i sjette mot (2159) og siger i sjuande, men avslutta med tap i åttande, niande og tiande runde. Resultatliste.
Odd Helge (1614) reiste til Riga og spelte 6 runder (+ ein w.o.) i RTU Open i gruppe B. Han opna med tap mot 2000+ og to lågare rata. Etter ein tung start vart det siger i fjerde runde, men tilbake til avsluttande tap i femte og sjette (stod over dei to siste rundane). Resultatliste.
Tre nordmenn i gruppe A (GM Tari, GM Salomon og M. Machlik), resultatlisteNOR.

Bergen Sommerlyn 4-2019 6. aug.
Sigve, Odd, Roy André og Kasper spelte lynsjakk tirsdag kveld. Sigve på tredjeplass med 6.5 av 9 poeng (sigra mot dei to som kom på første- og andreplass). Odd 4.5, Roy André 4 og Kasper 3.5 poeng. Resultatliste.

Bergen Spillfestival 26.7 - 4.8
Det vart arrangert ei rekke sjakkturneringar under spelfestivalen. Sigve spelte i fleire av dei m.a.; Bergen Sommer Lyn-NGP 27. aug og Bergen Sommer Hurtig-NGP 28. aug., Sigve med 4 av 6 poeng og siger i klasse 1 i hurtigsjakk!
Måndag 29. juli starta Bergen Sommer Super-NGP med 3 runder hurtigsjakk (Sigve 1.5 poeng), det var langsjakk dei tre neste dagane.
Du finn rapportar og lenke til bilete på Bergens sine heimesider.

Landsturnering 5.-13. juli
Sigve (2092) var den einaste frå Masfjorden SK som var med i Landsturneringa i år, han spelte i klasse Mester og sigra i første runde lørdag 6. juli. I andre runde søndag siger mot FM Ole C. Moen (2234), tap i tredje runde mot FM Anders Hobber (2294). eit tap og ein siger i fjerde og femte runde. Siger i sjette mot FM Gunnar Lund (2285) og remis i sjuande mot (2215). Det vart tap i åttande og niande runde. Live-partier.

NSF sin hedersplakett
Lørdag kveld (5. januar) markerte presidenten i Norges Sjakkforbund, Morten L. Madsen, at forbundet i 2018 gjorde vedtak på at Odd Helge Birkestrand skulle tildelast NSF sin hedersplakett ("NSFs hedersplakett tildeles medlemmer som har utmerket seg i klubb og/eller krets, sjakklig og/eller administrativt").

I grunngjevinga for vedtaket var det mellom anna skrive om mange år som trenar, leiar, reiseleiar i inn- og utland og arrangør av sjakkturneringar og sjakkleirar.

Kulturprisen 2018
Masfjorden sjakklubb fekk 11. august sin andre kulturpris i Masfjorden kommune. Odd fekk den første i 1997, denne gongen fekk Odd Helge prisen for arbeidet som leiar (arrangement, heimesider mm), trenar og reiseleiar frå Alta i nord til London i sør. Odd Helge starta som spelar i klubben i 1978, etter utdanning på Austrheim (der han starta og leia sjakklubb i 2 år) og på austlandet vart han trenar/reiseleiar i 1986 og leiar i klubben sidan tidleg på 2000-talet.
(mammo fekk blomane, utan pappen og ho tviler me på at det hadde vore sjakklubb i Masfjorden dei siste førti åra - historikk 1978-2011).

Bergensjakk   Strilen.no (abo)  Masfjorden kommune

Her er svara Odd Helge gav til Strilen (alt dette kom ikkje med):
Eg starta som spelar i klubben då den vart stifta i 1978 (av Odd Birkestrand - leiar og trenar, Magnhild Vik - kasserar og Magne Haugsvær - styremedlem). Dei første åra vart det mange turar langs vestlandskysten på reise til turneringar med mammo som sjåfør. Så bar det ut i verda for å ta utdanning; først tre år på Austrheim vgs, der eg starta og leia sjakklubb i to år. Etter at utdanninga var ferdig i 1986, fekk eg jobb på Sandnes skule og vart engasjert som trenar i klubben - litt fordi me då kunne gje tilbod om sjakktrening til fleire enn dei pappen klarte aleina.
Noko av det kjekkaste med å læra andre å spela sjakk er å sjå kor glade dei blir når dei lærer seg ulike teknikkar for å vinna sjakkparti. Det handlar og om å få lov til å læra andre ein hobby som dei kan ha glede av resten av livet. Og ikkje minst at sjakk er veldig inkluderande; sjakk ser ikkje forskjell på alder og kjønn, om du er blind eller sit i rullestol (les nederst på sida Arkiv 1978-2011: "Sjakk er fantastisk").
Høgdepunkt er det fleire av; i ein periode var det omlag 100 medlemmar i klubben, me har arrangert fleire NM med stor suksess for klubben sosialt, økonomisk og sjakkleg. Og det har sjølvsagt vore kjekt å få vera med på å trena barn og unge som har blitt krinsmeistrar og ikkje minst noregsmeistrar for skulelag og jenter, les meir: http://www.masfjordensku.com/80774383
Det var veldig kjekt å få kulturprisen og alle gratulasjonane etterpå. Sjakkmiljøet er tufta på dugnad og eldsjeler, og å få anerkjenning for mange tusen timar med treningar, styremøte, arrangement av turneringar, sjakkleir, heimesider, facebooksider, og reiser som trenar/reiseleiar frå Alta i nord til London i sør gjer meg glad og litt stolt av det me har fått til i Masfjorden. At me i dag har medlemmar frå fem kommunar (Lindås, Modalen, Vaksdal, Gulen og Masfjorden), fortel vel og noko om at engasjementet vårt har nådd utanfor kommunegrensene (i "vaksenavdelinga" har me i tillegg medlemmar på Austrheim og Askøy, i Bergen, Fusa, Oslo og Trondheim).
Eit par høgdepunkt til: eg har fått mange gode venner i sjakkmiljøet og har dei siste åra treft igjen spelarar frå den tida eg starta å spela - både på turneringar i Norge og utanlands. Lillesøstra mi begynta tidleg å vinna over meg i sjakk (eg vart litt sur i starten), men veldig kjekt når ho vart den første vinnaren av NM for jenter og seinare spelte remis mot Susan Polgar i EM i Jugoslavia!
Og så er eg heilt sikker på at sjakk er ein god måte å læra å konsentrera seg på, du lærer fort at det å tapa er ein del av livet og dei fleste får eit sunt forhold til det. Det er fleire studier som viser at mange barn og unge har nytte av det dei lærer i sjakklubben i skulearbeidet.

USF sin medalje i gull
Odd fekk før siste runde i NM for klubblag tildelt USF sin medalje i gull (æresmedlem i USF) av leiar Johannes L. Kvisla. USF takka for det 40 år lange frivillige arbeidet med sjakk for barn og unge med vekt på å få fleire jenter med i sjakkmiljøet. Han nemnde og at Odd har vore trenar for to barneskulelag som sigra i NM, og fleire sigrar i NM for jenter. Les meir om NM-titlar her.

Tidlegare har Odd fått kulturprisen for m.a. sitt frivillige arbeid med fotball og sjakk for barn og unge i Masfjorden. Han har og fått tildelt kongen sin medalje i sølv for arbeidet på skulen og det same frivillige arbeidet i Masfjorden. Og Odd vart sjølvsagt det første æresmedlemmet i Masfjorden SKU - utnemnd i 2003 (25 års-jubileum). Historikk 1978-2011.

To nye æresmedlemmer i Masfjorden SKU
Før siste runde i lynsjakken vart Arn-Tore Haugsdal og Odd Helge Birkestrand tildelt æresmedlemsskap for sitt frivillige arbeid med barn og unge i Masfjorden SKU. Odd Birkestrand (æresmedlem sidan 2003) fekk eit gåvekort for arbeidet han har lagt ned for sjakklubben i 40 år!

Bilete: Odd og Odd Helge speler lynsjakk mot GM Jon Ludvig Hammer, resultat 0 - 2. Fotograf: Audun Hølleland

Jubileumslyn 17.2.18
40 spelarar + GM Jon Ludvig Hammer (spelte mot to i kvar runde med diverse tidshandicap) stilte til start i 10 runder lynsjakk (3min+2sek) lørdag kveld. Jon Ludvig sigra i 18 av 20 parti! Aleksander Fossan, Stavanger spelte seg til førstepremie, med Sander Fuglestein, Sevland på andre og Afras Mansoor, Søråshøgda på tredje. Beste masfjordspelar vart Sigve Hølleland på femteplass. Sigve var den einaste som sigra mot Aleksander - som til gjenjeld spurta sterkt, m.a. med siger mot Jon Ludvig. Resultatliste: Lynsjakk.

Arkiv 2018/17   Arkiv 2016/15   Arkiv 2014/13   Arkiv 2012/11   Arkiv 1978-2011